Froland kommune
| Froland kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0919 |
| Fylke | Aust-Agder |
| Adm.senter | Osedalen/Blakstad |
| Areal | 642 km² |
| Folkemengd | 5 264 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Sigmund Pedersen (Sp) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.froland.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Froland kommune på Commons | |
Froland er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Åmli, i nordaust mot Vegårdshei, i søraust og sør mot Arendal i sørvest mot Birkenes, og i vest mot Evje og Hornnes og Bygland.
Kommunen vart til ved samanslåing av tidlegare Froland og Mykland kommunar i 1967.
Innhaldsliste |
Historikk [endre]
Frolands verk vart grunnlagd som jernverk i 1763 og drive slik fram til 1867. Etter kvart tok skogsdrift og sagbruk over. I dag er hovudbygget frå 1791 freda, og den gamle stallen vert nytta som kultursenter.
Næringsliv [endre]
Energiselskapet Arendals fossekompani, grunnlagd 1896, driv tre kraftstasjonar i Froland og Åmli. Energiselskapet har hovudkontoret sitt på Bøylefoss i Froland.
Nelaug i Froland er fyrste stasjon på Arendalsbanen (tidlegare Nelaugbanen), som bind saman Sørlandsbanen og Arendal.
Kommunevåpenet vart godkjend i 1986. Det viser eit sylvfarga ekorn mot ein grøn bakgrunn. Grønfargen symboliserer skog og skogsdrift.
Kjende personar med tilknytting til Froland [endre]
- Niels Henrik Abel, matamatikar. Han døydde på Frolands verk i april 1829 og er gravlagd på Froland kyrkjegard.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Aust-Agder | ||
|---|---|---|
| Arendal · Birkenes · Bygland · Bykle · Evje og Hornnes · Froland · Gjerstad · Grimstad · Iveland · Lillesand · Risør · Tvedestrand · Valle · Vegårshei · Åmli | ||