Frode Estil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frode Estil

Frode Estil (fødd 31. mai 1972) er ein norsk langrennsløpar frå Lierne i Nord-Trøndelag. Han fekk dei første verdscuppoenga sine i 1996 med ein niandeplass i eit sprintrenn i Reit im Winkl. Estil sin første verdscupsiger kom i Davos i desember 1999, der han vann ei klassisk tremil.

Estil er kjent for sine raske taktomslag i bratte motbakkar, denne evna har han bruka til å avgjera fleire spurtduellar i sin favør. I 2007 vart Frode Estil tildelt Holmenkollmedaljen saman med Simon Ammann, Odd-Bjørn Hjelmeset og Dronning Sonja.

Meisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]

  • OL 2006: sølv på 2x15 km jaktstart
  • VM 2005: gull på 50 km klassisk, gull på stafetten, bronse på 2x15 km jaktstart
  • VM 2003: gull på 4 x 10 km stafett, bronse på 15 km klassisk og 30 km klassisk
  • OL 2002: delt gull på jaktstarten (saman med Thomas Alsgaard), gull på stafetten, sølv på 15 km klassisk
  • VM 2001: gull på 4 x 10 km stafett, sølv på 30 km klassisk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]