From Genesis to Revelation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
From Genesis to Revelation
Studio av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 7. mars 1969
Innspelt August 1968 (utanom «Silent Sun», innspelt desember 1967)
Studio Regent Sound Studios i Soho i London
Sjanger
Lengd 43:25
Selskap Decca
Produsent Jonathan King
Genesis-kronologi 
From Genesis to Revelation Trespass
(1970)


Singlar frå From Genesis to Revelation
  1. «The Silent Sun»
    Utgjeve: 2. februar 1968
  2. «A Winter's Tale»
    Utgjeve: 10. mai 1968
  3. «Where the Sour Turns to Sweet»
    Utgjeve: 27. juni 1969
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Classic Rock5/10 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[3]

From Genesis to Revelation er debutalbumet til Genesis, utgjeve i mars 1969 på Decca Records i England og London Records i Nord-Amerika. Albumet oppstod frå ei samling av demoinnspelingar frå 1967, medan medlemmane i Genesis var elevar ved Listeerhouse i Godalming i Surrey. Det vart produsert av Jonathan King, som oppdaga dei i 1967 då medlemmane i Genesis var elevar ved Charterhouse School, der King òg hadde gått.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Genesis bestod opphavleg av Peter Gabriel, Tony Banks, Mike Rutherford og Anthony Phillips, utan trommeslagar. Då Jonathan King merka seg ein av demoane deira, tok han dei under vengjene sine, samt at skulevenen deira Chris Stewart spelte trommer. Dei spelte inn «The Silent Sun» som den første singelen sin. Han vart sidan skildra som ein «Bee Gees-pastisj» skriven hovudsakleg for at King skulle like det. Singelen kom ut i februar 1968, men selde dårleg. Oppfølgjaren tre månader seinare, «A Winter's Tale», gjorde det heller ikkje bra. Etter å ha erstatta Chris Stewart med John Silver fekk King dei til å skrive eit heilt album, laust basert på Bibelen. Albumet vart spelt inn i august 1968 i skuleferien, og seinare vart det lagt på strykarar og blåsarar av King, noko som ergra bandet. King let songane gli over i kvarandre som på eit konseptalbum.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

From Genesis to Revelation vart gjeven ut fleire månader seinare i eit svart omslag med tittelen skriven i gotiske gullbokstavar øvst i venstre hjørnet. Med lite anna å gå etter, sette butikkane albumet i avdelinga for religiøs musikk. Albumet selde først 650 eksemplar. Då bandet vart verdskjend gjekk From Genesis to Revelation opp til 170. plass på albumlista i USA i 1974.

Namnet på bandet vart fjerna frå omslaget fordi Decca hadde oppdaga at eit lite kjend amerikansk band hadde det same namnet, og bad King endre namn på bandet, noko han avslo.[4] Amerikanske «Genesis» var truleg eit band frå Los Angeles som gav ut eit album kalla In The BeginningMercury i 1967.[5], eller det kan ha vore eit enno meir obskurt R&B-band frå Massachusetts.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Genesis enda avtalen med både Decca og Jonathan King og ønskte å styre musikken dei laga sjølv. Sjølv om King hadde meir erfaring og prøvde å få Genesis til å selje plater, følte dei seg meir og meir avgrensa av King som prøvde å korte ned dei stadig lengre og meir vågale songane deira. Bandet vart profesjonelle hausten 1969 og etter å ha erstatta John Silver med John Mayhew på trommer, starta Genesis å formulere musikken som førte til Trespass året etter og dei var snart signert til Charisma Records. Trass i kunstnarisk usemje med King, hevdar Rutherford at Genesis er takksame for produsenten:

Jonathan King, sjølv om han hadde manglar, gav oss eit fantastisk høve. Fordi på den tida, i England, kunne ein ikkje gå i studio. I dag kan ei ny grpupe lett spele inn musikk, men den gong var det berre heilt magisk å få ein slags platekontrakt. Og han gav oss sjansen til å lage ei heil plate. Du har ei gruppe musikarar som var verkeleg amatørar, og kunne så vidt spele bra, var berre så vidt ei gruppe, og me kunne nytte sommarferien vår på å spele inn ei plate.[6]

Sjølv om albumet opphavleg vart gjeve ut på Decca Records, har From Genesis to Revelation sidan vorte lisensiert vidare til mindre selskap, som ofte nytta forskjellige omslag eller forskjellige titlar.[7] Det er på grunn av desse lisensane at albumet ikkje er med i plateboksen Genesis 1970–1975, som dekkjer perioden Peter Gabriel var songar i bandet.

Den 27. juli 1990 vart albumet gjeve ut som ei dobbelplate. Den andre plata inneheld fire songar som var på And the Word Was....., fire tidlegare versjonar av songar på albumet og ti intervju.[8]

25. oktober 2010 vart albumet gjeve ut som ei spesialutgåve på iTunes. Dette omfatta bonusspora frå 1990-utgåva.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tony Banks, Peter Gabriel, Anthony Phillips og Mike Rutherford.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Where the Sour Turns to Sweet»3:14
2.«In the Beginning»3:42
3.«Fireside Song»4:16
4.«The Serpent»4:36
5.«Am I Very Wrong?»3:28
6.«In the Wilderness»3:21
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Conqueror»3:44
2.«In Hiding»2:56
3.«One Day»3:16
4.«Window»3:53
5.«In Limbo»3:06
6.«Silent Sun»2:08
7.«A Place to Call My Own»1:57
Nr.TittelLengd
1.«A Winter's Tale»3:31
2.«One-Eyed Hound»2:31
3.«That's Me»2:38
4.«Silent Sun» (singelversjon)2:12
5.«Image Blown Out»2:11
6.«She's so Beautiful»3:46
7.«Try a Little Sadness»3:18
8.«Patricia»3:05
9.«Interviews»21:53
Bonusplate frå 2005
Nr.TittelLengd
1.«Patricia» (demo 1967)3:08
2.«Try a Little Sadness» (demo 1967)3:21
3.«She is Beautiful» (demo 1967)3:48
4.«Image Blown Out» (demo)2:49
5.«The Silent Sun» (singel A-side)2:15
6.«That's Me» (singel B-side)2:40
7.«A Winter's Tale» (singel A-side)3:32
8.«One-Eyed Hound» (singel B-side)2:34
9.«Where the Sour Turns to Sweet» (demo 1968)3:16
10.«In the Beginning» (demo 1968)3:32
11.«In the Wilderness» (uferdig miks med strykarar 1968)2:59
12.«One Day» (uferdig miks 1968)3:08
13.«Image Blown Out» (uferdig miks 1968)2:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Genesis

Andre medverkande

  • Chris Stewart – trommer på «Silent Sun»
  • Arthur Greenslade – arrangement for strykarar og blåsarar, dirigent
  • Lou Warburton – arrangement for strykarar og blåsarar, dirigent

Produksjon

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Britiske LP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Decca LK 4990 (1969): Mono 1. utgåve
  • Decca SKL 4990 (1969): Stereo 1. utgåve
  • Decca SKL 4990 (1974): Nyutgjeving, kalla In The Beginning

Amerikanske LP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • London XPS 643 (1974): 1. utgåve
  • London LC50006 (1977): 2, utgåve, kalla In the Beginning
  • London 820 496-2 (1987): CD-utgåve, kalla And the Word Was.....

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «Allmusic review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 28. februar 2020. 
  2. Hotten, Jon (Mars 2012). «Genesis - From Genesis to Revelation». Classic Rock (168): 107. 
  3. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  4. «genesis-path.net». genesis-path.net. Henta 24. september 2012. 
  5. allmusic.com
  6. Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation.
  7. From Genesis to RevelationDiscogs (liste over utgjevingar)
  8. http://www.allmusic.com/album/r8163
  9. «iTunes: From Genesis to Revelation (Special Edition)». Itunes.apple.com. 25 October 2010. Henta 24. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]