Frost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om rim og frost. For Disney-filmen, sjå Frozen.
Rim på lauv.
Rim på bil.

Rim eller frost er eit resultat av deposisjon av vassdamp i metta luft eller at vassdamp kondenserer til vassdropar som så frys til is. Viss lufta nær ei flate eller ein lekam kjem under frysepunktet, vil vassdampen i lufta fryse direkte til is når den kjem i kontakt med overflata. Storleiken på iskrystallane er avhengig av tid og kor mykje vassdamp som er tilgjengeleg.

Rim oppstår oftast på lekamar med låg spesifikk varmekapasitet og lekamar med stor varmeutstråling. Av og til oppstår det berre rim på delar av bakken, og det kjem delvis av små høgdeskilnader. Fordi kald luft er tyngre enn varm luft, vil den kalde lufta samle seg ved overflata under rolege vêrforhold. Dette er kjend som ein temperaturinversjon. Dette forklarar kvifor rim oftare oppstår i lågtliggande område som dalar og søkk i naturen.

Når rim oppstår på innsida av vindauge tyder det ofte på låg relativ fukt i lufta på innsida, elles ville vassdamp ha kondensert til små dropar på ruta og så frose til klar is.

Typar frost[endre | endre wikiteksten]

Rimfrost[endre | endre wikiteksten]

Strålingsfrost[endre | endre wikiteksten]

Rimfrost ein kald vinterdag
Rim på vindauge
Rimfrost

Strålingsfrost oppstår på kalde, klåre netter når varmetapet frå jordoverflata er stort. Ein effekt av dette er at kaldlufta flyt nedover ei helling og dannar lommer med særs kald luft i dalar og søkk i terrenget. Rimfrost kan i slike område oppstå sjølv om lufttemperaturen berre få meter over bakken er godt over null grader. Der frosten oppstår vil temperaturen vere under null.

Adveksjonsforst[endre | endre wikiteksten]

Adveksjonsfrost eller vindfrost viser til små isnåler som oppstår når særs kald vind bles over greiner på tre, stokkar og andre flater. Rim dannar seg på ytterkantane av blomar og lauv og oppstår som regel mot vindretninga.

Frostblomar[endre | endre wikiteksten]

Frostblomar oppstår ved låge temperatur før jordoverflata er frosen. Vatnet i stilken til plantene utvidar seg når det frys, og fører til lange sprekker i stilken. Vatnet, på grunn av kapillaritet, vil strøyme ut sprekkene og frys når det kjem ut i kontakt med lufta. Denne typen frost kan i seg sjølv sjå ut som blomar. Dei er sjeldne og varer sjeldan meir enn ein dag.

Rim på vindauge[endre | endre wikiteksten]

Det kan oppstå rim på vindauge når glasruta er utsett for kald luft på utsida og forholdsvis fuktig luft på innsida. Ruter som ikkje er godt isolert (til dømes vindauge utan doble glas) er mest utsett for dette. Vindauget er nesten alltid kaldare i botn enn på toppen, så rimet dannar seg vanlegvis i botn og spreier seg gradvis oppover ruta. Støv, riper og ujamne ruter fører til at rimet oppstår i uregelmessige mønster på ruta. Om lufta innandørs er særs fuktig kan vatnet først kondensere til små dropar som så frys til klår is.

Ising[endre | endre wikiteksten]

Ising er ein type frost som oppstår raskt, ofte under tilhøve med mykje fukt og mykje vind. For skip som seglar i arktiske strok med låg lufttemperatur, kan bølgjene som slår opp på skipet fryse til is i den kalde lufta. Denne typen frost har ein annan utsjånad enn rimfrost, og har som regel ei meir solid form.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Frost

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991). Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala. Alma Mater Forlag. s. 165-168. ISBN 82-419-0063-5.