Frithigern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frithigern
Fødd 4. hundreåret
Død

ca. 380

Yrke monark
Religion arianisme

Frithigern var ein hovding for vestgotarane i 370-åra. Han er best hugsa for å ha sigra over romarane i Slaget ved Adrianopel i 378.

Frithigern var kristen, og låg i trette med Athanarik, som var den øvste leiaren for tervingane frå 369. Han førte ein stor gotarflokk som slo seg ned på sørsida av Donau i 376 etter at hunarane var komne på herjing til Dacia. Han førte flokken saman med Alaviv. Dei fekk løyve etter keisarleg bod, at dei kunne slå seg ned i Thrakia. Gotarfolket skulle få rå seg sjølve, men fekk ikkje vidare hjelp av romarane. Dei fekk òg bod om at dei skulle vera landevern i byte for løyva til å slå seg ned.

Folket som Frithigern førte var heller stort, og keisar Valens skjøna snart at dette kunne verte vanskeleg. I tillegg kom òg austgotarane, og dei samla seg no for å slost for rettane sine, då det synte seg at romarane ikkje gav dei stort. Alaviv og Frithigern vart bedne inn av Lupicinus, guvernøren i Marcianopel, til eit forsoningsgilde, men stoda var vanskeleg, og det kom snart til trette mellom romarane og dei ventande gotiske vaktene. Tervingane som var lægra utanfor byen fekk snart gjetord om dette, og dei kravde at byen skulle opne portane og gje dei mat. Lupicinus svara med å få dei gotiske vaktene drepne. I uroa som følgde rømde Frithigern, men Alaviv har truleg mist livet i kampen. Frithigern tok no leiarskapen over gotarfolket i Thrakia, og det kom til ope opprør. Gotarfolket byrja no reine hærtog, og plundra det dei fann. Lupicinus samla folk mot dei, men vart drepen, og den romerske hæren i Thrakia vart slegen ned. Dette var den første gotiske sigeren på romersk jord.

Då dette vart kjend, fekk Frithigern stønad frå thrakiske landarbeidarar og gruvearbeidarar, og den romerske underklassa som leid under hard skattlegging. I eigna var det òg mange gotiske trælar i romersk teneste. Dei gotiske troppane i den romerske hæren skifte òg side, og samla seg til Frithigern.

Den største sigeren vart vunne i slaget ved Adrianopel året etter, då sjølvaste keisaren vart drepen.

Det er rekna som truleg at gotane miste taket på dei første sigrane sine og vart svekka etterpå. Frithigern forsvinn utor soga om lag 379, og gotarane var i praksis utan leiarskap frå 381Athanarik døydde, til Alarik samla dei att mot slutten av 300-talet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]