Frogner stadion

Koordinatar: 59°55′37.27″N 10°42′34.47″E / 59.9270194°N 10.7095750°E / 59.9270194; 10.7095750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′37.27″N 10°42′34.47″E / 59.9270194°N 10.7095750°E / 59.9270194; 10.7095750

Frogner stadion

Adresse Middelthunsgate 28, Oslo
Eigar Oslo kommune
Underlag Kunstis/ kunstgras
Banestorleik 400 m
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1914/2010
Stengd

Frogner stadion er eit stadionanlegg på Frogner i Oslo i utkanten av Frognerparken. Etter rehabiliteringa i 2009 har banen fått ei heil kunstfrossen isflate for bandy og hurtigløp på skøyter. Sommarstid er det kunstgrasdekke på banen,[1] og arena for amerikansk fotball (Oslo Vikings), lacrosse og fotball. Forutan skøytesport og bandy har banen gjennom historia vore arena for både cupfinalar i fotball og internasjonale friidrettsstemne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første Frogner stadion blei opna i 1901, og vart snart byens hovudarena for skøyteløp. Inntil då hadde skøytekonkurransar gått på Frognerkilen, på Majorstubanen eller utanfor Vippetangen. Gamle Frogner stadion, som etterkvart òg vart nytta til fotball, låg omtrent der tennisbanane ved Kirkeveien ligg i dag. I 1914 vart Frogner stadion flytta til si noverande plassering. Fram til andre verdskrig var dette hovudarena for skøytesporten i Oslo, etter krigen overtok Bislett denne rolla.

I 1948 brann tribunar og klubbhus, og eit nytt anlegg vart ikkje fullført før i 1965. Oslo Skøiteklub hadde framleis ein del aktivitet på banen, mellom anna det årvisse Oscarløpet. På grunn av ustabile forhold og stadig lengre mildversperiodar utover på 1980-talet, vart stadig meir av skøyteaktiviteten i byen flytta til kunstisbanen på Valle-Hovin.

I 2009 vart det sett i gang større rehabiliteringsarbeid på banen. Planen var at ein ny kunstisbane skulle opne i løpet av sesongen 2009/10, men snaue to veker før den planlagde opninga i januar 2010 vart oppstarten av kunstisanlegget utsett ein sesong på grunn av forseinkingar i byggearbeida.[2]

Store arrangement[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1940 vart alle internasjonale skøytemeisterskap i Oslo halde på Frogner stadion, så nær som VM i 1925, som gjekk på Bislett. Midt på 1930-talet vart Frogner stadion verdas viktigaste bane for utvikling av hurtigløp for kvinner; dei tre første uoffisielle verdsmeisterskapane for kvinner, i 1933, 1934 og 1935, vart halde her.

I februar 1920 hadde Oscar Mathiesen ein duell mot amerikanaren Bobby McClean framfor eit stort publikum på Frogner stadion. Mathiesen vann denne duellen over fire distansar og fekk med dette den uoffisielle tittelen Professional World Champion.

Verdsrekordar sett på banen[endre | endre wikiteksten]

Alt i opningsstemnet 10. januar 1914 sette Oscar Mathisen verdsrekord på 500 m på den nye banen med 43,7 - første tid under 44 sekunden. Dagen etter gjekk han 1500 m på 2.19,4, som var første tid under 2.20.

Seinare har både Oscar Mathisen, Harald Strøm og Ivar Ballangrud sett verdsrekord på 5000 m på denne banen. På 1930-talet vart det seks gonger sett verdsrekord for kvinner på Frogner - ved skøytepionerane Synnøve Lie, Undis Blikken og Laila Schou Nilsen. Schou Nilsens 2.38,1 stod urørt i 13 år. Etter krigen er det ikkje saett nokon verdsrekord på Frogner Stadion.

Oscar Mathiesen og Sonja Henie[endre | endre wikiteksten]

Frogner stadion var heimebane både for Oscar Mathisen og Sonja Henie, som begge er blitt heidra med eigne statuar utanfor banen. Statuen av Oscar Mathiesen, som er forma av Arne Durban, vart avduka i 1959. Oscarstatuetten, ein pris for årets største skøytebragd, er ein miniatyr av denne statuen.

Statuen av Sonja Henie, forma av Per Ung, vart avduka i 1986.

Rehabilitering av banen[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei siste tiåra har det vore mange forslag til planer for vidare utvikling av området, både innandørs skøytehall og fotballstadion,[3] men dette har som oftast stranda på manglande økonomisk dekning og av omsyn til det freda Vigelandsanlegget. I april 2008 vart det endeleg vedtatt å løyve pengar til ei rehabilitering av anlegget, som omfatta både bygging av heil kunstisbane og rehabilitering av garderobeanlegg og klubblokale.[4]

Opningsstemnet på det rehabiliterte Frogner stadion skulle vere Oscarløpet 16.-17. januar 2010. Men ombygginga av banen tok meir tid enn forventa, og det vart derfor ikkje skøyteløp på Frogner stadion før sesongen 2010/2011.

Den 20. november 2010 spelte Frigg Bandy sitt A-lag den første bandykampen nokonsinne på Frogner Stadion i nyare tid. A-laget har alt begynt å trene, og banen framstår som moderne og særs god. Frigg Bandy har gleda av å nytte Frogner Stadion i åra framover som heimebane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]