Fritz Hilpert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fritz Hilpert

Fødd31. mai 1956 (67 år)
FødestadAmberg i Tyskland
OpphavTyskland
Aktiv1987 til i dag (på scenen)
InstrumentElektronisk perkusjon
Tilknytte artistarKraftwerk
Verka somLydteknikar

Friedrich «Fritz» Hilpert (fødd 31. mai 1956) er ein tysk musikar som er medlem av electro-popgruppa Kraftwerk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fritz Hilpert studerte trompet og perkusjon ved Musisches Max-Reger-Gymmnasium i Tyskland, fram til 1976. Han spelte òg trommer i fleire band på den tida. Frå 1978 studerte han lydteknikk ved Musikhochschule Rheinland og FH Düsseldorf. I 1986 var han ingeniørkvalifisert (tysk ekvivalent til Master of Science) i audio- og biletteknologi.

Han arbeidde som lydteknikar med fleire tyske band som New-Wave-bandet Din A Testbild før han kom i kontakt med Kraftwerk i 1987.

I tillegg til studioarbeid erstatta han Wolfgang Flür på konsertane til Kraftwerk då dei turnerte i 1990, og han var lydteknikar på albumet The Mix, som kom 1991.

Han har medverka musikalsk til komposisjonane til Kraftwerk sidan Expo 2000 i 1999. Han er tilskriven som medlåtskrivar på dei fleste songane på albumet Tour de France Soundtracks. I lag med Henning Schmitz arbeider han som lydprogramerar og lydteknikar ved Kling Klang studio og styrer nettstsidene Kraftwerk.com og Klingklang.com.