Frostforvitring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein frostsprengt stein i Abisko i Nord-Sverige.

Frostforvitring er mekanisk forvitring der vatn trengjer inn i sprekkar i berggrunnen og sprenger han i stykke ved frysing. Frostsprenginga kjem av at vatnet utvidar seg 9 % når det går over frå flytande til fast form. Frostsprenginga blir først effektiv når temperaturen i berget fell til kring - 5 ºC og alt vatnet er frose. Stadige temperatursvingingar omkring 0 °C har liten verknad. Frostsprenging skapar blokkmark og urer, og er årsak til steinsprang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]