Fuglane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå eventuelt Fuglar

Fuglane er ein norsk roman skriven av Tarjei Vesaas og utgjeven i 1957.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Mattis og systera Hege bur toeine i ei hytte attmed ein sjø i skogen. Hege stellar for begge to og tener til livsopphaldet ved å strikke for folk. Mattis gjer lite arbeid dei kan tene pengar på, og har heller ikkje vidare arbeidsevne - i bygda er han berre «Tusten». Men han følgjer vake med på det som skjer i naturen. Han oppdagar rugda som trekk over hustaket deira, og han tolkar det som eit varsel.

Mattis er flink til å ro, og han finn ut at han kan gjere nytte for seg som ferjemann. Langt om lenge får han sin første passasjer, ein tømmerhoggar som slår seg til i hytta hos Mattis og Hege. No er ikkje Mattis lenger åleine om kjærleiken til systera, og lesarane får følgje Mattis sin kamp om merksemda hennar. Som roar får Mattis også møte nokon som ser han som menneske, ikkje berre som «Tusten».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Boka var representert som ein av 32 romanar i verket Norges nasjonallitteratur frå 1968.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fuglane av Tarjei Vesaas hjå Nasjonalbiblioteket

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.