Fritt Ords Pris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fritt Ords Pris, eller Fritt Ord-prisen, er ei årleg utmerking gjeven av den private stiftinga Fritt Ord. Prisen er Fritt Ord si høgste utmerking, og vert utdelt i mai, i tilknyting til markeringa av Frigjeringa av Noreg i 1945.

Prisen vert gjeven til éin, unntaksvis fleire, personar eller organisasjonar som har bidrege til område der organisasjonen verkar, særleg i arbeidet for ytringsfridom. Prisen består av ein statuett av Nils Aas, og ein pengesum. Tildelinga vert gjort i eit særskilt arrangement i Kunstindustrimuseet sin Store Sal i Oslo.

Fritt Ord deler òg ut prisen Fritt Ords honnør.

Prismottakarar[endre | endre wikiteksten]

  • 2013 - Per Fugelli for å ha gitt ei stemme til kreftsjuke og dei som står ansikt til ansikt med døden.
  • 2012 - Sara Azmeh Rasmussen for sitt modige og kompromisslause engasjement for det ukrenkjelege individet, for ytringsfridom og religionskritikk.
  • 2011 - Anders Sømme Hammer for si uavhengige og kritiske dekning av Afghanistan-krigen. Han bur i Afghanistan, der han arbeider som frilansjournalist. Ved å reisa rundt i landet utan eskorte tek han ein stor personleg risiko, og kjem dermed i nærkontakt med sivile afghanarar. Hans kritiske analysar rammar også mediedekninga av krigen.
  • 2010Bushra Ishaq for at ho med si klåre forankring i muslimsk tru og miljø og med sin argumentasjon og brubyggjande form har bidrege til å vidareutvikla forståinga av kva det vil seia å leva i dagens fleirkulturelle samfunn.
Abid Q. Raja for å ha skapt arenaer for dialogmøte med tema som er viktige i det offentlege ordskiftet. Han har vore ein energisk debattant i ei konfliktfylt tid.
  • 2009Nina Karin Monsen for sitt gjennomreflekterte og uavhengige bidrag til ein friare offentleg debatt[1]
  • 2008Per Yngve Monsen for avsløringar om den den såkalla Siemens-skandalen, der selskapet vart etterforska og politimeldt for å overfakturera Forsvaret, samt smørja personell i det norske Forsvaret.
  • 2007Terje Tvedt for på fagleg grunnlag problematisert den norske bistands- og fredspolitikken. Han har mellom anna vore oppteken av forskjellar og likskapar mellom tidlegare tiders kritiserte kolonialisme og moderne bistandspolitikk og har sett på det tette sambandet som i Noreg eksisterer mellom staten, det politiske miljøet, frivillige organisasjonar og forskingsinstitusjonar.
  • 2006Bjørgulv Braanen for hans framragende bidrag til seriøs politisk journalistikk i samvirke med medarbeidarane i Klassekampen. Under leiinga åt Braanens er Klassekampen vorten ein viktig arena for fri meiningsutveksling utan at det har gått ut over den klåre politiske profilen til avisa.
  • 2005Nina Witoszek for at ho skarpt og velformulert har formidla austeuropeiske erfaringar inn i norsk debatt og utfordra norske standardoppfatningar.
  • 2004Unni Wikan for innsiktsfulle, openhjarta og utfordrande bidrag til debatten om verdikonfliktar i det fleirkulturelle samfunnet.
  • 2003Berge Furre for uredd og kraftfull bruk av det frie ordet i norsk offentleg liv gjennom fleire tiår.
  • 2002Aslam Ahsan for uredd og langsiktig innsats for å byggja bru mellom kulturar.
Shabana Rehman for modig, kraftfull og nyskapande bruk av det frie ordet med same formål.
  • 2001Nils Christie for originale og sjølvstendige bidrag til norsk og internasjonal samfunnsdebatt
  • 2000Thomas Christian Wyller for vektige bidrag til norsk samfunnsdebatt gjennom fleire tiår.
  • 1999 – Medarbeidarane i radiokanalen P2 for god og særprega journalistikk.
  • 1998Aleksandr Nikitin for, med store personlege offer, å ha bidrege til å gje verda kunnskap om den alvorlege trusselen som atomavfallet i nordregionen representerer.
  • 1997Kåre Willoch for uavhengige bidrag til norsk samfunnsdebatt.
  • 1996Arne Skouen for hans årvakne, uredde journalistiske og kunstnariske verksemd.
  • 1995Hanne Sophie Greve for uredd og sjølvoppofrande innsats for flyktningar og krigsoffer ved avdekking av grove menneskerettsbrot i ulike delar av verda og av folkemord og andre krigslovbrot i det tidlegare Jugoslavia.
  • 1994William Nygaard d.y. for konsekvent og modig vern av ytringsfridomen.
  • 1993Rolv E. Ryssdal for aktivt og engasjert vern om menneskerettane.
  • 1992Annette Thommessen for modig bruk av det frie ordet til forsvar for interessene til innvandrarane og for sterkt engasjement for å skapa gjensidig forståing og respekt i det norske samfunnet.
  • 1991Nordland Akademi for Kunst og Vitenskap. Det initiativet som grunnleggjarane tok, har bore rik frukt. Verksemda til akademiet har vore prega av kulturelt mangfald og høg kvalitet og har gjort Melbu til ein internasjonal møtestad for forskarar, kunstnarar og kulturarbeidarar.
  • 1990The Charta 77 Foundation for modig, utrøytteleg og klok bruk av ordet i kampen for menneskerettane og for fridom for folket sitt.
  • 1989Erik Bye for hans pionerinnsats i norsk fjernsyn og hans allsidige bruk av det frie ordet.
  • 1988Leo Eitinger for konsekvent bruk av det frie ordet, på vakt mot framandhat og intoleranse, med nestekjærleg omsorg for ofra for krig og vald.
  • 1987Nansenskolen for utrøytteleg arbeid gjennom snart 50 år for ideane i humanismen og for det kulturelle mangfald.
  • 1986Magli og Torolf Elster for deira fantasirike og meningsfulle bruk av det frie ordet i poesi og prosa og for deira brennande engasjement for flyktningane i verda.
  • 1985Den Illegale Presses Forening for uredd bruk av det frie ordet.
  • 1984Nordnorsk Forfatterlag for ved sitt arbeid i dei seinare år å ha bidrege til å frigjera skapande talent og sjølvmedvit hjå forfattarane, og skapt glede i landsdelen over eiga dikting og litteratur.
  • 1983Kjetil Bang-Hansen for hans nyskapande verksemd for norsk scenekunst.
  • 1982Lech Walesa for som den fremste talsmannen for Solidaritet, med ufatteleg mot og karakterstyrke og forakt for personleg risiko, å ha teke det frie ord i bruk mot eit totalitært samfunnssystem.
Hallvard Rieber-Mohn for hans innsats i norsk kultur- og samfunnsdebatt og for hans verksemd i Pressens Faglige Utvalg.
  • 1981ikkje utdelt
  • 1980Andrej Sakharov for med nesten ufatteleg åndeleg kraft, uthald og fryktløyse å ha kjempa for og praktisert den frie tanken og det frie ordet undertrykt av eit totalitært regime.
  • 1979Stein Mehren for som uredd, sjølvstendig kunstnar å kjempa utrøytteleg for ein frigjerande bruk av det frie ordet. Med hans eigne ord: "Tankar som skaper fridom er viktigare enn tankar om fridom."
  • 1978Karen-Christine Friele for hennar innsats for å skapa forståing for situasjonen til dei homofile.
  • 1977Henrik Groth for ved ein uredd bruk av det frie ordet å ha skapt debatt om språk, litteratur og utdanning og auka forståinga i vårt samfunn for tydinga av informasjons- og trykkefridom.
  • 1976Johan Vogt for den innsatsen han gjennom ei årrekkje har gjort for å hjelpa menneskea som har fått lida under mangelen på tanke-, ytrings- og trykkefridom i mange land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Lenkje[endre | endre wikiteksten]