Fuglen kea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kea
Vaksen kea i Fiordland på New Zealand Foto: Mark Whatmough
Vaksen kea i Fiordland på New Zealand
Foto: Mark Whatmough
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av kea
Utbreiinga av kea
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Strigopoidea
Familie: Nestoridae
Slekt: Nestor
Art: Kea N. notabilis
Vitskapleg namn
Nestor notabilis

Kea, Nestor notabilis, er ein stor papegøyeart av nyzealandske papegøyar funnen i skog og alpine område av Sørøya på New Zealand. Kea er verdas einaste alpine papegøye. Som altetande har han diett hovudsakleg sett saman av røter, blad, bær, nektar og insekt, men inkluderer òg kadaver.[1] Tidlegare var det jakt på kea med skotpremie på grunn av at det innanfor jordbruksstrøk var otte for åtak på husdyr, spesielt på sau.[2] Først frå 1986 fekk arten fullt vern.[3]

Kea-læte.

Keaer hekkar i hòler eller sprekker blant trerøter. Dei er kjente for å vere nysgjerrige og intelligente, avgjerande evner for å overleve i eit barskt alpint miljø. Keaer kan løyse logiske oppgåver, slik som å skyve og dra ting i ei bestemt rekkjefølgd for å kome fram til mat, og vil samarbeide for å oppnå eit bestemt mål.[4]

Namnet kea kjem frå maori og er eit lydhermande ord.[5]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Oransje fjører kan sjåast under vengen når keaen flyg.

Keaen er ein stor papegøye på rundt 48 centimeter med kroppsvekt på 0,8 til 1 kg.[6] Fjørdrakta er for det meste olivengrøn, nebbet er grått og han har eit langt og tynnt nedbøygd øvre nebb. Vaksne individ har mørkebrune irisar, og cere, augeringar og beina er i grått. Dei har oransje fjører på undersida av vengene. Fjørene på sidene av andletet er mørk olivenbrune, fjører på ryggen og overgumpen er oransjeraude, og nokre av dei yste vengefjørene er i diffust blått. Keaen har ein kort og brei blågrøn hale med svart tupp. Hannar er ca. 5 % lengre enn hoer, og han har eit øvre nebb er 12-14 % lengre enn hoa.[7] Juvenile keaer liknar generelt på dei vaksne fuglane, men har gule augeringar og cere, ein oransjegult undernebb, og grågule bein.[8]

Ungfuglar har gule augeringar og cere, eit oransjegult undernebb, og grågule bein.
Foto: Markus Koljonen

Keaer er sosiale fuglar og lever i grupper på opp til 13 individ.[9] Isolerte individ trivst dårleg i fangenskap, men responderer godt på spegelbilete.[10]

I minst eit fall er det rapportert at keaer er polygyne, med ein hann knytt til fleire hoer. Same kjelde gjorde merksam på at det var eit overskot av hofuglar.[11]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Leveområdet til keaer spenner frå elvedalar i låglandet og kystnære skogar på vestkysten opp til dei alpine områda av Sørøya som Arthur's Pass og Mount Cook nasjonalpark. Dei er nært knytt til heile utbreiinga av sørbøkskogen (Nothofagus) i høgdedraga. Bortsett frå sporadiske streiffuglar, er ikkje keaer funne på Nordøya, sjølv om fossile funn tyder på at ein populasjon levde der for over 10 000 år sidan.[12]

Populasjonen vart anslått til mellom 1000 og 5000 individ i 1986,[13] i kontrast til eit anna estimat på 15 000 fuglar i 1992.[14] Begge estimata kviler sterkt på føresetnader.[14] Det som gjer estimata usikre er at arten har ein omfattande distribusjon med låg tettleik over utilgjengelige område.[15][16]

Kea er ein av ti papegøyeartar som er endemiske for New Zealand.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

I ein studie av eit hekkeområde fann ein reirplassar med tettleik på eit reir per 4,4 km².[16] Mest vanleg finn ein hekkeområda i skogar med tre av slekta sørbøk,[17] Nothofagus, i bratte fjellsider. Hekkinga går føre seg i høgd på 1600 moh. og høgare, dette er ein av få papegøyartar i verda som regelmessig lever over tregrensa. Reira er vanlegvis plasserte på bakken under store bøketre, i fjellsprekker eller i utgravne hòler mellom røter. Hòlar har tilgjenge via tunnelar som fører 1 m til 6 m inn i eit større kammer, som er fôra med lav, mose, bregnar og rotnande treverk. Egglegginga startar i juli og strekkjer seg inn januar.[18] Kullet er på to til fem kvite egg, dei har ei rugetid på rundt 21 dagar, etterfølgt av ein periode for omsut på 94 dagar.[19]

Dødsrata er høg blant unge keaer, med mindre enn 40 % att etter det første leveåret.[20] Gjennomsnittleg levetid for ein vill ung kea har vore berekna til 5 år, basert på attfunn i påfølgjande sesongar i Arthur's Pass, medrekna estimat for spreiing til omkringliggande område. Rundt 10 % av den lokale populasjonen var trudd å vere over 20 år.[14] Den eldste kjende kea i fangenskap vart 50 år gammal i 2008.[20]

Diett[endre | endre wikiteksten]

Som altetande, beitar keaer på meir enn 40 planteartar, biller, larver, andre fuglar inkludert lireungar, og pattedyr inkludert kaninar.[4][9] Det har vorte observert at keaer bryt seg inn i reirhòler til lirer for å ta ungane etter å ha høyrt dei i reiret.[21] Keaer har òg tatt føremon av menneskeleg avfall og mating.[22]

Kontakt med menneske[endre | endre wikiteksten]

Keaen sin vidgjetne trong til å utforske og handtere gjer denne fuglen ei plage for dei fastbuande, men ein attraksjon for turistar. Vanlegvis treffer folk på keaer på vintersportsstader på Sørøya. Fuglane er motiverte av høve til å finne matrestar og ofte skildra som «frekke». I rolla «klovnen av fjella»,[23] vil han undersøkje eller hakke på ryggsekker, skotøy og jamvel bilar, ofte med resultat av skadeverk eller han flyg av garde med mindre gjenstandar.

Det har vore ei langvarig usemje om i kva grad kea jaktar på sau. I 1993 vart det gjort eit videoopptak[4] som synte at minst nokre fuglar kan åtake og ete av friske sauar. Videoen stadfesta kva mange forskarar lenge hadde mistenkt, at keaer kan bruke det kraftige nedbøygde nebbet sitt og klørne for å rippe gjennom laget av ull, og hakke på dyret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Benham, W. B. (1906). Notes on the Flesh-eating Propensity of the Kea (Nestor notabilis). Transactions of the Royal Society of New Zealand, 39, 71–89.
  2. Kea Conservation Trust Kea Conservation Status Arkivert 2011-10-09 ved Wayback Machine..
  3. Lindsey, T., Morris, R. (2000) Field Guide To New Zealand Wildlife. Auckland: Harper Collins. (ISBN 1-86950-300-7)
  4. 4,0 4,1 4,2 Kea – Mountain Parrot Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine., NHNZ. (Ein times dokumentarfilm)
  5. «kea, n.». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  6. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  7. Bond, A. B.; Wilson, K. J. and Diamond, J. (1991). Sexual Dimorphism in the Kea Nestor notabilis, Emu 91(1), 12–19. doi:10.1071/MU9910012.
  8. Forshaw (2006). plansje 23.
  9. 9,0 9,1 Clark, C.M.H. (1970) Observations on population, movements and food of the kea, Nestor notabilis Arkivert 2020-11-24 ved Wayback Machine., Notornis, 17, 105–114.
  10. Diamond, J & A. Bond (1989) Note on the lasting responsiveness of a kea Nestor notabilis toward its mirror image, Avicultural Magazine 95(2):92–94.
  11. Jackson, J. R. (1962). The life of the Kea. Canterbury Mountaineer 31, 120–123.
  12. R.N. Holdaway and T.H. Worthy (1993). First North Island fossil record of kea, and morphological and morphometric comparison of kea and kaka Arkivert 2020-11-24 ved Wayback Machine., Notornis, 40(2), 95–108
  13. Anderson, R. (1986) Keas for keeps. Forest and Bird, 17, 2–5
  14. 14,0 14,1 14,2 Bond, A. and Diamond, J. (1992). Population Estimates of kea in Arthur’s Pass National Park, Notornis 39, 151–160.
  15. Diamond, J., Bond, A. (1999) Kea. Bird of paradox. The evolution and behavior of a New Zealand Parrot. Berkeley; Los Angeles, CA: University of California Press. (ISBN 0-520-21339-4)
  16. 16,0 16,1 Elliott, G., Kemp, J. (1999) Conservation ecology of Kea (Nestor notabilis) Arkivert 2010-05-13 ved Wayback Machine.. Report. WWF New Zealand.
  17. «sørbøk» i Store norske leksikon, snl.no.
  18. Jackson, J. R. (1960). Keas at Arthur's Pass[daud lenkje]. Notornis 9, 39–58.
  19. Falla RA, Sibson RB & Turbot EG (1966) A Field guide to the birds of New Zealand. Collins, London (ISBN 0-00-212022-4)
  20. 20,0 20,1 Akers, Kate and Orr-Walker, Tamsin. Kea Factsheet Arkivert 2010-06-02 ved Wayback Machine., Kea Conservation Trust, April 2009. Retrieved 22 January 2010.
  21. Christina Troup. Birds of open country – kea digging out a shearwater chick, Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand, Ministry of Culture and Heritage. Updated 20 November 2009. Henta 20. oktober 2012.
  22. Gajdon, G.K., Fijn, N., Huber, L. (2006) Limited spread of innovation in a wild parrot, the kea (Nestor notabilis)[daud lenkje]. Animal Cognition, 9, 173–181. doi:10.1007/s10071-006-0018-7
  23. «Clever clown of the mountains». University of Vienna - Faculty of Life Sciences, Department of Cognitive Biology. Arkivert frå originalen 2. november 2011. Henta 20. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fuglen kea