Frille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frille (frå norr. friðla, frilla, ordet er i slekt med fred og frende) viser til ei kvinne som har samliv med ein mann utan å vera gift med han. Omgrepet blir særleg brukt om norrøne tilhøve.

Stillinga til ei frille kunne variera ut frå kva bakgrunn ho hadde — om ho kom frå trælekår eller var av høgare byrd — og kva tilhøve ho hadde til mannen. Ho blei ikkje nødvendigvis sett ned på. Frillebarn hadde arverett etter faren, noko som òg kunne gje mor deira status.Det finst til dømes fleire døme i norsk historie på at frillebarn er blitt kongar.

Innføringa av kristendommen i Norden førte til at frillehald blei svekka til fordel for det heilage ekteskapet. Å vera eller ha ei frille og få barn utanfor ekteskap blei sett på som synd og skam. Likevel finst det døme heilt opp til moderne tid på at europeiske stormenn heldt seg med offentleg kjende elskarinner i tillegg til dei offisielle konene sine.

Kjende friller[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]