Fritz Reichwein Huitfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minnesmerke for Fritz R. Huitfeldt ved Tryvannshøyden.

Nicolay Fritz Reichwein Huitfeldt (fødd 19. mai 1851 i Borgund i Ålesund, død 24. april 1938) var ein norsk idrettsleiar og forretningsmann. Han er mest kjent for Huitfeldt-bindinga frå 1894, som er ei skibinding med jernøyre for tærne på begge sider av skia, heldt saman med gjennomgåande boltar og lêrreimar over vrista og rundt hælen. Bindinga vart seinare utbetra ved at tåjernet vart laga i eitt stykke gjennom skia og bøygd opp på begge sider (1897), samt at hælreima kunne regulerast med eit strammeapparat (1904, Høyer-Ellefsens strammar). Han hadde seinare ein eigen skifabrikk.

Han var sekretær i Foreningen til Ski-Idrettens Fremme (Skiforeningen) 1886–93, der han tok initiativ til flyttinga av Husebyrennet til Holmenkollen i 1892. Huitfeldt var òg kjend som friluftsmann og hoppdommar og gav ut fleire bøker og artiklar om jakt, fiske, kokekunst, skiløping og hoppstil. Det vart reist ein bauta ved Tryvannstårnet i Nordmarka i 1946 av Skiforeningen.

Huitfeldt var medlem av Skiklubben Ull.

Han har fått Huitfeldt Point, eit nes i Antarktis, kalla opp etter seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]