Nordsamisk ortografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Friis-rettskrivinga)
Knud Leem: Zhjaellujuwum Gjet-Kirjatzh

Nordsamisk ortografi har ei fleire hundre år gammal historie attom seg, med ei ulik utvikling i alle tre landa nordsamisk blir snakka, fram til 1979, då nordsamisk fekk ein felles ortografi.


Kort oversyn over dei ulike rettskrivingane[endre | endre wikiteksten]

Nordsamisk har vorte skrive med åtte ulike rettskrivingar. I tillegg har det såkalla nordlapska bokspråket i Sverige vorte brukt til å skrive samisk både for lule- og nordsamisk.

  1. Knud Leem (Noreg)
  2. Nils Vibe Stockfleth (Noreg)
  3. J.A. Friis (Noreg)
  4. Konrad Nielsen (brukt i vitskapleg litteratur på heile 1900-talet)
  5. Paavo Ravila (1934) (Finland)
  6. Erkki Itkonen (1951) (Finland)
  7. Bergsland-Ruong-rettskrivinga (Noreg, Sverige)
  8. 1979-rettskrivinga (Noreg, Sverige, Finland)

Omsyna attom rettskrivingane[endre | endre wikiteksten]

Det er framforalt fire omsyn som har vore avgjerande for innføringa av nye nordsamiske rettskrivingar:

  1. Innsikt i prinsippa for utforminga av ortografiar
  2. Omsynet til språklege endringar i nordsamisk
  3. Val av dialektbase for det nordsamiske skriftspråket
  4. Omsynet til nordsamisk rettskriving i andre land

I tillegg kan ein, litt spøkefullt, men med ei kjerne av sanning, slå fast at nordsamisk har skifta rettskriving med kvar nye professor i samisk ved Universitetet i Oslo (Stockfleth - J.A. Friis - Nielsen - Bergsland - Magga). For dei to siste, og særleg for den siste rettskrivinga haltar denne generaliseringa. 1979-rettskrivinga var eit resultat av eit kollektivt arbeid over ein tiårsperiode, der samiske språkfolk frå alle tre land arbeidde i lag for å kome fram til ein konsensus.

Knud Leem-rettskrivinga[endre | endre wikiteksten]

Stockfleth-rettskrivinga[endre | endre wikiteksten]

Nils Vibe Stockfleth gav ut ein samisk grammatikk i 1840, inspirert av Rasmus Rask.


Friis si rettskriving[endre | endre wikiteksten]

Den såkalla Friis-rettskrivinga er den rettskrivinga som er brukt i Den samiske bibelen frå 1895, og som er i bruk i Nuorttanaste, det hundreårgamle bladet til Finnemisjonen. Til skilnad frå alle andre samiske rettskrivingar har denne dermed vorte lese av dei aller fleste samar, i over hundre år.

J.A. Friis tok opp arbeidet med Bibelomsetjinga etter at Stockfleth ikkje vart ferdig med meir enn det nye testamentet. Viktig for arbeidet var at Friis fekk ein hjelpar med samisk som morsmål. Som eit resultat av rettsoppgjeret etter Kautokeinoopprøret i 1854 vart Lars Jacobsen Hætta dømd til fengselsstraff i Kristiania. I fengselet, og seinare etter at han hadde sona ferdig, omsette han Bibelen til nordsamisk, i lag med J.A. Friis.

Konrad Nielsen si rettskriving[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Konrad Nielsen-rettskrivinga.

Konrad Nielsen si rettskriving er den rettskrivinga som Konrad Nielsen utvikla til bruk i ordboka si, og i læreboka si. Det er framleis denne ortografien som blir brukt når nordsamiske språkeksempel blir sitert i den internasjonale finskugriske faglitteraturen. Ortografien vart aldri teke i praktisk bruk, dette var ei tid med svært lite samisk tekst i det heile, og det vesle som var (som Nuorttanaste) vart skrive med Friis sin ortografi. Fleire generasjonar av norske prestar fekk likevel opplæring i samisk med Nielsen si lærebok, etter denne rettskrivinga.

Desse tabellane samanliknar Nielsen si rettskriving med rettskrivinga frå 1979.

Vokalar:

Nielsen-rettskrivinga a â e i o u æ
1979 — odde stavingar á a e i o u ea
1979 — like stavingar á a i e u o ea

Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1948[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bergsland-Ruong-rettskrivinga.

Bergsland-Ruong-rettskrivinga var ei rettskriving utarbeidd av Knut Bergsland og Israel Ruong, med føringar frå m.a. Konrad Nielsen og Björn Collinder. Rettskrivinga var sams for nordsamar i Noreg og Sverige, medan dei i Finland brukte Erkki Itkonen si rettskriving.

Det avgjerande nye med Bergsland-Ruong-rettskrivinga var at ho, til skilnad frå alle tidlegare rettskrivingar, la den moderne forma av dialektane i Karasjok og særleg i Kautokeino til grunn, der tidlegare rettskrivingar sto i tradisjonen frå Knud Leem, og representerte eit språksteg som etter kvart forsvann i dei sentrale dialektområda. Ortografisk sett sto Bergsland-Ruong-rettskrivinga ikkje så langt frå Konrad Nielsen-rettskrivinga, noko som særleg kom av påverknaden han hadde på arbeidet i sluttfasen.

1979-rettskrivinga[endre | endre wikiteksten]

Dette er (med mindre rettingar frå 1985) dagens rettskriving, og den kan med andre ord lesast ut av alle moderne grammatikkar og ordbøker.

Prøve på ulike nordsamiske rettskrivingar[endre | endre wikiteksten]

Tekstutdraget er frå Det nye testamentet, Matteus 12:1-8.

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

På den tid hende det at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på ein sabbat. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta. Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, no gjer læresveinane dine noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!» Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og dei som var med han, vart svoltne? Han gjekk inn i Guds hus og åt skodebrøda, dei som korkje han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane. Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat krenkjer sabbaten i templet, og likevel er utan skuld? Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn templet. Hadde de skjøna kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause. For Menneskesonen er herre over sabbaten.»

Nils Vibe Stockfleth 1840[endre | endre wikiteksten]

Damanaga aige de Jesus bældo čađa vagjoli sabbaten; mutto su mattajægjek bårrastuvvamen legje, ja gårne åivid si gasskegåtte, ja bårragåtte. Mutto go pharisæalaǯak dam oaidne, de si celkke sunji: gæč, du mattajegjidak dakkek, mi i læk låvalaš dakkat sabbaten. Mutto sån digjidi celki: æppetgo låkkam læk, maid David daǥai, go nælgost læi, ja su matke guoimek? Moft sån Ibmel tempel sisa manai, ja geččujume laibid bårai, maid bårrat i læm sunji låvalaš, ige su matke guibmidi, mutto dušše fal papaidi? Daihe æppetgå diu lagast låkkam læk, atte papak sabbaten sabbat eppebasotek tempel sist, ja ašetæmek almken læk? Mutto mån digjidi cælkam, dast sån læ, gutte stuorrab læ go gempel. Mutto jås di lifčidek diettam mi dat læ: armogasvuođa aigom, mutto åfferid im, de æppet læm dubmim ašetes olbmuid. Dastgo olbmu bardne hærra læ maida sabbat bagjel.

J.A. Friis 1874 (revidert av J.Qvigstad 1895, Bibelen)[endre | endre wikiteksten]

Damanaga aige vaʒi Jesus bældo čađa sabbaten; mutto su mattajægjek borastuvvagotte, ja ribme gasket gordne-oivid ja borrat. Mutto go Farisealaǯak dam oidne, de celkke si dudnji: Gæča, du mattajægjek dakkek dam, mi i læk lobalaš dakkat sabbaten. Mutto son celki sigjidi: Epetgo di læk lokkam, maid David daǥai, dalle go son nælggogođi, dalle go son ja si, guđek legje su mielde, legje nælggomen)? Moft son manai Ibmel vieso sisa ja borai geččujume laibid, maid sudnji i læm lobalaš borrat, ige sigjidi, guđek legje lokkam laǥast, atte papak æppebasotek sabbata tempelist ašetæmek? Mutto mon cælkam digjidi, atte son læ dast jos di dieđašeidek, mi dat læ: Mon lokom arkalmastemvutti ja im oaffaridi, de epet di livče dubmin ašetes olbmuid. Dastgo olbmu bardne læ hærra maidai sabbat bagjel.

Konrad Nielsen-rettskrivinga[endre | endre wikiteksten]

Dâmmânâgâ aige vāʒʒii Jesus bældo čâđâ sabbatin; muttŏ su mat'tajæg'gjek bǫrastuvvâgǭtti jâ rībmi gâs'ket gǫr'dnĕǭiviid jâ bǫrrât. Muttŏ gǫ farisēalâǯǯâk dâm ǫi'dni, de cel'ki sī sudnji: Gǣččâ, du mat'tajæg'gjek dâkkik dâm mi ī læk lǫbalâš dâkkât sabbatin. Muttŏ sǫn cēlkii siggjiidi: Ēppit-gǫ dī læk lǫkkâm, mâid David dâgâi, dâllĕ gǫ sǭn jâ sī guđik leggji su miel'dĕ, leggji næl'gomin, mǫvt sǫn mânâi Ibmel vieso sisâ jâ bǫrâi geč'čujume lāibiid, mâid sudnjii ī læm lǫbalâš bǫrrât, ī-ge siggjiidi guđik leggji su miel'dĕ, muttŏ dušše-fâl bāppâidi? Dâhjĕ ēppit-gǫ dī læk lǫkkam lāgâst, âttĕ bāppâk æppĕ-bâsotik sabbatâ tem'pëlist sabbat-bēivii, jâ læk âlmâke aššĕtæmek? Muttŏ mǫn čælkam diggjiidi, âttĕ dāst læ sǭn, gutti læ stuoreb gǫ tem'pël. Muttŏ jǫs dī dieđašeidĕk mī dât læ: mǫn lii'kum arkalmâs'temvūttii jâ im oaffâriidâ, de ēppit dī livči dub'mim aššĕtis ǫl'bmuid. Dâstgŏ ǫl'bmu bar'dne læ hær'ra mâidai sabbat bâggjĕl.

Bergsland-Ruong-rettskrivinga (1948)[endre | endre wikiteksten]

Dammanaga áigi vázzii Jesus bældo čađa sábbáhin; muttu su mát'tájæd'djit bårastuvvagåtte ja ribme gas'kis går'dniåiviid ja bårrat. Muttu gå fáriseálažžat dan åi'dne, de cel'ke sii sudnji: Gæčča, du mát'tájæd'djit dakket dan mii ii læt låbálaš dakkat sábbáhin. Muttu sån celkii siddjiide: Eppet gå dii læt låkkan, maid David dagai, dalle gå sån ja sii guđet leddje su miel'de, leddje næl'gome, måvt sån manai Ibmil vieso sisa ja bårai geč'čujumi láibiid maid sudnje ii læn låbálaš bårrat, ii ge siddjiide guđet leddje su miel'de, muttu duššefal báppaide? Dahje eppet gå dii læt låkkan lágas, atte báppat æppebasohit sábbáha tem'pelis sábbátbeiviid, ja læt almake áššehæmit? Muttu mån cælkán diddjiide, atte dás læ sån, gutte læ stuorit gå tem'pel. Muttu jås dii dieđášeidet mii dat læ: mån lii'kun árkálmas'tinvuttii ja in oaffariida, de eppet dii livče dub'men áššehis ål'bmuid. Dasgå ål'bmu bár'dni læ hær'rá maidái sábbát baddjel.

1979-rettskrivinga[endre | endre wikiteksten]

Daid áiggiid Jesus sabbahin váccii gordnebealddu čađa. Su máhttájeaddjit borastuvvagohte ja ripme doahput gordneoivviid ja borrat. Farisealaččat oidne dan ja dadje Jesusii: “Geahča dál, du máhttájeaddjit dahket dan maid sabbahin ii leat lobálaš dahkat.” Jesus vástidii: “Ehpetgo leat lohkan maid David dagai, go son ja su olbmát ledje nealgumin? Son manai Ipmila vissui ja borai oaffarláibbiid maid duššefal báhpain lei lohpi borrat, ii sus iige su olbmáin. Dahje ehpetgo leat lohkan lágas ahte báhpat tempelis rihkkot sabbaha ja leat almmatge sivaheamit? Mun cealkkán didjiide: Dá dis lea eambbo go tempel. Jos dii áddešeiddet maid dát sátni mearkkaša: Váibmoláđisvuođa mun dáhtun, inge oaffara, de dii ehpet dubmeše sivahis olbmuid. Dasgo Olbmobárdni lea sabbaha hearrá.”

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]


Litteratur[endre | endre wikiteksten]