Fristaten Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart frå 1890

Kongostaten, Kongofristaten eller Fristaten Kongo var namnet på ein koloni i Sentralafrika i personalunion med Belgia men tilhøyrande kong Leopold II av Belgia personleg i åra 1885-1908. Leopold vart tvinga til å overlate kolonien til den belgiske staten etter at ei omfattande internasjonal protestrørsle i byrjinga av 1900-talet hadde sett fokus på dei umenneskelege metodane landet vart styrt med. Ein reknar med at befolkningsmengda i området vart halvert under Leopold sitt styre, noko som skulle gi mellom 8 og 30 millionar dødsoffer.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei afrikanske oppdagingane til Stanley og Livingstone vart spesielt lagt merke til av to klassar i Europa. Det eine var handelsmenn og industrialistar som såg for seg store nye marknader, på den andre sida filantropar og misjonærar som såg for seg at det var millionar av menneske som skulle frelsast og siviliserast. Det var kombinasjonen av desse to måla som gav Leopold II ideen om å ta kontroll over Kongo.

Leopold II var i hovudsak interessert i dei ekvatoriale regionane i Afrika. I 1876 tok han det første definitive steget i den moderne oppdelinga av Afrika. Han kalla inn til ein konferanse i Brussel. Representantar frå Storbritannia, Belgia, Frankrike, Tyskland, Austerrike-Ungarn, Italia og Russland. Målet med konferansen var å finne dei beste metodane for å vestleggjere Afrika og opne opp kontinentet for handel og kommersielle interesser. Konferansen var uoffisiell og delegatane representerte ikkje styresmaktene i heimlandet sitt. Konferansen varte i tre dagar og førte til grunnlegginga av «Den internasjonale afrikaorganisasjonen». Organisasjonen fekk hovudkontor i Brussel. Vidare vart det avgjort at det skulle etablerast nasjonale komitear i kvart einskild europeisk land som skulle skaffe pengar og delegatar til den internasjonale organisasjonen. Den sentrale ideen var at oppdaginga og utforskinga av Afrika skulle vere internasjonal. Det vart tidleg klart at dette ikkje var råd å få til.

Det Internasjonale Afrikaselskapet skaper Kongo[endre | endre wikiteksten]

USA var det første landet som anerkjende Kongofristaten da det skulle vere eit frihandelsparadis. Frankrike såg heller at området gjekk til vesle Belgia sin konge enn til Storbritannia, og det same tykte tyskarane. Britane ville ikkje at franskmennene skulle få den store kolonien. Den amerikansk-britiske oppdagaren Henry Stanley hadde vorte tilsett av Leopold etter at Stanley hadde passert Afrika frå aust til vest og oppdaga kjeldene til Kongofloden. Stanley kunne med sine spesialkunnskapar og ekspertise propagere for at heile det store området skulle hamne under éin administrasjon for å utnytte elvane som transportårer. Etter at Stanley hadde overtalt dei mektige mennene i Europa på Berlinkonferensen i 1884 vart det vedteke at det Internasjonale Afrikaselskapet (Association Internationale Africaine), med kong Leopold som leiar, skulle ta seg av Kongo.

Jakt på elfenbein og økonomiske problem[endre | endre wikiteksten]

Det første tiåret under Leopolds regime i Kongo handla om å jakte på elfenbein, som vart bruka som materiale i alt frå laustenner til pianotangentar og snusdåsar. I Joseph Conrad si novelle Heart of Darkness blir det skildra koss urbefolkninga med vald og truslar vart tvinga til å få fram elfenbein i store mengder. Trass i dei store lassa av elfenbein byrja Leopold å få økonomiske problem. Jernbanen frå Boma opp til Leopoldville, som vart bygd med tvangsarbeidarar, bidrog til desse problema. Ei løysing var at han greidde å overtale den belgiske staten til å gi han eit enormt lån. Ei anna viste seg under den internasjonale vestlege konferansen mot slaveri, der den osmanske og arabiske slavehandelen vart fordømd, noko som var eit skamlaust hykleri, da afrikanarane i til dømes tyske og franske koloniar ofte vart behandla like dårleg. I Kongo kom dei til å bli behandla akkurat som slavar. Leopold fekk òg krevje inn toll i Kongo, og han kunne no byrje å håve inn store inntekter frå toll. Men ein trong fleire attraktive råvarer. Ved sekelskiftet skulle etterspørselen etter ei råvare Leopold hadde mykje av auke raskt.

Gummiterroren, inntektene og styresettet[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1890-talet og det første tiåret av 1900-talet kom den mest ettertrakta råvara til å bli naturgummi i staden for elfenbein. Gummi vart stadig meir etterspurd i vestleg industri. I Kongo fanst det ei stor mengd gummitre. Dette byrja ein no å samle inn med ekstrem brutalitet og intensitet. Leopold sin koloniarmé heitte «Force publique» og bestod av verva kongolesarar. Dei vart leidde av ein mindre skare kvite menn frå heile Europa, men først og fremst frå Belgia. Heile befolkninga vart tvinga til å oppfylle ein viss kvote, og dei som ikkje gjorde det, vart brutalt straffa, med pisking eller på anna vis, til dømes kunne dei bli tvinga til å ete gummi.

Kongolesiske barn, offer for «Force publique» i Leopolds Kongo

Koloniarméen fekk instruks om å ta familiemedlemer, kvinner og barn, som gislar samtidig som mennene vart tvinga ut i skogen for å samle gummi. I mellomtida vart kvinnene ofte valdtekne og dyra i landsbyen vart konfiskerte, så landsbyfolket svalt. Kvite tenestemenn som arbeidde for handelsselskapa sat på stasjonane og venta på at gummikvotane skulle leverast. Di meir gummi di meir provisjon. Dei var som småkongar i områda sine, og gjorde som dei ville med alt, både omsynslaus profittmaksimering og å halde afrikanske kvinner som sex-slavar.

Eitt av dei mest makabre innslaga i opplegget var at «Force publique» fekk ordre om å spare kuler, slik at dei for kvar kule dei hadde skote opprørske innfødde med, måtte dei vise fram ei avskoren hand. Når nokon av dei da til dømes hadde skote eit dyr til mat, tok dei handa til eit levande menneske, ikkje sjeldan barn. Avhogging av hender skal òg ha vorte bruka som straff når landsbyar ikkje leverte så mykje gummi som kvoten tilsa.

Protestane startar[endre | endre wikiteksten]

To amerikanske svarte vart merksame på det som gjekk føre seg, og byrja protestere. Men få tok dei alvorleg. Forfattaren Joseph Conrad og den britiske konsulen i Kongo, Roger Casement, hadde òg sett kva som gjekk føre seg. Men det var den britiske journalisten Edmund Morel som i ein serie med artiklar avslørte Leopold sitt styre i Kongo. I 1904 vart ei internasjonal protestrørsle organisert, og folkemeininga mobilisert. Til slutt vart Lepold i 1908 tvinga til å gi frå seg Kongo - til den belgiske staten.

Omfanget av massemordet[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at folketalet i området vart halvert på desse åra. Sidan det ikkje var nokon folketeljingar der, er talet på offer for dette ekstreme koloniregimet likevel usikkert. Encyclopædia Britannica opererer med eit spenn frå 8 til 10 millionar.

Etter Leopold[endre | endre wikiteksten]

Da kolonien vart overført til den belgiske staten, fekk han namnet Belgisk Kongo. Kolonien var ein av dei hardast styrte europeiske koloniane sjølv etter Leopold, men overgrep av same omfang skjedde ikkje lenger. I 1960 avvikla Belgia makta si meir eller mindre frivillig, og etter diverse innbyrdes stridar vart landet eit «vestvennleg» diktatur frå 1965 under Mobutu, bytta namn til Zaire 1971, og etter Mobutu sin død i 1997 bytta det igjen namn og heiter no Den Demokratiske Republikken Kongo.

Hendingane i Fristaten Kongo er mellom anna dokumentert i King Leopold’s ghost av Adam Hochscild.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Hochschild, Adam: Kung Leopolds vålnad, Ordfront förlag (Stockholm 2000) ISBN 91-7324-694-8