Friidrett under Sommar-OL 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estadio Olimpico Universitario

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1968 i Mexico by vart avvikla i tida 13. til 20. oktober 1968. Det vart tevla i 36 øvingar, 24 for menn og 12 for kvinner. 1031 utøvarar frå 93 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Estadio Olímpico Universitario, eit anlegg byg i 1952 som i dag har plass til vel 63 000 tilskodarar.

I den store høgda, 2 200 meter over havet, vart det sett ei rad med verdsrekordar. Særleg i sprintøvingane og øvingane for menn vart mange verdsrekordar forbetra. Den olympiske meisteren på 100 meter, Jim Hines frå USA, tangerte den offisielle verdsrekorden på manuell tid med 9,9 sekundar, og vart samstundes med 9,95 den fyrste som fekk registrert ei elektronisk tid under 10,00 på distansen. På kvinnene sin 100 meter forsvarte Wyomia Tyus frå USA OL-gullet med verdsrekord på 11,0, elektronisk tid 11,08. Tommie Smith, også USA, forbetra verdsrekorden på 200 m for menn, polske Irena Szewińska gjorde det same på kvinnene sin 200 m. Lee Evans frå USA vart fyrstemann under 44 sekundar på 400 meter, medan britiske David Hemery forbetra verdsrekorden på 400 m hekk. Australiaren Ralph Doubell tangerte verdsrekorden på 800 meter. USA sine lag på 4 x 100 m stafett for kvinner og menn, samt 4x 400 m stafett for menn, pynta alle på dei eksisterande verdsrekordane. Viorica Viscopoleanu frå Romania forbetra verdsrekorden i lengdehopp for kvinner. Langt større åtgaum vekte det at USA-amerikanske Bob Beamon forbetra verdsrekorden i lengdehopp for menn med heile 55 centimeter til 8,90 m. I tresteghopp vart verdsrekorden forbetra fem gongar av tre ulike utøvarar gjennom kvalifiseringa og finalen. Til sist vart Viktor Sanejev frå Sovjetunionen olympisk meister på sitt andre og siste rekordhopp. Margitta Gummel frå Aust-Tyskland sette ny verdsrekord i kulestøyt for kvinner. Størst åtgaum fekk likevel den olympiske meisteren i høgdehopp, Dick Fosbury frå USA, som sette olympisk rekord med si nyskapande hoppmetode der han i satspunktet vende ryggen mot lista. Den nye stilen, den såkalla Fosbury-floppen, skulle i løpet av ein periode på litt over ti år verte heilt dominerande mellom høgdehopparar.

Friidrettstevlingane vert elles hugsa for Black Power-protesten under sigersseremonien på 200 meter for menn. Gullvinnaren Tommie Smith og bronsemedaljøren John Carlos reiste begge høgrearmen i veret med ein svart hanske under avspelinga av den USA-amerikanske nasjonalsongen, ein protest mot rasediskrimineringa i heimlandet. Dei vart nekta å delta vidare i leikane.

Menn[endre | endre wikiteksten]

100 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Jim Hines  USA 09,95 VR
Sølv Lennox Miller  Jamaica 10,04
Bronse Charles Greene  USA 10,07
4 Pablo Montes  Cuba 10,14
5 Roger Bambuck  Frankrike 10,15
6 Mel Pender  USA 10,17

Finale: 14. oktober

200 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Tommie Smith  USA 19,83 VR
Sølv Peter Norman  Australia 20,06
Bronse John Carlos  USA 20,10
4 Edwin Roberts  Trinidad og Tobago 20,34
5 Roger Bambuck  Frankrike 20,51
6 Larry Questad  USA 20,62

Finale: 16. oktober

400 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Lee Evans  USA 43,86 VR
Sølv Larry James  USA 43,97
Bronse Ron Freeman  USA 44,41
4 Amadou Gakou  Senegal 45,01
5 Martin Jellinghaus  Vest-Tyskland 45,33
6 Tegegne Bezabeh  Etiopia 45,42
7 Andrzej Badeński  Polen 45,42

Finale: 18. oktober

800 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Ralph Doubell  Australia 1.44,3 VR
Sølv Wilson Kiprugut  Kenya 1.44,5
Bronse Tom Farrell  USA 1.45,4
4 Walter Adams  Vest-Tyskland 1.45,8
5 Jozef Plachý  Tsjekkoslovakia 1.45,9
6 Dieter Fromm  Aust-Tyskland 1.46,2

Finale: 15. oktober

1500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Kipchoge Keino  Kenya 3.34,9 OR
Sølv Jim Ryun  USA 3.37,8
Bronse Bodo Tümmler  Vest-Tyskland 3.39,0
4 Harald Norpoth  Vest-Tyskland 3.42,5
5 John Whetton  Storbritannia 3.43,8
6 Jacques Boxberger  Frankrike 3.46,6

Finale: 20. oktober

5 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Mohammed Gammoudi  Tunisia 14.05,0
Sølv Kipchoge Keino  Kenya 14.05,2
Bronse Naftali Temu  Kenya 14.06,4
4 Juan Martínez  Mexico 14.10,8
5 Ron Clarke  Australia 14.12,4
6 Wohib Masresha  Etiopia 14.17,6

Finale: 17. oktober

10 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Naftali Temu  Kenya 29.27,4
Sølv Mamo Wolde  Etiopia 29.28,0
Bronse Mohammed Gammoudi  Tunisia 29.34,2
4 Juan Martínez  Mexico 29.35,0
5 Nikolaj Sviridov  Sovjetunionen 29.43,2
6 Ron Clarke  Australia 29.44,8
7 Ron Hill  Storbritannia 29.53,2

14. oktober

Maraton[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Mamo Wolde  Etiopia 2.20.26,4
Sølv Kenji Kimihara  Japan 2.23.31,0
Bronse Mike Ryan  New Zealand 2.23.45,0
4 Ismail Akçay  Tyrkia 2.25.18,8
5 Bill Adcocks  Storbritannia 2.25.33,0
6 Merawi Gebru  Etiopia 2.27.16,8

20. oktober

110 meter hekk[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Willie Davenport  USA 13,33 OR
Sølv Ervin Hall  USA 13,42
Bronse Eddy Ottoz  Italia 13,46
4 Leon Coleman  USA 13,6
5 Werner Trzmiel  Vest-Tyskland 13,6
6 Bo Forssander  Sverige 13,7

Finale: 17. oktober

400 m hekk[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull David Hemery  Storbritannia 48,12 VR
Sølv Gerhard Hennige  Vest-Tyskland 49,02
Bronse John Sherwood  Storbritannia 49,03
4 Geoff Vanderstock  USA 49,07
5 Vjatsjeslav Skomorokhov  Sovjetunionen 49,12
6 Ron Whitney  USA 49,27

Finale: 15. oktober

3 000 m hinder[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Amos Biwott  Kenya 8.51,0
Sølv Benjamin Kogo  Kenya 8.51,6
Bronse George Young  USA 8.51,8
4 Kerry O’Brien  Australia 8.52,0
5 Aleksandr Morosov  Sovjetunionen 8.55,6
6 Mikhail Sjelev  Bulgaria 8.58,4
7 Gaston Roelants  Belgia 8.59,4
8 Arne Risa  Noreg 9.09,0

Finale: 16. oktober

4 × 100 meter stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  USA Charles Greene
Mel Pender
Ronnie Ray Smith
Jim Hines
38,24 VR
Sølv  Cuba Hermes Ramírez
Juan Morales
Pablo Montes
Enrique Figuerola
38,40
Bronse  Frankrike Gérard Fenouil
Jocelyn Delecour
Claude Piquemal
Roger Bambuck
38,43
4  Jamaica Errol Stewart
Michael Fray
Clifton Forbes
Lennox Miller
38,47
5  Aust-Tyskland Heinz Erbstößer
Hartmut Schelter
Peter Haase
Harald Eggers
38,66
6  Vest-Tyskland Karl-Peter Schmidtke
Gert Metz
Gerhard Wucherer
Joachim Eigenherr
38,76

Finale: 20. oktober

4 × 400 m stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  USA Vince Matthews
Ron Freeman
Larry James
Lee Evans
2.56,1 VR
Sølv  Kenya Charles Asati
Munyoro Nyamau
Naftali Bon
Daniel Rudisha
2.59,6
Bronse  Vest-Tyskland Helmar Müller
Manfred Kinder
Gerhard Hennige
Martin Jellinghaus
3.00,5
4  Polen Stanisław Grędziński
Jan Balachowski
Jan Werner
Andrzej Badeński
3.00,5
5  Storbritannia Martin Winbolt-Lewis
Colin Campbell
David Hemery
John Sherwood
3.01,2
6  Trinidad og Tobago George Simon
Euric Bobb
Benedict Cayenne
Edwin Roberts
3.04,5

Finale: 20. oktober

20 km kappgang[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Volodimir Holubnitsjij  Sovjetunionen 1.33.58,4
Sølv José Pedraza  Mexico 1.34.00,0
Bronse Nikolaj Smaga  Sovjetunionen 1.34.03,4
4 Rudy Haluza  USA 1.35.00,2
5 Gerhard Sperling  Aust-Tyskland 1.35.27,2
6 Otto Bartsj  Sovjetunionen 1.36.16,8
7 Hans-Georg Reimann  Aust-Tyskland 1.36.31,4

14. oktober

50 km kappgang[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Christoph Höhne  Aust-Tyskland 4.20.13,6
Sølv Antal Kiss  Ungarn 4.30.17,0
Bronse Larry Young  USA 4.31.55,4
4 Peter Selzer  Aust-Tyskland 4.33.09,8
5 Stig-Erik Lindberg  Sverige 4.34.05,0
6 Vittorio Visini  Italia 4.36.33,2

17. oktober

Høgdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Høgde
Gull Dick Fosbury  USA 2,24 OR
Sølv Ed Caruthers  USA 2,22
Bronse Valentin Gavrilov  Sovjetunionen 2,20
4 Valerij Skvortsov  Sovjetunionen 2,16
5 Reynaldo Brown  USA 2,14
6 Giacomo Crosa  Italia 2,14

Finale: 20. oktober

Stavhopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Høgde
Gull Bob Seagren  USA 5,40 OR
Sølv Claus Schiprowski  Vest-Tyskland 5,40 OR
Bronse Wolfgang Nordwig  Aust-Tyskland 5,40 OR
4 Christos Papanikolaou  Hellas 5,35
5 John Pennel  USA 5,35
6 Gennadij Blisnetsov  Sovjetunionen 5,30

Finale: 16. oktober

Lengdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Bob Beamon  USA 8,90 VR
Sølv Klaus Beer  Aust-Tyskland 8,19
Bronse Ralph Boston  USA 8,16
4 Igor Ter-Ovanesjan  Sovjetunionen 8,12
5 Tõnu Lepik  Sovjetunionen 8,09
6 Allen Crawley  Australia 8,02

Finale: 18. oktober

Tresteghopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Viktor Sanejev  Sovjetunionen 17,39 VR
Sølv Nelson Prudêncio  Brasil 17,27
Bronse Giuseppe Gentile  Italia 17,22
4 Art Walker  USA 17,12
5 Nikolaj Dudkin  Sovjetunionen 17,09
6 Phil May  Australia 17,02

Finale: 17. oktober

Kulestøyt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Randy Matson  USA 20,54
Sølv George Woods  USA 20,12
Bronse Eduard Gusjtsjin  Sovjetunionen 20,09
4 Dieter Hoffmann  Aust-Tyskland 20,00
5 Dave Maggard  USA 19,43
6 Władysław Komar  Polen 19,28

Finale: 14. oktober Randy Matson sette olympisk rekord med 20,68 meter i kvalifiseringa.

Diskoskast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Al Oerter  USA 64,78 OR
Sølv Lothar Milde  Aust-Tyskland 63,08
Bronse Ludvík Daněk  Tsjekkoslovakia 62,92
4 Hartmut Losch  Aust-Tyskland 62,12
5 Jay Silvester  USA 61,78
6 Gary Carlsen  USA 59,46

Finale: 15. oktober

Sleggjekast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Gyula Zsivótzky  Ungarn 73,36 OR
Sølv Romuald Klim  Sovjetunionen 73,28
Bronse Lázár Lovász  Ungarn 69,78
4 Takeo Sugawara  Japan 69,78
5 Sándor Eckschmiedt  Ungarn 69,46
6 Gennadij Kondrasjov  Sovjetunionen 69,08
7 Reinhard Theimer  Aust-Tyskland 68,84

Finale: 17. oktober

Spydkast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Jānis Lūsis  Sovjetunionen 90,10 OR
Sølv Jorma Kinnunen  Finland 88,58
Bronse Gergely Kulcsár  Ungarn 87,06
4 Władysław Nikiciuk  Polen 85,70
5 Manfred Stolle  Aust-Tyskland 84,42
6 Åke Nilsson  Sverige 83,48

Finale: 16. oktober

Tikamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Bill Toomey  USA 8 193 OR
Sølv Hans-Joachim Walde  Vest-Tyskland 8 111
Bronse Kurt Bendlin  Vest-Tyskland 8 064
4 Mykola Avilov  Sovjetunionen 7 909
5 Joachim Kirst  Aust-Tyskland 7 861
6 Tom Waddell  USA 7 720

18./19. oktober

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

100 meter[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Wyomia Tyus  USA 11,08 VR
Sølv Barbara Ferrell  USA 11,15
Bronse Irena Szewińska  Polen 11,19
4 Raelene Boyle  Australia 11,1
5 Margaret Bailes  USA 11,3
6 Dianne Burges  Australia 11,4

Finale: 15. oktober

200 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Irena Szewińska  Polen 22,58 VR
Sølv Raelene Boyle  Australia 22,74
Bronse Jennifer Lamy  Australia 22,88
4 Barbara Ferrell  USA 22,9
5 Nicole Montandon  Frankrike 23,0
6 Wyomia Tyus  USA 23,0

Finale: 18. oktober

400 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Colette Besson  Frankrike 52,03 OR
Sølv Lillian Board  Storbritannia 52,12
Bronse Natalja Petsjonkina  Sovjetunionen 52,25
4 Janet Simpson  Storbritannia 52,5
5 Aurelia Pentón  Cuba 52,7
6 Jarvis Scott  USA 52,7

Finale: 16. oktober

800 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Madeline Manning  USA 2.00,9 OR
Sølv Ileana Silai  Romania 2.02,5
Bronse Maria Gommers  Nederland 2.02,6
4 Sheila Taylor  Storbritannia 2.03,8
5 Doris Brown  USA 2.03,9
6 Pat Lowe  Storbritannia 2.04,2

Finale: 19. oktober

80 meter hekk[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Maureen Caird  Australia 10,39 OR
Sølv Pam Kilborn  Australia 10,46
Bronse Chi Cheng  Taiwan 10,51
4 Patty Van Wolvelaere  USA 10,5
5 Karin Balzer  Aust-Tyskland 10,6
6 Danuta Straszyńska  Polen 10,6

Finale: 18. oktober

4 × 100 meter stafett[endre | endre wikiteksten]

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  USA Barbara Ferrell
Margaret Bailes
Mildrette Netter
Wyomia Tyus
42,88 VR
Sølv  Cuba Marlene Elejarde
Fulgencia Romay
Violetta Quesada
Miguelina Cobián
43,36
Bronse  Sovjetunionen Ljudmila Sjarkova
Galina Bukharina
Vera Popkova
Ljudmila Samotjosova
43,41
4  Nederland Wilma van den Berg
Mieke Sterk
Truus Hennipman
Corrie Bakker
43,4
5  Australia Jennifer Lamy
Joyce Bennett
Raelene Boyle
Dianne Burge
43,4
6  Vest-Tyskland Renate Meyer
Jutta Stöck
Rita Jahn
Ingrid Becker
43,6

Finale: 20. oktober

Høgdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Høgde
Gull Milena Rezková  Tsjekkoslovakia 1,82
Sølv Antonina Okorokova  Sovjetunionen 1,80
Bronse Valentyna Kosyr  Sovjetunionen 1,80
4 Jaroslava Valentová  Tsjekkoslovakia 1,78
5 Rita Schmidt  Aust-Tyskland 1,78
6 Mária Faithová  Tsjekkoslovakia 1,78

Finale: 17. oktober

Lengdehopp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Viorica Viscopoleanu  Romania 6,82 VR
Sølv Sheila Sherwood  Storbritannia 6,68
Bronse Tatjana Talysjeva  Sovjetunionen 6,66
4 Burghild Wieczorek  Aust-Tyskland 6,48
5 Mirosława Sarna  Polen 6,47
6 Ingrid Becker  Vest-Tyskland 6,46
7 Berit Berthelsen  Noreg 6,40

Finale: 14. oktober

Kulestøyt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Margitta Gummel  Aust-Tyskland 19,61 VR
Sølv Marita Lange  Aust-Tyskland 18,78
Bronse Nadesjda Tsjisjova  Sovjetunionen 18,19
4 Judit Bognár  Ungarn 17,78
5 Renate Boy  Aust-Tyskland 17,72
6 Ivanka Khristova  Bulgaria 17,25

Finale: 20. oktober

Diskoskast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Lia Manoliu  Romania 58,28 OR
Sølv Liesel Westermann  Vest-Tyskland 57,76
Bronse Jolán Kleiber-Kontsek  Ungarn 54,90
4 Anita Otto  Aust-Tyskland 54,40
5 Antonina Popova  Sovjetunionen 53,42
6 Olga Connolly  USA 52,96

Finale: 18. oktober

Spydkast[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Angéla Németh  Ungarn 60,36
Sølv Mihaela Peneș  Romania 59,92
Bronse Eva Janko  Austerrike 58,04
4 Márta Rudas  Ungarn 56,38
5 Daniela Jaworska  Polen 56,06
6 Nataša Urbančič  Jugoslavia 55,42

Finale: 14. oktober

Femkamp[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ingrid Becker  Vest-Tyskland 5 098
Sølv Liese Prokop  Austerrike 4 966
Bronse Annamária Tóth  Ungarn 4 959
4 Valentina Tikhomirova  Sovjetunionen 4 927
5 Manon Bornholdt  Vest-Tyskland 4 890
6 Pat Winslow  USA 4 877

15./16. oktober

Kjelder[endre | endre wikiteksten]