Fugleslekta Passer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fugleslekta Passer


Hannar av boarsporv i NamibiaFoto: Hans Hillewaert
Hannar av boarsporv i Namibia
Foto: Hans Hillewaert

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passeridae
Slekt: Passer
Artar
  • Sjå tekst
Vitskapleg namn
Passer

Passer er ei biologisk slekt av sporvar i «den gamle verda». Desse sporvane er tjukkfalne, små brune eller grå fuglar, ofte med svarte, gule eller kvite teikningar. Typisk lengd er 10-20 centimeter, dei har korte halar og korte, koniske nebb. Dei er selskaplege og vil danne store flokkar, og nokre, men ikkje gråsporv, har behageleg læte.[1]

Dei fleste medlemmene finst naturleg i opne habitat i varmare klima i Afrika og sørlege Eurasia. Ifølgje ein molekylær studie publisert i 2001, har slekta opphav i Afrika, og boarsporv har den mest basale avstamminga.[2] Fleire artar har tilpassa seg busetjingar åt menneske. Med hjelp av nære relasjonar til menneske, har spesielt gråsporv nytta høve til å utvide utbreiinga si langt utover kva som truleg var den opphavlege heimplassen i Midtausten.[3] Bortsett frå naturleg kolonisering, har gråsporv vorte introdusert til mange delar av verda utanfor sitt naturlege utbreiingsområde, inkludert Amerika, Afrika sør for Sahara og Australia. Pilfink har òg vorte innført i mindre skala, med populasjonar i Australia og lokalt i Missouri og Illinois i USA.[3]

Passer-sporvar byggjer eit rotete reir, som, avhengig av art og hekkeområdet, kan vere i ein busk eller eit tre, eit naturleg hòl i eit tre, i ein bygning eller i taktekkinga, eller i store reirstrukturar som storkereir. Kullet kan vere på opptil åtte egg og blir ruga av begge foreldra, vanlegvis i 12-14 dagar. Det tar deretter 14-24 dagar før ungane er flygedyktige.[4]

Passer-sporvar beitar primært på bakken som frøetarar, sjølv om dei òg et små insekt spesielt i hekketida. Nokre få artar, som gråsporv og landsbysporv, søkjer føde rundt byar, og er nestan altetande.[5]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Passer-sporvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]

  • Oasesporv, Passer ammodendri, Saxaul Sparrow, LC, Gould, 1872
  • Gråsporv, Passer domesticus, House Sparrow, LC, Linné, 1758
  • manglar norsk namn, Passer italiae, Italian Sparrow
  • Middelhavssporv, Passer hispaniolensis, Spanish Sparrow, LC, Temminck, 1820
  • Indussporv, Passer pyrrhonotus, Sind Sparrow, LC, Blyth, 1844
  • Somalisporv, Passer castanopterus, Somali Sparrow, LC, Blyth, 1855
  • Kanelsporv, Passer rutilans, Russet Sparrow, LC, Temminck, 1835
  • Thaisporv, Passer flaveolus, Plain-backed Sparrow, LC, Blyth, 1844
  • Tamarisksporv, Passer moabiticus, Dead Sea Sparrow, LC, Tristram, 1864
  • Kappverdesporv, Passer iagoensis, Cape Verde Sparrow, LC, Gould, 1838
  • Sokotrasporv, Passer insularis, Socotra Sparrow, LC, Sclater & Hartlaub, 1881
  • Akasiesporv, Passer motitensis, Great Rufous Sparrow, LC, Smith, 1836
  • Masaisporv, Passer rufocinctus, Kenya Rufous Sparrow, LC, Finsch & Reichenow, 1884
  • Savannesporv, Passer shelleyi, Shelley's Rufous Sparrow, LC, Sharpe, 1891
  • Kordofansporv, Passer cordofanicus, Kordofan Rufous Sparrow, LC, Heuglin, 1871
  • Boarsporv, Passer melanurus, Cape Sparrow, LC, Müller, 1776
  • Landsbysporv, Passer griseus, Northern Gray-headed Sparrow, LC, Vieillot, 1817
  • Oskesporv, Passer swainsonii, Swainson's Sparrow, LC, Rüppell, 1840
  • Tjukknebbsporv, Passer gongonensis, Parrot-billed Sparrow, LC, Oustalet, 1890
  • Swahilisporv, Passer suahelicus, Swahili Sparrow, LC, Reichenow, 1904
  • Kraalsporv, Passer diffusus, Southern Gray-headed Sparrow, LC, Smith, 1836
  • Ørkensporv, Passer simplex, Desert Sparrow, LC, Lichenstein, 1823
  • Pilfink, Passer montanus, Eurasian Tree Sparrow, LC, Linné, 1758
  • Sahelsporv, Passer luteus, Sudan Golden Sparrow, LC, Lichtenstein, 1823
  • Solsporv, Passer euchlorus, Arabian Golden Sparrow, LC, Bonaparte, 1851
  • Brunsporv, Passer eminibey, Chestnut Sparrow, LC, Hartlaub, 1880

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clement, Peter; Harris, Alan; Davis, John (1993). Finches and Sparrows: an Identification Guide. Princeton, New Jersey: Princeton University Press. ISBN 0-691-03424-9. 
  2. Allende, Luise M.; Rubio, Isabel; Ruiz del Valle, Valentin; Guillén, Jesus; Martínez-Laso, Jorge; Lowy, Ernesto; Varela, Pilar; Zamora, Jorge et al. (2001). «The Old World sparrows (genus Passer) phylogeography and their relative abundance of nuclear mtDNA pseudogenes» (PDF). Journal of Molecular Evolution 53 (2): 144–154. PMID 11479685. Arkivert frå originalen den 21 July 2011. 
  3. 3,0 3,1 Summers-Smith, J. D. (1990). «Changes in distribution and habitat utilisation by members of the genus Passer». I Pinowski, J.; and Summers-Smith, J. D.. Granivorous birds in the agricultural landscape. Warszawa: Pánstwowe Wydawnictom Naukowe. ss. 11–29. ISBN 83-01-08460-X. 
  4. Groschupf, Kathleen (2001). «Old World Sparrows». I Elphick, Chris; Dunning, Jr., John B.; Sibley, David. The Sibley Guide to Bird Life and Behaviour. London: Christopher Helm. ss. 562–564. ISBN 0-7136-6250-6. 
  5. Summers-Smith, J. Denis (1988). The Sparrows: a study of the genus Passer. illustrated by Robert Gillmor. Calton, Staffs, England: T. & A. D. Poyser. ISBN 0-85661-048-8. 
  6. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]