Friedrich Overbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Overbeck

Statsborgarskap Lübeck
Fødd 3. juli 1789
Lübeck
Død

12. november 1869 (80 år)
Roma

Yrke kunstmålar, illustratør, skribent, lyrikar, teiknar, kunstnar
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Far Christian Adolph Overbeck
Friedrich Overbeck på Commons
Sjølvportrett med familie, ca. 1820
Påskemorgon, ca. 1818
Italia og Germania, 1828

Johann Friedrich Overbeck (3. juli 178912. november 1869) var ein tysk målar, teiknar og illustratør, fødd i Lübeck. Bileta hans viser hovudsakleg historiske og religiøse motiv. Saman med mellom andre Peter von Cornelius og Franz Pforr skapte han målargruppa nasarenane.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far hans var borgarmeister i Lübeck. Sjølv reiste han frå heimbyen i mars 1806 for å studere ved kunstkademiet i Wien. På den tid vart kunstakademiet leia av Heinrich Füger, ein målar som hadde gått i lære hos den franske nyklassistiske målaren Jacques-Louis David.

Under studiane tok Overbeck til å harmast over det han opplevde som mangel på ånd og religiøsitet i dei tema om læremeistrane valde ut. Sjølv søkte han mot ein kristlegsinna kunst, mot kunstutrykk frå tida før det han såg som øydeleggande påverknad frå sein-renessansen av. Samtidige kunstretningar vraka han og let seg i staden rettleie av tidlege renessansemålarar opp til og med Rafael.

Etter fire år og stigande motsetningar mellom Overbeck og gruppa hans, vart han utvist frå kunstakademiet i 1810. Han reiste då til Roma, med seg hadde han det halvferdige lerretsmåleriet Kristi inngang i Jerusalem.

Resten av livet arbeidde Overbeck for det meste i Roma. Omkring seg hadde han likesinna målarar i Peter von Cornelius, Wilhelm von Schadow og Philipp Veit. Dei fann seg hus i det gamle fransiskanar-klosteret San Isidoro. Med tida fekk dei tilnamnet nasarenane. Rettesnora for dei var hardt arbeid og heilagt levevis. Dei heldt seg strengt til den målemåten og dei framstillingane av den enkle naturen, og samstundes seriøse biletkunsten, som Perugino, Pinturicchio, Francesco Francia og den unge Rafael hadde nytta. Karakteristisk for stilen er edel ide, presisjon og skarp strek, samt skolastisk komposisjon. Lys, skugge og farge vart ikkje nytta for å skape ynde, men for at sjåaren lettare skulle nærme seg motivet. I 1813 gjekk Overbeck over til katolisismen.

Gjennombrotet for Overbeck kom i 1817, etter ei utstilling av verka hans i Roma. Han fekk då, saman med Cornelius, Veit og Schadow, i oppdrag å måle huset til den rike, prøyssiske sendemannen i Roma, Jakob Salomon Bartholdy. Sjølv måla han eit sju kvadratmeter stort freskomåleri med hendingar frå soga om Josef og brørne hans.

Perioden 1817-28 var Overbeck, i lag med Cornelius, Veit og Julius Schnorr mykje oppteken med å dekorere veggar og takhimlingar i Casino Massimo i Roma. Her låg litterære verk av Torquato Tasso, Dante Alighieri og Ludovico Ariosto til grunn for freskoane. Overbeck illustrerte mellom anna Tasso sitt dikt Det frigjorde Jerusalem.

I 1828 måla Overbeck biletet Italia og Germania, eit hovudverk i hans produksjon. Måleriet er ein allegori over tilhøvet mellom dei to kulturane, den italienske og den tyske. Upåverka av samtidige kunstretningar heldt han fram å måle i den såkalla nasarenske stilen, noko det veldige verket Religionens triumf i kunsten frå 1840, er eit framifrå døme på.

Han døydde i Roma i 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]