Froan
Froan, Froøyane eller Froværet ligg i Frøya kommune i Sør-Trøndelag, og er ei øygrupe i havet vel 40 kilometer vest for Fosenhalvøya. Namnet Froan kjem truleg av «fraade», som er eit uttrykk for skummet på havet når det slår mot land.
Froan utgjer ein del av øyrekka nordvest for Frøya med fiskeværa Sula, Bogøy og Mausund i sør, vidare Gjæsingen, så Froan, for deretter å ende ytst i det gamle fiskeværet Halten og Halten fyr.
To av Froøyane, Sørburøy og Sauøy, har permanent folkesetnad, om lag 60 personar. Sørburøy har barne- og ungdomsskule med vel 10 elevar, med nettbasert undervisning i enkelte fag i samarbeid med Norsk nettskule. Det vert drive oppdrettsverksemd i området. Froan kapell på Sauøy vart bygd i 1904.
Mange feriar på øyane i sommarhalvåret.
Froan består av fleire hundre øyar, i tillegg til ei mengd holmar og skjer. For det meste er øyane låge og småkuperte, med Kunna på 49 moh. som det høgaste punktet. Nokre av øyane har små innsjøar eller tjern som resultat av tidlegare torvuttak for brensel. Nokre få av øyane har beiteland og dyrka areal, og det vert halde sau på Sauøy.
Innhaldsliste |
[endre] Væreigarar
I 1694 selde den dansk-norske kong Christian V Froøyane til stiftsmann og justisråd Hans Kaas i Trondheim. Henrik Borthen kjøpte Froværet i 1779, og hans familie selde været vidare i 1923 til staten som selde vidare til oppsittarane få år etter.
[endre] Busetnad
Gamle buplassar på øyane viser tidleg folkesetnad. Folk frå øya Nordbuan (no fråflytta) reknar slekta si frå Svartedauen, då folk flytta ut her.
Det finst derimot ingen faste haldepunkt til fast busetnad før første halvdel av 1700-talet. Truleg var det fastbuande på Halten før det. Det finnes kjelder som seier at Halten vart nytta som fiskevær heilt tilbake til 1548. Rike fiskeførekomstar medverka til folkevekst og høgt innbyggjartal i høgsesongen som gjorde Halten til det største og viktigaste fiskeværet i Fosen. På det meste skal 900 mann overnatta i skreisesongen tidleg på året.
Folketalsutviklinga har vore markant opp og ned. I 1865 budde det 190 menneske i Froan og i 1900 var dette auka til 272. Folketalet gjekk raskt tilbake etter den andre verdskrigen. I 1960 budde det over 400 menneske i Froan, i 1970 vel 300, i 1983 vel 130 og i 1992 75 personar.
[endre] Levevegar
Folk i Froan har levd av fiske og den vesle landsbruksjorda og få husdyr kunne gje. I tillegg var jakt på sel og fugl viktig, men særleg egg og dunsankningen som vart drive i svært organiserte former. Tidlegare væreigar Borthen organiserte det heile slik at innbyggjarane fekk sine øyar dei kunne sanke på. Folk fekk halde egga, Borthen sjølv tok duna. Rettane til egg og dunsankning vart fleire gonger rettsleg stadfesta ettersom det til tider var stor tilstrøyming frå folk utanfrå. Dokument viser at fredlysing mellom anna skjedde i 1756, 1781, 1801 og i 1810.
[endre] Naturreservat
Froan har det største samanhengende havområdet som er freda som naturreservat i Noreg. Froan naturreservat og landskapsvernområde vart oppretta i 1979. Det er avgrensingar i den frie ferdsel på land i enkelte tider av året.
Det er båtsamband mellom Froan og Sistranda på Frøya eit par gonger i veka, noko oftare i sommarhalvåret.