Froskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buttsnutefrosk (Rana temporaria) med froskeegg.
Frosk som sym

Froskar er slanke, vasslevande amfibium i ordenen halelause padder (Anura). Omgrepet er ikkje ei taksonomisk gruppe, men er ei polyfyletisk gruppe der padder ikkje er tekne med. Denne inndelinga gjev ei viss meining i europeisk samanheng, der ho omtrent samsvarer med familiane ekte froskar Ranidae og padder (Bufonidae). Utanfor Europa finst det derimot halelause padder som ikkje fell naturleg inn i denne grupperinga.

Den arten ein gjerne meiner når ein snakkar om «frosk» på norsk er buttsnutefrosk (Rana temporaria).[1] I Noreg finst det elles fire andre artar ein kallar froskar. Rana er ei biologisk slekt med ein del typiske froskar, medan familien ho høyrer til, Ranidae, blir kalla ekte froskar.

I Noreg er det registrert fire froskeartar:

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Norske dialektnamn
hoppetosse, hoppetuss(e), hoppetrausk (Jæren), mylapp
Namn på andre språk
Norrønt froskr
Svensk groda
Dansk frø
Engelsk frog
Tysk Frosch
Fransk grenouille
Spansk rana

«Frosk» kjem av norrønt froskr og har samanheng med ordet «frode» (bokmål «fråde»).[1] Ordet er i slekt med engelsk frog og tysk Frosch og kjem frå urgermansk *fruska-z med den urindoeuropeiske rota *preu- ('å hoppe, springe').[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «frosk» i Nynorskordboka
  2. Latterleg frosk på Finnøy - aftenbladet.no (besøkt 14.nov 2008)
  3. frog ved Online Etymology

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Froskar