Fuglekonge
| Fuglekonge | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Regulidae | |
| Slekt: | Regulus | |
| Art: | R. regulus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Regulus regulus | ||
Fuglekongen (Regulus regulus) er minste fuglen i Europa, og veg mellom 4,5 og 6g. Det latinske namnet «Regulus», 'liten konge', heng truleg saman med at hannen har ei oransjegul stripe på issen, ei «kongekrone» som syner godt når fjøra på hovudet reiser seg som ein topp. Fuglekongen høyrer til fuglekongefamilien, Regulidae.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Fjørdrakta er gulgrøn, med litt svart og litt kvitt på vengjene. Hannen har gul og oransje isse med svarte kantar, medan hoa har gul isse. Nebbet er kort og spisst og blir brukt til å plukka insekt frå borken av tre. Fuglekongen kan bli opptil 3 år og 4 mnd. etter ringmerking.[1]
[endre] Song
Songen er ein spinkel og einsformig strofe som nesten ikkje kan høyrast når andre fuglar syng. Under songen reiser fuglekongen hovudfjørene, og då ser ein hannen si oransjefarga issefjør som er kanta av to svarte striper.
[endre] Hekking
Fuglen hekkar i mars–april. Hoa legg 8– 11 egg som blir klekte etter 14— 17 døgn. Dei dreg frå reiret etter om lag tre veker.
Reiret byggjer fuglen vanlegvis høgt oppe i eit grantre. Det er korgforma, og heng på undersida av ei grein, godt skjult (sjå bilde). Reiret er svært vanskeleg å oppdage, men her er eit tips: Veit du om lag kvar fuglen byggjer reir, kan du legge ut nokre fine fjør og dun i området og spionere på fuglekongen i byggjeperioden. Han vil nok bruke det du har lagt ut, og du finn reirplassen.
[endre] Levevis
Fuglekongen er ein aktiv og selskapeleg fugl. Han lever i små flokkar, ofte saman med andre meisar. Han flyg frå tre til tre og leiter etter mat medan han held kontakten med andre fuglar i flokken med tynne pip.
Fuglen et edderkoppar, insekt, larvar og insektegg som han plukkar frå greiner og bork oppe i tretoppane. Måten han flyg på minner litt om ein kolibri — han kan nemlig halda seg flygande framfor ei grein i fleire sekund.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- ↑ Norsk RingmerkingsAtlas