Fuglekasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåmeis matar unge i ein fuglekasse..

Fuglekassar er trekassar laga som ein imitasjon av hole tre eller liknande, oftast laga for at småfuglar skal byggje reir i dei.

Ulike fuglekassar oppstilte på Gimle gård i Kristiansand

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

I vanlege fuglekassar får ein oftast stare, kjøttmeis, blåmeis, raudstjert og svartkvit flugesnappar. I skogområde kan ein òg få kattugle i kassane, og nær vatn kan ein, i høvelege kassar, få kvinand og fiskeand til å hekke.

Fuglekasse med vernande metallplate rundt hilet.

Utforming og plassering[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på kassane må høve til storleiken på fuglane. Nokre fugleartar hekkar lettare i kassar med spesiell utforming. Ein starkasse bør vere 14x14x30 cm med eit flygehòl med diameter 5 cm; ei kjøttmeis vil gjerne ha ein kasse på 12x12x25 cm med hòldiameter 3,2 cm, medan ei laksand vil ha ein holk på 32x32x90 cm med 16 cm diameter på flygeholet.

Fuglane har best vern om kassen heng i livd for vinden, og slik at sola ikkje skin for sterkt på kassen. Kassane bør henge to-tre meter over bakken, gjerne litt høgre i hagar og parkar der det går mykje folk, lægre der det ikkje ferdast folk.

Når ein festar kassen til treet, må ein gjere det slik at metall ikkje veks inn i treet; det kan føre til skade på sagbruksutstyr og i verste fall på sagbruksarbeidarar.

Lokket bør utformast slik at det kan løftast av, så ein kan sjå inn i kassen, og slik at ein kan gjere kassen rein. Slik reingjering bør ein når det er kaldt, då er fugleloppene minst aktive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fuglekasse