Fuglevikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fuglevikke


Status i Noreg: LC Livskraftig

Cow vetch2.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fabales
Familie: Fabaceae
Slekt: Vicia Vikkeslekta
Art: V. cracca
Vitskapleg namn
Vicia cracca
L., 1753
Vicia cracca

Fuglevikke (Vicia cracca) er ei plante i ertefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Planta er 4 dm høg og har ein grann greina stengel med korte liggjande hår, 8-10 par småblad utan tydeleg midtnerve på oversida. Blomstane er blåfiolette, 15 mm lange, ofte 30-40 i klasen. Skolmen er 2-3 mm brei med 5-8 frø. Fuglevikke blømer kring juni i bakkar, småskog og i åkrar. Vanleg over heile Noreg, funnen på Dovrefjell opp til 1050 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.