Frontlastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fig. 1 International Harvester 2927 med Ålø Quicke frontlastar.
Fig. 2 Zetor 10641 med frontlastar.
Fig. 3 Transport av rundballar med frontlastar.
Fig. 4 Ein MTZ-Belarus med frontlastar.

Frontlastar, òg kalla lessapparat, er ein frontmontert traktorreiskap som vert nytta til lasting, planering og av og til transport over korte avstandar.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Frontlastarar har to løftearmar, ein på kvar side av traktoren, som vert lyfta av hydrauliske sylindrar[1]. På enden av lyftearmane vert det montert ymse typar skuffer, eller anna reiskap. Moderne frontlastarar har som oftast dobbeltverkande løftesylindrar, som gjer det lettare å fylla skuffa, syta for at planeringsskjer har rett arbeidsdjupn, osv. Vinkelen på skuffa vert endra med hjelp av to separate dobbeltverkande sylindrar, figur 2. Mange frontlastarar har òg parallelføring, figur 2, noko som er nyttig til dømes ved bruk av pallegaffel.

Frontlastarar som vert nytta innan landbruket vert ofte drivne av same hydraulikkpumpe som trepunktsopphenget på traktoren. Ein annan variant er ei oljepumpe montert i front av traktoren direkte kopla til veivakselen på traktormotoren. Oljen går fyrst til ein styresentral og deretter via røyr og slangar til hydraulikksylindrane på frontlastaren. Slangane har snøggkoplingar, for å letta av- og påmontering. Det er viktig å tørka av snøggkoplingane på slangane for dei vert førte saman, slik at det ikkje kjem ureinheiter inn i hydraulikksystemet. Mange frontlastarar har ein ekstra styreventil for bruk i samband med gripeutstyr og liknande.

Frontlastaren vert manøvrert frå førarhuset på traktoren. Tidlegare var styresentralen plassert i eller rett utanfor førarhuset og manøvreringsspakane var plasserte direkte på sleideventilane i sentralen. Moderne frontlastarar har som oftast elektro-hydraulisk manøvrering og føraren nyttar ein ergonomisk plassert styrepinne.

Montering[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg at frontlastarar er utstyrte med snøggkopling, slik at dei kan verta montert av eller på på nokre minutt. Ein slepp då å køyra rundt med frontlastaren når ein ikkje har bruk for han. Det opnar òg moglegheita for å nytta han på meir enn ein traktor, om begge traktorane er utstyrte med rett type snøggkopling.

Den delen av snøggkoplinga som sit på traktoren vert montert med festebrakettar som vert skrudd fast på traktoren. Desse må tilpassast kvar einskild traktormodell, men frontlastarprodusentane er raske til å tilpassa brakettane til nye traktorar, slik at lastarane deira kan nyttast saman med så mange traktorar som mogleg. Større frontlastarar som vert nytta på traktorgravarar har ofte festerammer som går bakover og er feste på bakakselen, eller på ramma som mange moderne traktorgravarar er utstyrt med.

Reiskap[endre | endre wikiteksten]

Fig. 5 Gjødselgreip.

Mange ulike typar skuffer er tilgjengelege. Forutan universalskuffer, som vist på figur 1, finst det skuffer med tenner, planeringsskuffer, snøskuffer, osb. Vidare finst det silograbbar, pallegaflar, rundballspyd, naturgjødelsgreiper[1] som vist i figur 5, hydraulisk opererte gripereiskap, snø- og planeringsskjer, osv. Nokre produsentar leverer òg forlengingsmodular som aukar lyftehøgda.

Krav til traktoren[endre | endre wikiteksten]

Bruk av frontlastar aukar påkjenningane på framakselen, men moderne landbrukstraktorar er som oftast dimensjonerte for bruk av frontlastar. Det er ein føremon at traktoren har firehjulsdrift, ettersom dette aukar både framkomstevna og, på grunn av store framhjul, bereevna. Om ein planlegg å nytta traktoren mykje med frontlastar kan det vera fornuftig å montera dekk med fleire lag enn standard på framhjula. Det kan òg vera naudsynt å auka lufttrykket i framhjula når ein skal utføra mykje tungt frontlastararbeid.

Krav til aktsemd[endre | endre wikiteksten]

På grunn av at framakselen på traktoren pendlar på midten vert stabiliteten redusert ved bruk av frontlastar. Det er difor naudsynt å syna aktsemd ved tunge løft og i bratt lende. For å auka stabiliteten vert det ofte nytta ei bakmontert motvekt.

Ved køyring på offentleg veg bør gaflar og reiskap med tinnar verta avmontert. Om ein transporterer last bør lasta sikrast slik at ho ikkje dett av og skadar andre trafikantar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Tidleg vinsjoperert frontlastar, montert på ein International Harvester Farmall.
Fig. 6 Eicher EM 200 med frontlastar, frå ca. 1960.

Dei aller fyrste frontlastarane vart opererte med vinsjar, noko som var tungvint og lite praktisk. Dei fyrste hydrauliske frontlastarane kom på marknaden tidleg på 1950-talet, då hydrauliske pumper, sylindra, ventilar og høgtrykkslangar var tilgjengelege til ein overkommeleg pris. Tidlege frontlastarar hadde enkeltverkande løftesylindrar og reiskapen var montert med ein fast vinkel og hadde manuell utløysing. Figur 6 syner eit lessapparat frå tidleg på 1960-talet. Traktorane på denne tida var ikkje dimensjonerte for den ekstra belastninga og framaksel/forstilling og framhjul fekk slitasjeskadar. Av og til kunne framakselen eller dekka på framhjula verta øydelagt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,