Froskemunnar
| Froskemunnar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Caprimulgiformes | |
| Familie: | Podargidae | |
Froskemunnar (Podargidae) er ein biologisk familie av 13 nattaktive fugleartar plassert i ordenen natteramnar. Dei lever i området frå India gjennom det sørlege Asia til Australia.
Namnet froskemunn kjem av det store, flate nebbet og det froskeliknande gapet, som dei brukar til å snappe insekt med. Dei er svake flygarar.
Om dagen kviler froskemunnar stille på ei grein og liter på at den kamuflerande fjørdrakta gjer han umerkeleg. Hoa legg opptil tre kvite egg i kullet i gaffelen på ei grein, og hoa rugar om natta medan hannen tar ruginga på dagen.
Artane i slekta Podargus er store froskemunnar med leveområde i Australia og Ny-Guinea, dei har massive flate, breie nebb. Podargus er kjente for å ta større byttedyr som frosk, mus, osv., som dei nokon gonger slår mot ein stein før dei svelgjer byttet.[1] Dei ni Batrachostomus-froskemunnane finst i tropisk Asia. Dei har mindre og meir avrunda nebb og er i det store insektetarar. Både Podargus og Batrachostomus har bustar rundt nebbrota, og Batrachostomus har andre, lengre bustar som kan ha ein funksjon som vern mot insekt.[1]
I april 2007 vart det skildra ei ny slekt av froskemunnar på Salomonøyane. Slekta fekk vitskapleg namn Rigidipenna og engelsk artsnamn er 'Solomon Islands Frogmouth'.[2]
Artsliste [endre]
Froskemunnar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2009 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
- Podargus
- Uglefroskemunn, Podargus strigoides
- Marmorfroskemunn, Podargus ocellatus
- Kjempefroskemunn, Podargus papuensis
- Rigidipenna
- (utan norsk namn), Rigidipenna inexpectata[2]
- Batrachostomus
- Kurrefroskemunn, Batrachostomus auritus
- Dulitfroskemunn, Batrachostomus harterti
- Bandolærfroskemunn, Batrachostomus septimus
- Stjernefroskemunn, Batrachostomus stellatus
- Singalesarfroskemunn, Batrachostomus moniliger
- Bengalfroskemunn, Batrachostomus hodgsoni
- Sumatrafroskemunn, Batrachostomus poliolophus
- Javafroskemunn, Batrachostomus javensis
- Sundafroskemunn, Batrachostomus cornutus
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Frogmouth» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2010.
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Clementslista frå desember 2009.
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Perrins, Christopher (2003). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 342. ISBN 1-55297-777-3.
- ↑ 2,0 2,1 Ny akseptert art 2007 The Clements Checklist, Updates & Corrections - Dec 2008
Bakgrunnsstoff [endre]
- UF vitskapsfolk oppdagar ei ny fugleslekt av froskemunnar på Salomonøyane
- Videoar med froskemunnar frå the Internet Bird Collection