Fugleslekta Sylvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fugleslekta Sylvia


Munk, Sylvia atricapillaFoto: Jakub Stančo
Munk, Sylvia atricapilla
Foto: Jakub Stančo

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae
Slekt: Sylvia
Artar
  • Sjå teksten

Sylvia er ei biologisk slekt av små insektetande fuglar, nokre gonger kalla verklege eller typiske songarar. Slekta høyrer til familien Sylviidae. Artane i Sylvia finst i tempererte og subtropiske område av vestlege palearktis, med sentrum rundt Middelhavet.

Mange av artane i slekta Sylvia viser kjønnsdimorfisme, med distinkte fjørdrakter for kjønna. Eit fellestrekk er at hannar av einskilde artar har eit svart fjørparti på hovudet og at dette partiet er brunt eller grått hos hoer. Artar som hekkar i tempererte område er vanlegvis sterke trekkfuglar, med nokre unntak. Slekta er prega av fuglar som er mykje aktive og i konstant rørsle, og lever i relativt open skog og i buskhabitat.

'Sylvia' kjem av det latinske ordet 'silva' som tyder «skog».

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Den vesle gruppa av parisomasongarar er ofte plassert i si eiga slekt Parisoma (Swainson i Richardson, 1832), men mange taksonomar tar i dag parisomasongarar med i slekta Sylvia ettersom dei to gruppene elles er parafyletiske.[1] Tilhøvet mellom den verkelege songarane i slekta Sylvia og sothovudlauvtimal, Pseudoalcippe abyssinica, og snarsongar, Rhopophilus pekinensis, er ikkje heilt løyst, men er absolutt meir fjernt.

Sylvia er ei evolusjonær linje med buttnebbar og nokre få andre artar som ein tidlegare rekna høyrde til timalar, Timaliidae[2]. Andre slekter som tidlegare var plassert i songarfamilien Sylviidae er flytta til andre familiar, til dømes til grassongarfamilien. På grunn av eigenarten sin vil somme handsama gruppa Sylvia-Parisoma som ein underfamilie Sylviinae, men fleire artar i gruppa må studerast ut frå ny vite om gruppa.

Som nemnt i teksten over er slekta Sylvia i si noverande form ikkje monofyletisk.

Sylvia etter The Clements Checklist of Birds of the World, sjette utgåve, revisjon 6.8 av august 2013 på Internett.[3] med artsnamn på norsk språk etter Norske navn på verdens fugler.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Alström, Per; Ericson, Per G.P.; Olsson, Urban & Sundberg, Per (2006): Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015
  • Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. (editors). (2006). Handbook of the Birds of the World. Volume 11: Old World Flycatchers to Old World Warblers. Lynx Editions. ISBN 84-96553-06-X.
  • Helbig, A. J. (2001): The characteristics of the genus: Phylogeny and biogeography of the genus Sylvia. In: Shirihai, Hadoram: Sylvia warblers: 24–28. Princeton University Press, Princeton, N.J. ISBN 0-691-08833-0
  • Jønsson, Knud A. & Fjeldså, Jon (2006): A phylogenetic supertree of oscine passerine birds (Aves: Passeri). Zoologica Scripta 35(2): 149–186. doi::10.1111/j.1463-6409.2006.00221.x (HTML samanfatting)'

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Helbig 2001, Jønsson & Fjeldså 2006
  2. Cibois 2003, Alström et al. 2006
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 3. november 2013 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)