Friedrich Sämisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.

Friedrich (Fritz) Sämisch (20. september 189616. august 1975), fødd og død i Berlin, var ein tysk stormeister i sjakk. Han var blant dei første 27 som Verdssjakkforbundet FIDE utnemnde til stormeister i sjakk i 1950, i hans tilfelle for sterke turneringsresultat på 1920-talet.

Utvalde turneringsresultat[endre | endre wikiteksten]

I 1922 vann han ein tvikamp i Berlin mot Réti (+ 4 – 1 = 3).

Det er mogleg at det best kjende Sämisch-partiet er eit han tapte, mot Nimzowitsch i København i 1923, det såkalla udødelege trekktvang-partiet. Men han hadde også mange vakre vinstparti, eit av dei var sigeren mot Grünfeld i Carlsbad 1929, som han fekk ein venleikspris for. I same turneringa vann han også mot den tidlegare verdsmeistaren i sjakk Capablanca. Cubanaren miste ein offiser i opninga, men gav likevel ikkje opp - noko som er vanleg i sjakkparti mellom spelarar på dette nivået. Sämisch rodde likevel sigeren i hamn.

Då han var 73 spelte Sämisch i Adolf Anderssen minneturnering i Büsum, Tyskland, og deretter i ei turnering i Linköping, Sverige - men tapte alle partia i begge turneringane fordi han overskreid tenketida si i partia.

Opningsteori[endre | endre wikiteksten]

Sämisch er i dag mest kjend for to viktige bidrag i sjakkopningsteori. To viktige variantar har hans namn, og blir altså begge kalla Sämisch-varianten:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]