Frysing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Frysing er ein avkjølingsprosess av ei væske til temperaturen der væska går over til fast stoff. Denne temperaturen vert kalla frysepunktet. Smelting er det motsette av frysing, og er ein prosess der fast stoff går over til væskeform. For dei flest stoff er temperaturen for smelte- og frysepunktet det same. Rask avkjøling i samband med kryogene temperaturar, kan derimot få eit stoff til å fryse under smeltepunktet.

Frysepunktet for enkelte reine stoff, som heilt reint vatn, er lågare enn smeltetemperaturen. Frysepunktet til vatn er berre lik smeltepunktet når ein har små partiklar i vatnet som hindrar underkjøling. Smeltepunktet til vatn er 0 °C. Utan frysekjernar kan ein få underkjølt vatn ned til −42 °C, før det frys til is. Med frysekjernar er frysepunktet til vatn om lag det same som smeltepunktet. Frysekjernar, som støv, er vanleg i lufta, og derfor vil regnvatn og vatn frå springen vanlegvis fryse ved smeltepunktet til vatn.

Frysing er ein vanleg metode til å konservere mat på, som hindrar maten i å rotne og vekst av mikroorgansimar. Når vatn frys til is hindrar ein bakterievekst og kjemiske reaksjonar.