Frode Elsness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frode Elsness


Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1973 (50 år)
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakkolympiaden 2014, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 2000, Sjakk-OL 2004, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012

Frode Elsness (fødd 15. juni 1973) er ein norsk sjakkspelar. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2008. Frode Elsness blei utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 2001.

I Noregsmeisterskapen i sjakk i Tønsberg 5-13. juli 2008 delte Frode Elsness førsteplassen med Jon Ludvig Hammer, begge med 6,5 poeng på 9 rundar.[1][2] . Det var dermed nødvendig med omkamp om NM-tittelen. I omkampen i Moss 26-27. september 2008 vann Frode Elsness det første partiet, og stod best i det andre då Hammer baud remis, noko Elsness naturlegvis tok i mot. Dermed kunne Frode Elsness motta kongepokalen[3].

Frode Elsness har delteke på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) 6 gongar, i 1996, 2000, 2004, 2010, 2012 og 2014[4].

I 1990 vart Elsness junior-noregsmeister i sjakk.[5] I 2007 vann Elsness det opne NM i hurtigsjakk.[6]

Frode Elsness har to innteikningar i stormeister-tittelen. Den første kom i seriesjakken sesongen 2009-2010, med 7 poeng på 9 parti. Det andre kom i Oslo Chess International i oktober 2011, med 6 av 9 mot sterk motstand.[7] Han har allereie klart kravet om eigen rating på over 2500, med 2506 pr. 1. november 2011, og manglar "berre" det tredje avgjerande stormeister-resultatet for å bli stormeister.

Frode Elsness er no medlem av Schakklubben av 1911. Frode Elsness er lege av utdanning, og arbeider som allmennlege.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Sjakkblad nr. 4, 2008, s. 10-13
  2. Resultat NM i sjakk 2008
  3. Norsk Sjakkblad nr. 5, 2008, s. 10-11
  4. Olimpbase side for Frode Elsness
  5. Brekke 2014 s. 300.
  6. Brekke 2014 s. 307
  7. Frode Elsness sine stormeisternapp hos FIDE