Frostrøyk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frostrøyk over elva Tana ein kjølig dag i juli

Frostrøyk, sjørøyk, frosttåke eller damptåke dannast når kald luft driv over ei varmare vassflate. Lufta tilførast vassdamp frå vassflata, når metting, og kondensasjon oppstår. Samstundes stig lufta som er vorte tilført varme frå underlaget, og frostrøyken virvlast opp i spiralforma rørsler. I høgda fordampar kondensen på nytt i umetta luft, slik at frostrøyk sjeldan når særleg høgt.

Frostrøyk er eit vanleg fenomen over elver og innsjøar om hausten og tidleg på vinteren medan vatnet enno er relativt varmt. Frostrøyk (sjørøyk) er òg vanleg i norske fjordar og langs kysten om vinteren, når kald luft frå land driv til havs.

Under spesielle tilhøve kan sjørøyken bli kraftig. Når svært kald luft frå isdekte område i Arktis og Antarktis om vinteren blæs ut over ope hav, med ein temperaturskilnaden på 20-30 °C mellom luft og havoverflate, kan tåka bli særs tjukk og dekke store område.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk