Friedrich Robert Faehlmann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Robert Faehlmann (eller F. R. Fählmann), (31. desember 1798–22. april 1850) var ein estisk forfattar, språkforskar, folkeminnesamlar og lækjar som arbeidde som lektor ved universitetet i Dorpat. Faehlmann publiserte forsking om estisk rettskriving og grammatikk, og han samla estisk folkedikting.
På Faehlmanns initiativ vart «Gelehrte Estnische Gesellschaft» (Õpetatud Eesti Selts) grunnlagt i 1838. I nasjonalromantikkens ånd føddest her tanken om å skape eit nasjonalt heltedikt. Dette vart grunnlaget for det estiske nasjonaleposet Kalevipoeg, som Friedrich Reinhold Kreutzwald ferdigstilte i åra 1857-61.
Faehlmanns samla verk vart utgjevne i 1915/1921.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Friedrich Robert Faehlmann» frå Wikipedia på svensk, den 13. april 2009.