Friedrich Paschen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Friedrich Paschen
Friedrich Paschen Physiker.jpg
Fødd 22. januar 1865
Schwerin
Død 25. februar 1947 (82 år)
Potsdam

Friedrich Louis Carl Heinrich Paschen (22. januar 186525. februar 1947) var ein tysk fysikar.

Frå 1901 til 1921 var han professor i Tübingen, og frå 1921 til 1924 i Bonn. Han var så president for Physikalisch-Technische Reichsanstalt og professor ved universitetet i Berlin til han i 1933 vart avsett av Adolf Hitler. Paschen gjorde grunnleggjande arbeid i spektroskopien. Han fann ein serie i hydrogenspekteret, paschenserien, og gjorde ei mengd presisjonsavgjersler av bølgjelengdene til spektrallinjer. Han oppdaga saman med E. Back den såkalla Paschen–Back-effekten for oppsplitting av spektrallinjer i særs sterke magnetfelt. Målingane hans av energifordelinga i varmestrålinga gav det eksperimentelle grunnlaget for Plancks kvanteteori. Til desse målingane konstruerte han eit nytt, svært kjenslevart galvanometer, paschengalvanometeret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]