Friedrich Reinhold Kreutzwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Friedrich Reinhold Kreutzwald

Friedrich Reinhold Kreutzwald (26. desember 180325. august 1882) var ein estisk folkeminnesamlar og diktar.

Freidrich R. Kreutzwald var fødd i Jõepere. Alt som student byrja han å skrive ned estiske viser og andre tradisjonar. På 1830 - 1850-talet publiserte han avhandlingar om estisk historie og tradisjoner og fekk etter at Friedrich Robert Faehlmann døydde i oppdrag av Estnische Gelehrte Gesellschaft (Õpetatud Eesti Selts) å samle inn og offentleggjere tradisjonane om Kalevipoeg. Verket hans vart utgjeve som vitskaplege avhandlingar mellom 1857 og 1861 med tekster på estisk og med tysk omsetjing. Han følgde Elias Lönnrots eksempel ved samanstillinga av Kalevala, slik at han prøvde å setje saman ein heilskap av dei fragmenta dei hadde samla inn. Slik at han kunne gjengi i verseform tradisjonar ein berre hadde i prosaform som segner. Arbeidet hans har liten vitskapleg verdi, men det har hatt stor nasjonal verdi for estarane.

Han gav også ut ei samling estiske folkeeventyr og segner, "Eesti rahwa ennemuistesed juttud" (1866).

Andre halvdelen av 1800-talet var den tida da det nasjonale estiske skriftspråket tok form. Takka vere Kreutzwalds arbeid vart det gjennomført eit nytt rettskrivingssystem tilrådd av av E. Ahrens og finnen A. I. Arwidsson.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]