Fugloy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fugloy på kart over Færøyane

Fugloy, Fugleøya, er ei av dei 18 øyane som utgjer Færøyane og er ei av dei seks nordøyene, Norðoyggjar.

Flatevidda er 11,2 km², og det bur 45 innbyggjarar på øya (2002). Det høgaste fjellet er Klubbin (621 moh).

Fugloy er den minste av Nordøyane og ligg lengst nordaust i øyriket. Saman med naboøya Svínoy, som ligg på den andre sida av fjorden Fugloyarfjørður, har den daglege ferjesamband med HvannasundViðoy. I tillegg vert Fugloy tre gonger for veka vitja av den færøyske helikopterruta.

Fugloyer er eit godt utgangspunkt for ornitologiske ekspedisjonar, eller berre turgåing med litt fuglekikking.

7. desember 1941 sokk dampskipet SS Sauternes i Fugloyarfjørður.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • P.O. Hansen: Fuglø Odense: OAB-Tryk, 1983 (på dansk, 78 illustrerte sider, dels i fargar, 22x30 cm)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]