Fullerjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fullerjord eller bleikejord er eit naturleg mineralprodukt som er danna ved forvitring av glashaldig vulkansk oske eller tuff (bentonitt). Det vert nytta til regenerering av smøreolje, avfarging av feitt og oljer og spesielt ved oljeboring. Den aktive substansen er det sterkt absorberande leirmineralet montmorillonitt.

Namnet kjem av det engelske ordet fulling, norsk valking, som gjekk ut på det å krympe og tjukne klede under vasking med denne leira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]