Frisindede Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det Frisindede Venstre eller Frisinnede Venstre eller Frisinna Venstre, seinare Frisindede Folkeparti var eit norsk politisk parti. Partiet vart stifta 1. mars 1909 under leiing av tidlegare statsminister Christian Michelsen. Partimedlemmene var stort sett utbrytarar frå den mest konservative delen av Venstre. Det Frisindede Venstre var dei innan Venstre som ynskte eit nært samarbeid med Høgre. Partiet var med i fleire regjeringar saman med Høgre. Abraham Berge og Wollert Konow (SB) var båe statsministrar som kom frå Frisindede Venstre. Frisindede Venstre endra namn til Frisindede Folkeparti i 1932. Partiet var nedlagd i 1936. Dei fleste i tidlegare Det Frisindede Venstre hadde då gått inn i Høgre.

Valoppslutting og stortingsrepresentasjon[endre | endre wikiteksten]

Ved valet i 1909 fekk partiet inn 26 representantar på Stortinget. Allereie i 1912 gjekk talet ned til 4, i 1915 til 1. I 1921 fekk dei 15 representantar, men gjekk ned att til 1 i 1933 og 0 i 1936.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg