Fuglar etter klassifisering
Dette er ei side som gjev eit oversyn over inndelinga av alle verdas nolevande fugleartar. Det er lagt vekt på inndeling i to nivå, biologisk orden og familie. Når leksikonet er vel utvikla vil kvar familie ha sin artikkel kor ein kan navigere vidare til artar, eventuelt gjennom slekter.
Inndeling og rekkjefølgjer er gjort etter The Clements Checklist of Birds of the World, sjette utgåve, revisjon 6.7 av september, 2012 på Internett.[1] Taksonomien og nomenklaturen i lista følgjer regionale autoritetar som British Ornithological Union, American Ornithologists’ Union og South American Classification Committee.[2] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Paleognathae [endre]
Paleognathae samlar dei evolusjonsmessige mest primitive nolevande fuglane.
Strutsefuglar – Struthioniformes [endre]
- Strutsefamilien, Struthionidae:
- Nandufamilien, Rheidae:
- Kasuarfamilien, Casuariidae:
- Emufamilien, Dromaiidae:
- Kivifamilien, Apterygidae:
Tinamufuglar – Tinamiformes [endre]
- Tinamufamilien, Tinamidae: Rypeliknande gravande fuglar i Sør-Amerika. Minner om hønsefuglar med kort hale og korte, breie venger.
Neognathae [endre]
Mest alle levande fuglar i verda er ein del av superordenen Neognathae. Sporvefuglar aleine utgjer over 5000 artar.
Andefuglar – Anseriformes [endre]
- Gjetarfuglfamilien, Anhimidae: Dei tre artane i familien finst berre i Sør-Amerika, frå Venezuela til nordre Argentina. Dette er store klumpete fuglar med lite hovud, lange bein og lange tær.
- Skjorgåsfamilien, Anseranatidae: Skjorgås er monotypisk i familien, men i Clementslista ein del av andefamilien
- Andefamilien, Anatidae: Svaner, gjæser og ender
Hønsefuglar – Galliformes [endre]
- Omnhønsfamilien, Megapodiidae: mellomstore, bakkelevande klumpete fuglar, kjent for at dei ikkje rugar egga sine sjølve, men grev dei ned og utnyttar rugevarmen frå sola, frå platemateriale som rotnar eller med varme frå geotermiske kjelder.
- Hokkofamilien, Cracidae: Dette er store, kalkunliknande fuglar i tropisk og subtropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
- Perlehønsfamilien, Numididae: Seks artar av bakkehekkande fuglar, dei er insektetarar og frøetarar, og liknar mange artar i fasanfamilien. Naturleg utbreiingsområde er i Afrika, men hjelmperlehøne har blitt domestisert introdusert mange andre stader i verda.
- Tannvaktelfamilien, Odontophoridae: Tannvaktlar er små, skye, dagaktive fuglar som lever på bakken i «den nye verda».
- Fasanfamilien, Phasianidae: Fasanfamilien inneheld små, mellomstore og store fuglar med kraftig kropp. Dette er fasanar, rapphøner, vaktlar, frankolinar, påfugl, skogshøns og kalkunar. Har òg arten som er rekna som stamfar for tamhøns.
Lommar – Gaviiformes [endre]
- Lomfamilien, Gaviidae: fem vassfuglar i slekta Gavia med utbreiing i nordlege Eurasia og i Nord-Amerika.
Dukkarar – Podicipediformes [endre]
- Dukkarfamilien, Podicipedidae: Dukkarar er små til middels store, dei har hudlappar som gjer dei vel skikka til å symje og dukke. Føtene er festa langt tilbake på kroppen, så fuglane har vanskar med å gå.
Flamingoar – Phoenicopteriformes [endre]
- Flamingofamilien, Phoenicopteridae:
Pingvinar – Sphenisciformes [endre]
- Pingvinfamilien, Spheniscidae: Finst på den sørlege halvkula. Har mista flygeevna, men er særs gode symjarar. Forlemmene fungerer som luffar under vatn.
Stormfuglar – Procellariiformes [endre]
- Albatrossfamilien, Diomedeidae: Albatrossar er store fuglar som streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet.
- Stormfuglfamilien, Procellariidae: Eigentlege stormfuglar, ei gruppe av sjøfuglar som femnar om havhestar, petrellar, kvalfuglar og lirer.
- Stormsvalefamilien, Hydrobatidae: Stormsvaler er dei minste av sjøfuglane, har ein kosmopolitisk distribusjon, kjem på land berre for å reprodusere.
- Dukkpetrellfamilien, Pelecanoididae: Dukkpetrellar er fire artar i slekta Pelecanoides, alkefuglliknande små petrellar som lever på sørlege hav.
Tropikkfuglar – Phaethontiformes [endre]
- Tropikkfuglfamilien, Phaethontidae: Tropikkfuglar er tre tropisk pelagiske artar i slekta Phaeton.
Storkefuglar – Ciconiiformes [endre]
- Storkefamilien, Ciconiidae: 19 artar av store fuglar, spreidde i alle verdsdelar unntatt Antarktis. Det karakteristiske for desse fuglane er lang hals, lange kraftige bein og langt nebb.
Suler, skarvar og fregattfuglar – Suliformes [endre]
- Fregattfuglfamilien, Fregatidae: Det er klassifisert fem artar av tropiske pelikanfuglar i ei slekt, Fregata. Dei vert òg kalla piratar.
- Sulefamilien, Sulidae: Suler er ti artar av sjøfuglar som stupdukkar etter fisk ved kystar og på ope hav.
- Skarvefamilien, Phalacrocoracidae: Skarvar er omtrent 40 sjøfuglartar som lever av fisk ved kystar og i vassdrag. Dei finst på alle kontinent, med unnatak av dei sentrale stillehavsøyar.
- Slangehalsfamilien, Anhingidae: To artar, dei er nære slektningar av familien skarvar som dei ofte vert klassifisert saman med.
Pelikanar, hegrar og ibisar – Pelecaniformes [endre]
- Pelikanfamilien, Pelecanidae: Pelikanar er mykje store fuglar med ei spesiell utforming av nebbet som har ein hudpung på undersida som kan nyttast som håv.
- Treskonebbfamilien, Balaenicipitidae: Ein art, treskonebb, særs store fuglar i Aust-Afrika
- Skuggefuglfamilien, Scopidae: Ein art, skuggefugl, ein mellomstor storkefugl i Afrika. Dette er ein fugl som vadar i våtmarkshabitat ved kyst, på savannar og i skog.
- Hegrefamilien, Ardeidae: Hegrar er ei gruppe av ca. 60 artar, dei fleste er knytt til våtland. Klassifisering av dei enkelte artane i gruppa er vanskeleg og omstridt.
- Ibisfamilien, Threskiornithidae: omfattar 32 artar av store vassfuglar med to undergrupper, ibisar og skeistorkar.
Haukefuglar – Accipitriformes [endre]
Over 240 dagaktive rovfuglar som lever av byttedyr eller åtsel. De nattaktive Strigiformes, ugler, er ikkje rekna med som rovfuglar.
- Kondorfamilien, Cathartidae: Kondorar er sju artar med leveområde avgrensa til varme og tempererte område av Amerika. Dei er ikkje nært i slekt med gribbar i «den gamle verda», likskapen mellom desse to gruppene kjem av konvergerande evolusjon
- Fiskeørnfamilien, Pandionidae: Fiskeørna er monotypisk i familien og er ein mellomstor rovfugl som lever nesten berre av fisk som han tar i vassoverflata. Ho finst på alle kontinenta på jorda.
- Haukefamilien, Accipitridae: Haukar, våkar og ørner, gribbar, glentar, slangeørner, kjerrhaukar og vepsevåkar.
- Sekretærfuglfamilien, Sagittariidae: Sekretærfuglen er monotypisk i familien, ein stor rovfugl, endemisk til Afrika, som lever på opent grasland og på tørre savanner. Han er spesialisert på jakt av krypdyr.
Trappar – Otidiformes [endre]
- Trappefamilien, Otididae: Trappar er store bakkelevande fuglar med leveområde på tørt og opent steppeland i «den gamle verda» og Australia. Gruppa samlar 26 artar i 9 slekter.
Mesittar – Mesitornithiformes [endre]
- Mesittfamilien, Mesitornithidae: Tre artar, alle endemiske til Madagaskar. Brunleg farge med fasanliknande utsjånad.
Kagu og solrikse – Eurypygiformes [endre]
- Rhynchotidae: Kagu er monotypisk i familien. Han er endemisk til Ny-Caledonia.
- Eurypygidae: Solriksa finn ein normalt nær elvar og bekker i skogsvegetasjon i lågland opp til 900 moh. i Amerika.
Tranefuglar – Gruiformes [endre]
- Riksefamilien, Rallidae: Ca. 135 artar små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp
- Symjeriksefamilien, Heliornithidae: tre artar tropiske fuglar i tre ulike verdsdelar, Afrika, Asia og Amerika høvesvis. Dei liknar rikser.
- Riksetranefamilien, Aramidae: ein vassfugl som ser ut som ei stor rikse, men er skjelettmessig nærare traner. Arten finst hovudsakleg i våtmarker i varme delar av Amerika,
- Trompetfuglfamilien, Psophiidae: Dei tre artane av trompetfuglar liknar tamhøns i storleik. Dei er runde i kroppsforma. Nebbet er kort og kraftig, hals og føter er lange. Leveområde er skogshabitat i Orinocobassenget og Amazonasbassenget.
- Tranefamilien, Gruidae: Traner er 15 artar langhalsa fuglar spreidd på alle kontinent unntatt Sør-Amerika og Antarktis.
Vade-, måse- og alkefuglar – Charadriiformes [endre]
- Trielfamilien, Burhinidae: Ni artar fuglar i ei slekt. Familien samlar ei gruppe av hovudsakleg tropiske fuglar. Dei finst i tropisk sone over heile verda.
- Slirenebbfamilien, Chionididae: To artar av kvite, klumpete og dueaktige faglar knytt til Antarktis og øyane i Sørishavet.
- Lofamilien, Charadriidae: Ca. 66 artar loar, boltitar og viper, små til mellomstore vadefuglar med kompakt kropp, kort, tjukk hals og lange, vanlegvis spisse venger.
- Gulpesnipefamilien, Pluvianellidae: Ein art, gulpesnipe, sjeldan og særeigen vadefugl som berre finst i det sørlegaste Sør-Amerika, liknar steinvendar i struktur og i levemåte.
- Krabbeetarfamilien, Dromadidae: Ein art, krabbeetar, nyttar varme frå bakken som rugevarme til egga, liknar loar, men har særs lange, grå bein og eit tjukt, kraftig svart nebb.
- Tjeldfamilien, Haematopodidae: 12 artar i ei slekt, alle med stor likskap i storleik og utsjånad.
- Ibisnebbfamilien, Ibidorhynchidae: Ein art, ibisnebb, vadefugl som lever på elvebreiddene i høglandet av Sentral-Asia og Himalaya.
- Avosettfamilien, Recurvirostridae: Ni artar vadefuglar, samlar to distinkte undergrupper, avosettar og stylteløparar. Representantar finst på alle kontinent unntatt på Antarktis.
- Bladhønsfamilien, Jacanidae: Åtte artar tropiske vadefuglar, karakteristisk er enorme føter og klør som gjer dei i stand til å vandre rundt på flytande vegetasjon på grunne innsjøar.
- Snipefamilien, Scolopacidae: Ca. 90 artar sniper og spovar.
- Springvaktelfamilien, Turnicidae: 16 artar på varmt grasland i Asia, Afrika og Australia, dei er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge
- Brakksvalefamilien, Glareolidae: 17 artar i seks slekter, samlar to distinkte undergrupper, brakksvaler og løparar.
- Slettevandrarfamilien, Pedionomidae: Ein art på det australske kontinent, slettevandrar, liten vadefugl, litt slankare enn ein vaktel.
- Rypesnipefamilien, Thinocoridae: Rypeliknande fuglar, familien er delt i to slekter, Attagis og Thinocorus, kvar med to artar. Familien har søramerikansk distribusjon, i regionane Andes og Patagonia.
- Riksesnipefamilien, Rostratulidae: Tre artar i to slekter, liknar ekte sniper. Afrika, India og Søraust-Asia, Australia og sørlege Sør-Amerika.
- Måsefamilien, Laridae: Dei fleste lever ved kyst og hav, utbreidd over heile verda, 52 artar gruppert i 11 slekter.
- Jofamilien, Stercorariidae: Sju artar, har kraftige og krokete nebb, spisse vengjer og forlenga midtre halefjør
- Alkefamilien, Alcidae: Familien har 23 artar fordelt på 10 slekter, alle med leveområde i relativt nordlege, kalde område. Seks av artane lever i Nord-Atlanteren
Sandhøns – Pterocliformes [endre]
- Sandhønsfamilien, Pteroclidae: Tidlegare namn var Pteroclididae i Pteroclidiformes.
Duefuglar – Columbiformes [endre]
- Duefamilien, Columbidae:
Gaukefuglar – Cuculiformes [endre]
- Turakofamilien, Musophagidae: 23 mellomstore artar med særmerkte føter, ofte tydelege fjørkammar på hovudet, lange halar, er òg kjente for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjør.
- Hoatzinfamilien, Opisthocomidae: Hoatzin er einaste fugl i Opisthocomidae, tidlegare i ordenen tranefuglar - Gruiformes
- Gaukefamilien, Cuculidae: Ca. 140 mellomstore, slanke artar som lever i tre, med eit vesentleg mindretal som lever på eller nær bakken. Mange artar er kjente for å legge egg i reir av andre fuglar.
Ugler – Strigiformes [endre]
- Tårnuglefamilien, Tytonidae: Slørugler er ei gruppe på 16 artar, vidt spreidd, men finst ikkje i store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.
- Uglefamilien, Strigidae:
Natteramnar – Caprimulgiformes [endre]
- Uglesvalefamilien, Aegothelidae: Små nattaktive fuglar i ei slekt Aegotheles med dei ni artane i familien. Dei fleste lever på Ny-Guinea. Insektetarar. Fjørdrakta er mjuk i kamuflerande farger.
- Froskemunnfamilien, Podargidae: 13 nattaktive artar som lever i området frå India gjennom det sørlege Asia til Australia. Har stort, flatt nebb og froskeliknande gap.
- Natteramnfamilien, Caprimulgidae: Typiske natteramnar og natthaukar er mellomstore nattlege fuglar med lange venger, korte bein, kort nebb, mjuk og kamuflerande fjørdrakt.
- Potufamilien, Nyctibiidae: Dei sju fugleartane i den biologiske slekta Nyctibius er nattfuglar og insektetarar. Om dagen sit dei på ein trestubb kamuflert som ein del av stumpen.
- Feittfuglfamilien, Steatornithidae: Ein art, feittfugl er ein slank og langvenga fugl med ei kroppslengd på om lag 45 cm. Kan navigere inn i grotter med ekkolokalisering.
Seglarfuglar – Apodiformes [endre]
- Seglarfamilien, Apodidae:
- Treseglarfamilien, Hemiprocnidae:
- Kolibrifamilien, Trochilidae: Apodiformes Trochilidae - Kolibriar er endemisk til Amerika. Dette er særs små og fargeglinsande, nektaretande fuglar som kan sveve, 'stille', i lufta med 15 til 80 vengeslag i sekundet.
Musfuglar – Coliiformes [endre]
- Musfuglfamilien, Coliidae: Musfuglar er ei lita gruppe fuglar som ikkje står nært andre grupper, men det kan vere dei står nærare papegøyar enn andre. Distribusjonen er avgrensa til Afrika sør for Sahara, og Coliiformes er einaste ordenen som berre finst på dette kontinentet.
Trogonar – Trogoniformes [endre]
- Trogonfamilien, Trogonidae: Trogonar og ketsalar. Beste kjenneteikn på artar i familien er at dei har eit arrangement av tærne som ingen andre dyr: tå nummer tre og fire peikar framover, medan nummer ein og to peikar bakover.
Råkefuglar – Coraciiformes [endre]
- Todifamilien, Todidae: Fem artar av små, fargerike fuglar som lever i Karibia.
- Motmotfamilien, Momotidae: Motmotar, Momotidae, er ein familie som lever i den neotropiske regionen. Familien samlar 13 artar med fargerik fjørdrakt og relativt kraftig nebb, alle unntatt ein art, har lang hale med to sentrale halefjør forma som rekkertar.
- Isfuglfamilien, Alcedinidae: Isfuglfamilien, Alcedinidae, er ei gruppe på omtrent 90 artar av særs fargerike fuglar med korte og syndaktyle føter, dei fleste har langt, kraftig og rettpeikande nebb.
- Bietarfamilien, Meropidae: 26 artar med fargesterke fjørdrakt, slanke kroppar, og vanlegvis langstrakte sentrale halefjør, dei fleste artane lever i Afrika.
- Råkefamilien, Coraciidae: 12 artar, liknar kråker i storleik og kroppsbygging, og deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar.
- Markråkefamilien, Brachypteraciidae: Fem artar endemisk til Madagaskar, som liknar råkar, samanlikna med råkar er markråkar mindre fargerike, og dei har stripete eller flekka fjørdrakt.
- Kurolfamilien, Leptosomidae: Ein art, kurol. Han lever på Madagaskar og Komorane, har lite fargesterk fjørdrakt. Nebbet er tjukt og auga sit langt tilbake i andletet. Beina og føtene er små.
- Hærfuglfamilien, Upupidae: Hærfugl har ein karakteristisk og kraftig farga fjørdrakt i svart, kvitt og oransje, kan reise ein fjørkam på hovudet. Madagaskarhærfugl har stor likskap.
- Kakelarfamilien, Phoeniculidae: Åtte artar med iriserande fjørdrakt, ofte blå, grøn eller lilla, manglar kam på hovudet lik den hærfuglar har.
- Hornfuglfamilien, Bucerotidae: Nær 60 artar med utbreiing i tropisk og subtropisk Afrika og Asia. Kjenneteiknet for hornfuglar er eit kraftig og nedbøygd nebb som ofte har klåre farger og som kan ha ein utvekst på oversida av overnebbet.
- Bucorvidae, (Bakkehornfuglfamilien): Dei to artane av maskehornramnar i slekta Bucorvus.
Jakamarar og dovenfuglar – Galbuliformes [endre]
- Dovenfuglfamilien, Bucconidae: Dovenfuglar er små og tjukkfalne. I kroppsforma liknar dei mykje på jakamarar, men manglar dei glansfulle fargene til jakamarar. Lever i regionen frå Sør-Amerika nord til Mexico. Dei 35 artane av dovenfuglar er nærmast relatert til jakamarar.
- Jakamarfamilien, Galbulidae: Jakamarar er små til mellomstore fuglar frå 14 til 34 cm lange. Dette er skinande elegante fuglar med langt nebb og lang stjert. Jakamarar, lever i Sør-Amerika og Sentral-Amerika nord til Mexico.
Spettefuglar – Piciformes [endre]
- Skjeggfuglar er runde i kroppsforma, med kort hals og stort hovud. Ved nebbrota har dei lange bustete fjør som har gjeve namn til familien. Dei fleste artane har sterke farger og lever i tropisk skog. Familiar:
-
- Afrikanske skjeggfuglar, Lybiidae: 42 artar av afrikanske skjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar. Vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og nebb med taggete kant. Koparslagarar ned til 9 cm i lengd.
- Asiatiske skjeggfuglar, Megalaimidae: 26 artar skjeggfuglar som lever i skogshabitat i området frå Tibet til Indonesia. Himalayaskjeggfugl er største skjeggfugl på ca. 33 centimeter.
- Amerikanske skjeggfuglar, Capitonidae: 14 fugleartar som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika.
- Tukanskjeggfuglar, Semnornithidae: Tukanskjeggfuglar er to artar store skjeggfuglar. Arten klonebbskjeggfugl i Costa Rica og Panama er orangebrun, arten tukanskjeggfugl i Colombia og Ecuador er karakteristisk mønstra med svart, raudt, grått og gullfarge.
- Tukanfamilien, Ramphastidae: Tukanar, lever i den neotropiske regionen og er nærmast relatert til skjeggfuglar. Dei er kjenneteikna av ein fargerik fjørdrakt og svært stort og fargekraftig nebb.
- Voksetarfamilien, Indicatoridae: Voksetarar har fjørdrakt i avdempa farger, med somme unnatak for artar med lys gul fjørdrakt. Dei lever i den tropiske delen av «Den gamle verda».
- Spettefamilien, Picidae:
Seriemafuglar – Cariamiformes [endre]
- Seriemafamilien, Cariamidae: To artar som lever på tørt land i Sør-Amerika. Cariamidae har uklår taksonomi. Tradisjonelt har Cariamidae vore plassert i Gruiformes, tranefuglar.
Falkar og karakaraer – Falconiformes [endre]
- Falkefamilien, Falconidae: Falkar er ei gruppe på over 60 artar som liknar på haukar, dei er utbreidd over det meste av verda.
Papegøyefuglar – Psittaciformes [endre]
- Strigopidae, engelsk namn 'New Zealand Parrots', dei tre artane kea, kaka og kakapo, alle endemiske til New Zealand.
- Kakadufamilien, Cacatuidae:
- Parakittfamilien, Psittacidae:
Sporvefuglar – Passeriformes [endre]
Sporvefuglar samlar meir enn halvparten av alle fugleartane i verda. Familien vert delt inn i tre underordenar.
Underorden Acanthisitti [endre]
- Klatresmettfamilien, Acanthisittidae: Liten familie som tidlegare var representert med seks artar i fire-fem slekter, berre to (tre) artar har overlevd fram til i dag. For det meste insektetarar i skogshabitat, fjellklatresmett er avgrensa til alpine område. Endemisk til New Zealand.
Underorden Tyranni [endre]
Eurylaimides - familiar i «den gamle verda» [endre]
- Calyptomenidae, (engelsk: 'African and Green Broadbills'), 6 artar i 2 slekter
- Breinebbfamilien, Eurylaimidae: Liten familie, 9 artar, breinebb lever i tett, bladfylt, våt skog, slik at dei kan skjule seg trass fargerik fjørdrakt.
- Sapayoa, Sapayoidae: ein einaste art, lever i regnskogar i Panama og nordveste Sør-Amerika
- Asitifamilien, Philepittidae: Fire små artar på Madagaskar, nært i slekt med breinebb, av somme rekna som del av breinebbfamilien.
- Pittafamilien, Pittidae: Ei slekt av 34 artar, dei fleste lever i Asia, men somme òg i Afrika og Oseania, høvesvis. Små til mellomstore, 15 til 25 centimeter i lengd, og tettbygde, med lange sterke bein og lange føter. Dei har særs kort hale og tjukt, litt nedbøygd nebb. Mange, men ikkje alle, ha fargerik fjørdrakt.
Tyrannides - familiar i Amerika [endre]
- Maurfuglfamilien, Thamnophilidae: Maurfuglar, gruppe på over 220 artar og inneheld maurvarslarar, maursmettar, maurvireoar, gloaugo, maurvaktarar og grovnebb. Dei er nært relaterte til artar i maurriksefamilien, tapakuloar og spesielt myggetarar.
- Månesmettfamilien, Melanopareiidae: Fire artar i Sør-Amerika, frå 14 til 16 centimeter, har relativt lange stjertar. Fjørdrakta er slåande med eit særeige band over brystet som gjev gruppa namnet.
- Myggetarfamilien, Conopophagidae: Myggetarar er ei gruppe på 10 artar i to slekter. Dei har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng.
- Maurpittafamilien, Grallariidae: 52 artar i nyleg splitt frå maurriksefamilien
- Tapakulofamilien, Rhinocryptidae: Tapakuloar er små til mellomstore terrestriske fuglar i Sør-Amerika. Dei har korte venger, kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist.
- Maurriksefamilien, Formicariidae: Maurrikser er ein familie av 11 skogsfuglartar som lever av insekt nær eller på bakken, mange er spesialiserte mauretarar.
- Omnfuglfamilien, Furnariidae: Omnfuglar er nær 300 artar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei er små til mellomstore fuglar. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat.
- Tyrannfamilien, Tyrannidae: Dette er største fuglefamilien med over 400 artar, han har utbreiing utelukkande i «den nye verda», dei fleste er flugesnapparar, insektetarar.
- Skarpnebb, Oxyruncidae: Skarpnebb er skilt ut frå tyrannfamilien.
- Kotingafamilien, Cotingidae: Kotingaer finst i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei lever i skoghabitat eller i utkanten av skog og har ein diett av frukt.
- Manakinfamilien, Pipridae: Manakinar er ein familie med omkring 54 artar av små sporvefuglar. Familien har utbreiing i tropisk Amerika.
- Tityrafamilien, Tityridae: Slektene Tityra, Schiffornis, Laniocera, Iodopleura, Laniisoma, Xenopsaris og Pachyramphus er skilt ut frå tyrannfamilien.
Underorden Passeri, songfuglar [endre]
- Lyrehalefamilien, Menuridae: Lyrehalar er mest kjent for uvanlege evner til å herme både naturlege og unaturlege lydar i omgjevnadene sine. Lever i skog i sørlege Australia
- Krattfuglfamilien, Atrichornithidae: To artar av særs sjeldne, sky, tilbaketrekte, bakkelevande sporvefuglar: rustkrattfugl og larmkrattfugl. Begge er endemiske til Australia.
- Gartnarfamilien, Ptilonorhynchidae: Gartnarar eller lauvhyttefuglar er 20 fugleartar mellomstore sporvefuglar med variasjon i storleik frå 22 til 40 cm. Utbreiing hovudsakleg sentrert rundt tropiske regionar av Ny-Guinea og nordlege Australia. Gartnarar er mest kjente for den unike åtferda si på spelplassen, der hannar byggjer ein overbygd konstruksjon, ei «lauvhytte», og dekorerer ho med kvister og fargerike objekt i strevet på å trekkje til seg ein make.
- Borkkryparfamilien, Climacteridae: Borkkryparar, eller australtrekryparar, er sju middels små, for det meste brune fuglar med mønster på undersida. Papuaborkkrypar lever på Ny-Guinea, alle andre er endemiske til Australia. Dei liknar, men er ikkje nærskylte til holarktiske trekryparar.
- Alvesmettfamilien, Maluridae: Små, insektetande fuglar endemiske til Australia og Ny-Guinea. Familien samlar 27 artar, inkludert tre emusmettar og ti grassmettar.
- Honningetarfamilien, Meliphagidae: Honningetarar og dei australske honningskvettar utgjer familien Meliphagidae. Totalt er det ca. 180 artar, omtrent halvparten av dei i Australia, mange av dei attverande finst på Ny-Guinea, og nokre få på New Zealand og Stillehavsøyar. Sjølv om honningetarar liknar på og oppfører seg mykje likt andre nektaretande sporvefuglar rundt om i verda slik som solfuglar og blomsterfuglar, er dei ikkje relatert, og likskapane er konsekvensen av konvergent evolusjon. Mindre medlemmer av familien 'stiller' som kolibriar for å samle nektar frå tid til annan.
- Dasyornithidae, (Børstefuglfamilien): Tre mellomstore artar i éi slekt, Dasyornis, endemisk til Australia. Børstefuglar er langhala, stillesittande og bakkelevande.
- Diamantfuglfamilien, Pardalotidae: Diamantfuglar er fire artar små, fargerike sporvefuglar avgrensa til Australia. Dei varierer frå 8,5 til 12 cm i lengd.
- Tornsmettfamilien, Acanthizidae: Over 60 små til middels store artar av sporvefuglar i Australasia som inkluderer mellom anna gerygonar, musesmettar og krattsmettar.
- Larmtrastfamilien, Pomatostomidae: Fem små til mellomstore artar i slekta Pomatostomus, endemisk til regionen Australia og Ny-Guinea. Larmtrastar er bakkelevande fuglar med mørke fjørdrakter og lange, nedbøygde nebb.
- Skraphalefamilien, Orthonychidae: Tre fugleartar som utgjer slekta Orthonyx, endemiske til Australia og Ny-Guinea. Kjenneteiknet for skraphalar er brei, kraftig stjert med stive fjørskaft slik at dei kan stø seg på stjerten.
- Cnemophilidae, (Satengfuglfamilien): Tre artar funne i fjellskog på Ny-Guinea, nyleg skilt ut frå paradisfuglfamilien. Dei har svake føter, breie gap og lever utelukkande på frukt.
- Bærfuglfamilien, Melanocharitidae: Familien samlar dei seks artane av bærfuglar i slekta Melanocharis og fire artar med fellesnemninga 'bogenebb' i slekta Toxorhamphus. Dei er varierande i lengd frå 7,5 til 15 cm. Utbreiing er avgrensa til skogshabitat i Ny-Guinea.
- Kongebærfuglfamilien, Paramythiidae: To artar avgrensa til høgtliggande skog på Ny-Guinea. Meisebærfugl er 12 - 14 cm og arten kongebærfugl 19 - 22 cm.
- Flikfuglfamilien, Callaeidae: Det finst berre to nolevande artar i familien, ein tredje art døydde ut tidleg på 1900-talet. Både gråflikfugl og salflikfugl er trua artar, trugsmåla kjem først og fremst frå introduserte artar av pattedyr som rotter, mårdyr og klatrepungdyr. Begge er endemiske til New Zealand.
- Stitsjhonningetar, Notiomystidae: Dette er ein sjeldan honningetarliknande fugl endemisk til Nordøya og tilstøytande øyar på New Zealand. Stitsjhonningetar har vore nær utrydda, men ein populasjon overlevde på Little Barrier Island, og arten har blitt gjeninnført på tre andre øyreservat og på to stader på Nordøya.
- Psophodidae, (Mulgatrastfamilien): Fem artar i Australia, 19-31 cm lange, hovudsaklege olivengrøne eller brune i fargene og dei har fjørtopp. Dei førekjem i ei rekkje habitat frå regnskog til tørt kratt.
- Cinclosomatidae, (Vakteltrastar): Åtte artar i to slekter, mellomstore (17-28 cm) fuglar i Australia og Ny-Guinea. Dei er terrestriske fuglar som flyg ganske svakt, og føretrekker å sitje ned eller springe når dei blir forstyrra.
- Pløsaugefamilien, Platysteiridae: Små, kraftige insektetande fuglar i tropisk Afrika. Familien samlar pløsauge, batisar og biasar. Vanlegvis funne i open skog eller i buskar og kratt.
- Hjelmvarslarfamilien, Prionopidae: 12 artar av mellomstore fuglar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika og Sør-Asia. Dei jakter insekt og små byttedyr i buskar og tre. Hjelmvarslarar har eit levevis som liknar det ein finn hos varslarar, Laniidae.
- Buskvarslarfamilien, Malaconotidae: Ei gruppe av ca. 50 små til mellomstore fugleartar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika. Insektetarar som òg tar andre små byttedyr.
- Båtnebbfamilien, Machaerirhynchidae: Båtnebb er to artar med utbreiingsområde i Australia, Indonesia og Ny-Guinea.
- Vangafamilien, Vangidae: Ei gruppe lite kjente små til mellomstore fuglar avgrensa til Madagaskar og Komorane. Familien samlar om lag 21 artar, dei fleste artane liknar varslarar, lever som skogsfuglar og beitar på krypdyr, froskar og insekt.
- Svalestarfamilien, Artamidae: Elleve små sporvefuglar i ei felles slekt, Artamus. Dette er fuglar med mjuk fjørdrakt i litt uklåre farger som finst i Australia og dei næraste øyane. Storleiken er omtrent som ein star.
- Slaktarfuglfamilien, Cracticidae: Òg kjent som kråkevarslarar, kråkeliknande fuglar med sterk kroppsbygging, utbreidd i Australia, Tasmania og Ny-Guinea. Næraste slektningar er svalestarar, Artamidae.
- Børstehovud, Pityriaseidae: Ein art, gåtefull og uvanleg i regnskogen i Borneo. Børstehovud er ca. 25 centimeter i lengd, ein svart eller mørk grå fugl, med raude leggar og raud farge på hals og nakke. Dei lever hovudsakleg av store virvellause dyr, spesielt rettvengjer, pinnedyr, o.l. som dei plukkar frå trelauv, kvistar, greiner og trestammar.
- Lauvfuglfamilien, Aegithinidae: Fire artar i slekta Chloropsis av relativt små fuglar som minner om bylbylar. Dette er små fugleartar funne i India og Søraust-Asia.
- Larveetarfamilien, Campephagidae: Små til mellomstore, vanlegvis lange og slanke fuglar i subtropisk og tropisk Afrika, Asia og Australia.
- Sittellafamilien, Neosittidae: To artar som liknar spettmeiser, med svak flygeevne, lever i Australasia, spesielt på Ny-Guinea og det australske kontinentet.
- Plystrarfamilien, Pachycephalidae: Ca. 56 artar små til mellomstore kraftige sporvefuglar med sterke nebb, utbreiing i mesteparten av Australasia.
- Varslarfamilien, Laniidae: 30 mellomstore fuglar i «den gamle verda» som beitar insekt og små virveldyr.
- Vireofamilien, Vireonidae: Vireoar er ein familie av små til mellomstore fuglar med distribusjon avgrensa til «den nye verda». Dei fleste artane i familien har ei fjørdrakt i avdempa eller grønleg farge.
- Pirolfamilien, Oriolidae: Trastesore, tre fikenfuglar og ca. 27 pirolar. Altetande, lever i skog.
- Drongofamilien, Dicruridae: 25 artar insektetande fuglar i tropiske område av Afrika, Asia og Australia. Fjørdrakta er svart eller mørkegrå i farga, somme har metalliske nyansar. Stjerten er lang og gaffeldelt, og nokre asiatiske artar har iaugefallande haledekorasjonar. Sit med mykje oppreist kroppstilling på greiner, omtrent som varslarar.
- Viftestjertfamilien, Rhipiduridae: Ei biologisk slekt av 45 artar insektetande fuglar i Sør-Asia og Australasia. Dei fleste av artane er rundt 15 til 18 cm i lengd, og er spesialiserte på å fange insekt i flukt.
- Monarkfamilien, Monarchidae: Nær 100 artar små insektetande fuglar med lange halar. Dei lever i skog i Afrika sør for Sahara, søraustlege Asia, Australasia og på ei rekkje øyar i Stillehavet. Ein mangfaldig familie som generelt er knytt til tre. Dei er stort sett slanke fuglar og har breitt nebb.
- Kråkefamilien, Corvidae: Mellomstore til store fuglar. Fuglane i denne familien har kraftig nebb og bein. Det er om lag 120 artar i familien og dei finst naturleg over heile verda utanom i polarområda.
- Pottemakarfuglfamilien, Corcoracidae: To artar sosiale fuglar. Pottemakarfugl, Corcorax melanorhamphos, ca. 47 cm, og apostelfugl, Struthidea cinerea, ca 31 cm. Begge er endemiske til Australia og byggjer reir av gjørme.
- Paradisfuglfamilien, Paradisaeidae: Dei fleste artane i denne familien er funne på Ny-Guinea og øyane omkring. Familien har 40 artar i 14 slekter. Medlemmene i denne familien er kanskje best kjent for fjørdrakta hos hannfuglar på dei fleste artane, dei har særs langstrakte og forseggjorde fjører som strekkjer seg ut frå nebbet, venger eller hovud. Dei fleste artane har utbreiing i tett regnskogshabitat.
- Flugeskvettfamilien, Petroicidae: Omfattar 46 insektetande fugleartar endemiske til Australasia: Ny-Guinea, Australia, New Zealand og ei rekkje Stillehavsøyar. Tettvaksen kroppsbygging med eit stort, avrunda hovud, eit kort, rett nebb, og avrunda venger.
- Grottefuglfamilien, Picathartidae: To store artar funne i regnskogane i tropisk Vest- og Sentral-Afrika. Dei har nakne hovud med kraftige farger, og lever av insekt og virvellause dyr.
- Chaetopidae, (Klippehopparfamilien): Ei slekt av tre mellomstore insektetande eller altetande fugleartar i sørlege Afrika.
- Eupetidae, riksetrast (og blåkroneifrit):
- Skjeggmeis, Panuridae: Ein art i tempererte delar av Europa og Asia, hannen har grått hovud og svarte teikningar som «mustasjar». Lever i eller nær takrøyrbelte.
- Nicatoridae, (Nikatorfamilien): Tre artar, endemiske til Afrika sør for Sahara. Nikatorar er varslarliknande fuglar, 16-23 cm i lengd.
- Lerkefamilien, Alaudidae: Nær hundre artar små til mellomstore sporvefuglar. Alle artar finst i «den gamle verda» og i Australia. Fjellerke òg i Nord-Amerika.
- Svalefamilien, Hirundinidae: Fuglar tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. Over 80 artar har samla ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis.
- Stenostiridae, (Kvisthopparfamilien): Ny klade av sju artar små sporvefuglar tidlegare plassert i flugesnapparfamilien og monarkfamilien.
- Meisefamilien, Paridae: Små sporvefuglar som samlar om lag 60 artar på den nordlege halvkula og Afrika. Små tettvaksne skogsartar med kort, rakt og som regel konisk nebb.
- Pungmeisfamilien, Remizidae: Små sporvefuglar, varierande frå 7,5 til 11 cm i lengd. Dei minner om ekte meiser, men har finare, meir nålforma nebb. Lever i Eurasia, Afrika og Nord-Amerika.
- Cettiidae (utan norsk namn) Ein nyleg anerkjent biologisk familie av små insektetande «songarar». Han samlar dei typiske busksongarar, Cettia, og slektningane deira. Medlemmene finst hovudsakleg i Asia og Afrika, med spreiing til Indonesia i søraust og Europa i nordvest. Slekta Cettia strekkjer seg frå Vest-Europa over Asia til Stillehavsøyane Fiji og Palau.
- Stjertmeisfamilien, Aegithalidae: 10 artar små, meiseliknande fuglar med lang hale. Generelt utbreidd i Europa og Asia. Krattmeis lever i Nord- og Mellom-Amerika.
- Spettmeisfamilien, Sittidae: Små sporvefuglar med forholdsvis stort hovud, rett, kraftig nebb, kort hale og korte bein. Dei er gode klatrarar. Spreidd over Eurasia og Nord-Amerika.
- Murkrypar, Tichodromidae: Ein liten fugl som lever i høgfjellsområde i Eurasia. Murkrypar er 15,5 til 17 centimeter lang, fjørdrakta er primært blågrå, med mørkare venger og halefjør, og ekstraordinært karmosinraudt område på vengene.
- Trekryparar, Certhiidae: Åtte artar små sporvefuglar, utbreidd i skogkledde område på den nordlege halvkula og i Afrika sør for Sahara. Fjørdrakta har avdempa farger. Klatrar på trestammar på søk etter føde.
- Gjerdesmettfamilien, Troglodytidae: Familie med utbreiing i «den nye verda», eit unntak er gjerdesmett som finst både i Nord-Amerika og i Eurasia inklusiv Noreg.
- Myggsmettfamilien, Polioptilidae: Myggsmettar er omkring 15 artar av små sporvefuglar som finst i store delar av Amerika. Dei er nære slektningar av gjerdesmettar.
- Fossekallfamilien, Cinclidae: 5 artar særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.
- Bylbylfamilien, Pycnonotidae: Små til mellomstore fuglar, familien er fordelt over det meste av Afrika og inn i Midtausten, gjennom tropisk Asia til Indonesia, og så langt nord som Japan.
- Fuglekongefamilien, Regulidae: Seks artar i slekta Regulus, blant dei minste innanfor ordenen sporvefuglar, og av alle fuglar.
- Phylloscopidae: inneheld to slekter, Phylloscopus, bladsongarar og Seicercus, kvar med høvesvis rundt 55 og 12 artar. Tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae, songarfamilien.
- Acrocephalidae: inneheld fire slekter, med kjerrsongarar som den dominerande slekta med 37 artar. Acrocephalidae var tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae, dette er i regelen ganske store «songarar».
- Megaluridae, («Megalurid-songarar»): små insektetande «songarar», tidlegare plassert i songarfamilien. Desse fuglane finst hovudsakleg i Eurasia, Afrika, og den australske regionen.
- Svarthettesmett, Donacobiidae: Svarthettesmett på 1980 og 1990-talet oftast klassifisert i gjerdesmettfamilien i Clementslista no ein monotypisk familie.
- Bernieridae, («Gassarsongarar»): Elleve artar av små insektetande fuglar, alle endemiske til Madagaskar. Dei fleste lever i fuktig regnskog.
- Grassongarfamilien, Cisticolidae: Rundt 160 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda», små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge.
- Songarfamilien, Sylviidae: Finst som hekkefuglar i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Tidlegare stort oppsamlingstakson, i dag er 76 artar klassifisert i denne familien.
- Sukkerfuglfamilien, Promeropidae: To artar i sørlege Afrika med brunleg farga fjørdrakt, lange nedbøygde nebb og lange halefjører.
- Alvefuglfamilien, Irenidae: To bylbyl-liknande små fuglar funne i skog og plantasjar i tropiske sørlege Asia og Filippinane. Et mest frukt, særleg fiken.
- Hyliotidae, (Hyliotafamilien): Fire artar i Afrika sør for Sahara i ei slekt som tidlegare var rekna som medlem av songarfamilien, Sylviidae.
- Flugesnapparfamilien, Muscicapidae: Ein familie av ca. 270 artar sporvefuglar utbreidd i Afrika, Asia og Europa. Dette er små fuglar, som ofte fangar insekt i flukt.
- Trastefamilien, Turdidae: Trastar er ca 175 artar av fyldige, små til mellomstore fuglar, med mjuk fjørdrakt som lever i skogområde, og ofte beitar på bakken eller et små frukter.
- Timalfamilien, Timaliidae: Ca. 285 artar ulike i storleik og farge, men er prega av mjuk fjørdrakt. Dette er fuglar i tropiske område, med størst variasjon i Søraust-Asia. Dei fleste artane liknar songarar, nøtteskrikjer eller trastar. Inkluderer brillefuglar, av dei ca. 75 i slekta Zosterops.
- Spottefuglfamilien, Mimidae: Inkluderer ca. 35 artar trastar, spottefuglar, skjelvespottefuglar og kattespottefuglar frå «den nye verda». Dei er framståande hermarar, spesielt har enkelte artar uvanleg evne til å imitere eit breitt utval av fuglesongar og andre utandørslydar.
- Starefamilien, Sturnidae: Små til middels store sporvefuglar som inkluderer som glansstarar i Afrika, og mange store artar i Asia med fellesnamnet 'myna' på engelsk. Dei finst naturleg i den gamle verda, frå Europa, Asia og Afrika, til nordlege Australia og øyane i det tropiske Stillehavet.
- Treklatrarfamilien, Rhabdornithidae: Tre artar endemiske til Filippinane. Liknar trekryparar i utsjånad, mørk brun overside og lys underside.
- Buphagidae, (Oksehakkarar): To artar som lever utelukkande på ryggen av store pattedyr, endemiske til savannar i Afrika sør for Sahara.
- Bladfuglfamilien, Chloropseidae: Ei slekt av elleve artar små sporvefuglar funne i India, Sri Lanka og Søraust-Asia.
- Blomsterfuglfamilien, Dicaeidae: 44 artar små, kraftige fuglar i tropiske sørlege Asia og Australasia frå India til Australia.
- Solfuglfamilien, Nectariniidae: Meir enn 130 artar av små fuglar spreidd over Afrika, Sør-Asia og nordlege Australia. Hovudføda for solfuglar er nektar.
- Jernsporvfamilien, Prunellidae: 13 artar av små, grålege fuglar i dei fjellrike regionane i Europa og Asia.
- Erlefamilien, Motacillidae: Erler og piplerker er rundt 65 artar små sporvefuglar med middels til lang stjert. Kosmopolitisk utbreiing.
- Vierfink, Urocynchramidae: Ein uvanleg og liten fugleart i høgtliggande område i det sentrale til vestlege Kina.
- Sidensvansfamilien, Bombycillidae: Tre mellomstore sporvefuglar med mjuk, silkeaktig fjørdrakt i Nord-Amerika, Europa og Asia.
- Silkefuglfamilien, Ptilogonatidae: Fire artar i tre slekter. Familien er oppkalla etter den silkeaktige fjørdrakta. Utbreiing hovudsakleg i Sentral-Amerika.
- Palmetrast, Dulidae: Ein liten fugl med lang stjert, endemisk til øya Hispaniola.
- Gulflankeplystrar, Hylocitreidae: Ein sporvefugl som er endemisk til høgtliggande skogar på den indonesiske øya Sulawesi.
- Daddelfugl, Hypocoliidae: Ein liten, slank fugl med lang stjert som lever i regionar med tørr halvørken i Nord-Afrika, og aust til det vestlege India.
- Kløfthaleparula, Peucedramidae: Insektetande art med habitat i barskog, ein middels stor songfugl, 13-14 cm i lengd, endemisk til området Nord-Amerika - Mellom-Amerika.
- Parulafamilien, Parulidae: Parulaer er små, ofte fargerike, med distribusjon avgrensa til Amerika. Dei fleste artane lever i tre somme har eit levevis knytt til vatn og mark. Dei fleste er insektetarar.
- Tanagarfamilien, Thraupidae: Tanagarar er små til mellomstore fuglar, ofte med kraftfulle farger i fjørdrakta. Utbreiing i tropisk Amerika.
- Busksporvfamilien, Emberizidae: Busksporvane er små fuglar, typisk rundt 15 cm i lengd, med finkeliknande, kjegleforma nebb og ni primærfjør. Leveområde i Eurasia, Afrika og Amerika.
- Saltatorfamilien, Cardinalidae: Kardinalar har utbreiing i Amerika. Fuglane er robuste, frøetande fuglar, med kraftige nebb.
- Trupialfamilien, Icteridae: Trupialar er små til medium store og ofte fargefulle fuglar som berre finst i «den nye verda».
- Finkefamilien, Fringillidae: Finkar er typisk frøetarar som lever på den nordlege halvkula og i Afrika.
- Sporvefamilien, Passeridae: Små klumpete, brungråe fuglar med kort hale og kort kraftig nebb. Opphavleg utbreiing var Europa, Afriaa og Asia, menneske har innført sporvar til Amerika og Australia.
- Vevarfamilien, Ploceidae: Ca. 116 artar i 16 slekter. Lagar kunstferdig vove reir, nokre artar er kjente for selektivt parasittiske hekkevanar. Dei fleste artane lever i skogshabitat, krattskog og ope grasland i Afrika sør for Sahara.
- Astrildfamilien, Estrildidae: Ca. 140 artar små sporvefuglar med leveområde i «den gamle verda» og Australia. Som burfuglar blir dei ofte kalla praktfinkar. Dette er frøetande flokkfuglar, ofte kolonihekkande, med kort, kraftig, rett nebb.
- Enkjefamilien, Viduidae: 20 artar små sporvefuglar, alle endemiske til Afrika. Finkeliknande med fjørdrakt som vanlegvis er dominert av svart eller indigo. Alle enkjer er reirparasittar som legg egga sine i fuglereira til artar av astrildar.
Kjelder [endre]
- Sjå dei artiklar om dei respektive familiar ved å følgje peikarar inn dit.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012
- ↑ Om metodikken i Clementslista.
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)