Fullsirkulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk blandingsmønster for ein dimiktisk innsjø.

Fullsirkulasjon er ein tilstand i ein innsjø om våren og hausten då heile vassmassen sirkulerer fritt. Ferskvatn har størt tettleik ved ein temperatur på 4 ºC. Temperaturen i overflatelaget er gjerne lågare enn 4 ºC om vinteren, og når eventuell is smeltar og temperaturen i overflata stig til kring 4 ºC vil vårfullsirkulasjonen starte og varer til det er danna ei termisk lagdeling i innsjøen, kalla sommarstratifikasjon. Utover hausten vil temperaturen i overflata vert gradvis avkjølt, og når temperaturen igjen kjem kring 4 ºC, startar haustfullsirkulasjonen og varer fram til temperaturen i overflata igjen er vorte under 4 ºC og dermed lettare. Dette fører etter kvart til vinterstagnasjon.

Ein innsjø som har to slike fullsirkulasjonar kvart år vert kalla dimiktiske.

Under vårfullsirkulasjonen er vassmassane fullstendig ustabil med same temperatur frå overflate til botn. I tillegg før vind på overflata til vertikale straumar eller turbulens som når heilt ned til botn. Fullsirkulasjonar er viktige for vasskvaliteten, sidan dei gjer det mogeleg med ei fullstendig utlufting av dei djupaste vassmassane i innsjøane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Fullsirkulasjon» i Store norske leksikon, snl.no.