Frimerkesamling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frimerke i eit album.
Foto: Lerdsuwa

Frimerkesamling eller filateli er ein syssel som går ut på sytematisk å samla og sortera frimerke og andre ting som har med postgang å gjera, til dømes konvoluttar, frankeringsmerke, førstedagsbrev og poststempel, og skaffe seg kunnskap om objekta. Handteringa av objekta skal gjerast på fagleg forsvarleg vis. Ettersom det finst ein fri marknad for kjøp og sal av brukte og ubrukte frimerke etc., kan både det einskilde objektet og samlinga som heilskap få ein stor økonomisk verde, dersom det er føremålet med innsatsen.

Frimerkesamling er ein av dei mest utbreidde hobbyane i verda, og har mange former. Ein kan til dømes samla på frimerke frå eitt særskild land eller med eit visst motiv.

Både i Noreg og internasjonalt finst det foreiningar og organisasjonar for frimerkesamlarar. I Noreg er Norsk Filatelistforbund med lokale frimerkeklubbar ei slik medlemsforeining.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]