Friedrich Wilhelm von Seydlitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Wilhelm von Seydlitz

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 3. februar 1721
Kalkar
Død

27. august 1773 (52 år)
Oława

Yrke militær, militær befalingshavende
Språk tysk
Friedrich Wilhelm von Seydlitz på Commons
Friedrich Wilhelm von Seydlitz

Friedrich Wilhelm Freiherr von Seydlitz (3. februar 172127. august 1773) var ein prøyssisk soldat og ein av dei største tyske kavalerigeneralane.

Han jobba tidleg som bod i hoffet til markgreve Fredrik Vilhelm av Brandenburg-Schwedt, som hadde vore oberst for faren. Hos markgreven fekk Seydlitz ein kjærleik for tobakk, kvinner og vill ridekunst.[1] Han vart ein særs flink ryttar og det gjekk mange soger om kunststykka hans. Mellom anna skal han ha ridd mellom vengjene på ei vindmølle i full sving.

I 1740 vart Seydlitz fenrik hos markgreven i eit regiment av prøyssiske kyrasérar. Han tente som lågare offiser i den første schlesiske krigen og vart teken til fange i mai 1742 etter så galant forsvar at kong Fredrik II av Preussen tilbaud å byte han mot ein austerriksk kaptein. I 1743 gjorde kongen han til kaptein av dei 4. hussarane og han gjorde skvadronen sin særs effektiv. Han tente gjennom den andre schlesiske krigen og etter slaget ved Hohenfriedberg vart han forfremma til major, berre 24 år gammal.

Mot slutten av krigen fekk Seydlitz høve til å kommandere 15 skvadronar føre fienden, og dette var mellom anna medverkande til at han vart forfremma til oberstløytnant i 1752. I 1753 fekk han kommando over dei 8. kyrasérane. Under hans kommando vart dette regimentet raskt ein modellf or resten av den prøyssiske hæren. I 1755 vart han oberst.

Året etter braut sjuårskrigen ut. I 1757 rykte han regimentet sitt fram i lag med dei avanserande soldatane ved slaget ved Praha, noko som var uvanleg då tungkavaleri vanlegvis vert nytta som reservar. Han mista nesten livet i dette tilfellet då han ridde gjennom ei myr. I slaget ved Kolin utmerkte han seg òg som leiar av ein kavaleribrigade der han vart forfølgd av austerrikarane. To dagar seinare gjorde kongen han til generalmajor og gav han Pour le Mérite-ordenen.

Morgonen ved slaget ved Rossbach sette Fredrik han føre to eldre generalar og gav han kommandoen over heile kavaleriet sitt. Resultat av slaget vart ein knusande siger og berre sju bataljonar i armeen til Fredrik hadde avfyrt skot. Resten av arbeidet hadde Seydlitz og dei 38 skvadronane hans gjort. Same kveld gav kongen han Den svarte ørn-ordenen og forfremma hans til generalløytnant. Under kampane hadde han derimot vorte skadd og måtte halde seg i ro dei neste fire månadane.[2]

Seydlitz kom tilbake til kongen i 1758 og i slaget ved Zorndorf redda kavaleriet til Seydlitz igjen dagen. I Hochkirch, med 108 skvadronar, dekte han den prøyssiske tilbaketrekkinga og i katastrofen i Kunersdorf vart han alvorleg skadd i eit håplaust forsøk på storme ein ås full av russarar. Under rekonvalesensen gifta han seg med grevinne Albertine Hacke. Han kom tilbake til hæren i mai 1760, men helsa hans var då så dårleg at Fredrik sende han heim igjen.

Først i 1761 kom Seydlitz tilbake til fronten. Han kommandert eno ein flanke av armeen til Prins Henrik, som bestod av soldatar frå mange forskjellige våpen og mange tvilte på kor godt Seydlitz høvde som kommandant, sidan han til no berre hadde kommandert kavaleristar. Han svarte på kritikken med handlingane sine i Freiberg den 29. oktober 1762 der han først leia infanteriet sitt og så kavaleriet, og redda dagen. Etter Hubertusburg-traktaten vart han generalinspektør i kavaleriet i Schelsien, der elleve regiment var permanent stasjonerte. Fredrik sende dei mest lovande offiserane til han for opplæring.

I 1767 vart Seydlitz general for kavaleriet, men i seinare år var livet hans prega av ulukke. Kona hans var utru og dei to døtrene hans hadde begge skild seg frå mennene sine. På grunn av misforståingar kom han på kant med kongen, som ein gong hadde vore ein nær ven, og det var først då han var sjuk, eit par veker før han døydde, at dei møttest igjen. Seydlitz døydde i Ohlau i 1773.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Duffy, op. cit., s. 136
  2. Duffy, op. cit., s. 144

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]