Frode Fjellheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frode Fjellheim, 2014

Frode Fjellheim (fødd 27. august 1959 i Mosjøen) er ein sørsamisk musikar (piano og synthesizer) og vokalist (joik), utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium (198084) og busett i Trondheim der han har vore frilansmusikar og komponist, bl.a. i oppsetningar ved Trøndelag Teater, med Rikskonsertane.

Han har skrive bestillingsverk til bl.a. Festspela i Nord-Noreg (2000) og Telemarkfestivalen (Sørsamar rundt Hardangervidda med bl.a. Transjoik, 2003), og Vinterfestuka i Narvik (Àhkunjárga eller Tøtta sitt ness, 2006)

Sidan 1997 har han òg komponert filmmusikk for NRK og Lars Rasmussen sine barnefilmar.

1990-talet gav han ut plater med «Jazz Joik Ensemble»; i dag er bandet kjent under namnet «Transjoik», som har fire plateutgjevingar. Fjellheim var òg med i «Tango Concertino».

Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er Iren Reppen, Annbjørg Lien, Sverre Porsanger, Ella Holm Bull, Tone Hulbækmo, Ulla Pirttijärvi og Kolbjørn Botten. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, Vuelie.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Sangen vi glemte – Mijjen Vuelieh, (Iđut 1991)
  • Frode Fjellheims Jazz Joik Ensemble, Saajve Dans (Iđut 1994)
  • Joik for kor, (Vuelie 2002)
  • Aejlies Gaaltije – den hellige kilden (Vuelie 2004)
  • Med joik som utgangspunkt, (Vuelie 2004)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]