Fulehuk fyrstasjon
Fulehuk fyr, om lag 1920. | |||
Fylke | Vestfold | ||
---|---|---|---|
Kommune | Færder | ||
Oppretta | 1821 | ||
Koordinatar | 59°10.5385′N 10°35.9563′E / 59.1756417°N 10.5992717°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 3,8 | ||
Form | Raudt tårn med to kvite belte | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande blink kvart 6. sekund | ||
Lyshøgd | 10,0 moh. | ||
Lysvidde | 6,8 nm | ||
Status | |||
Eigar | Nøtterøy kommune | ||
Nedlagt | 1989 | ||
Vernestatus | Ikkje freda | ||
Fulehuk fyrstasjon 59°10′31″N 10°35′57″E / 59.17527778°N 10.59916667°E | |||
Fulehuk fyrstasjon er eit fyr som ligg på skjeret Fulehuk på vestsida av Oslofjorden som det austlegaste punktet i Færder kommune i Vestfold.
Fyrlykta vart tent 1. november 1821. I 1841 vart fyret det første i landet med tåkeklokke. Klokka vart bytta ut både i 1879 og 1885, den siste gangen på grunn av eit havari på skjeret. I 1912 vart det sett opp eit naust, og fyret fekk elektrisitet i 1938. I 1989 vart Fulehuk fyr sløkt og erstatta av Hollenderbåen fyrlykt.
Den opphavlege fyrvaktarbygningen var bygd av stein og var på ein etasje. I 1910 vart fyret påbygd med ein etasje i tre. Fulehuk står ikkje på Riksantikvaren si liste over verneverdige fyrstasjonar. I periodar budde òg fyrvaktarane sine familiar på fyret.
I 2005 kjøpte Nøtterøy kommune fystasjonen Fulehuk av Kystverket. Ei veneforeining, Fulehuks Venner, har tatt på seg ansvaret for vedlikehaldet av stasjonen.
Stadnamnet Fulehuk[endre | endre wikiteksten]
Opphavet til stadnamnet Fulehuk er omstridd. Det kjem truleg frå nederlandsk (Vuile Hoek = Det farlege neset), og har då ikkje noko med fuglar å gjere. Den språklege parallellen i norsk er ordet ful, som tyder skummel.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Fulehuk fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Nøtterøy kommune (2002). Rundt deg blåner fjorder... vakre Nøtterøy ISBN 82-991504-2-6
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.