Fun House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Funhouse
Studioalbum av The Stooges
Utgjeve 7. juli 1970
Innspelt 10. mai - 24. mai 1970
Elektra Sound Recorders, LA
Sjanger Protopunk, garasjerock, hardrock, punkjazz
Lengd 36:35
Selskap Elektra
Produsent Don Gallucci
Kritikk
The Stooges-kronologi
The Stooges
(1969)
Funhouse Raw Power
(1973)

Fun House er det andre albumet til det amerikanske rockebandet The Stooges. Sjølv om albumet i starten selde dårleg utvikla Fun House ein sterk tilhengjarskare og som etterfølgjaren Raw Power frå 1973 vert det i rekna som ein særs viktig del i utviklinga av punkrock.[10]

I 1999 gav Rhino Records ut den begrensa plateboksen 1970: The Complete Fun House Sessions, som inneheldt kvart einaste opptak av alle songane frå alle dagane i studioet, samt singelversjonane av «Down On The Street» og «1970».

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Jac Holzman i Elektra Records meinte at MC5 hadde større potensiale enn the Stooges, gjorde han det viktige grepet om å la tidlegare Kingsmen-keyboardist Don Galluci produsere albumet. Galluci hadde sett gruppa på konsert og sa til Holzman at det var ei interessant gruppe, men at han ikkje trudde ein kunne få den kjensla ned på lydband. Holzman sa at det ikkje gjorde noko fordi han alt hadde bestilt tid i platestudio i L.A. Albumet vart spelt inn i Elektra Sound Recorders i Los Angeles i California frå 11. mai 1970 til 25. mai 1970.[11] Planen til Galluci som produsent var å spele inn eit dusin forsøk av kvar song kvar dag og plukke ut dei som skulle vere med på albumet. Den første dagen bestod av lydsjekk og ein gjennomgang av songane dei hadde førebudd. Heile bandet nytta øyretelefonar med bass og trommer isolerte av lydskjermar, medan Iggy song gjennom ein kondensormikrofon på stativ.[12] Resultatet var i følgje bandet forferdeleg. Dei merka seg atmosfæren i studio med lyddemparar og isolatorar. For å oppnå visjonen til the Stooges og Galluci, fjerna dei alt slikt frå studioet for å få ei konsertkjensle. I følgje Galluci sette dei så opp bandet slik dei normalt ville ha gjort på ein konsert. Til dømes song Iggy vokalen gjennom ein handheldt mikrofon og gitar- og bassforsterkarane var plasserte side om side.

Iggy Pop indikerte at Howlin' Wolf var «verkeleg relevant for meg på Fun House. Det greiene er Wolfy, i det minste slik eg kunne gjere det»[13]

The Stooges hadde tenkt å nytte «Loose» som opningsspor, men Elektra, meinte at «Down On The Street» ville vere ein sterkare opningslåt.[14]

Ein alternativ versjon av «Down On The Street» med eit Doors-aktig orgel oppå av Gallucci, vart teken frå albumet og gjeven ut som singel.[14] Singelen kom ut same månad som Fun House, og gjorde det noko betre på listene.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har omtalt Fun House som favorittalbumet sitt, som Joey Ramone, Mark E. Smith, Jack White, Nick Cave, Henry Rollins (i lag med The Velvet Underground sitt White Light/White Heat), Buzz Osborne frå Melvins,[15]

I 2003 vart albumet rangert på 191. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[16]

I 1998 plasserte det Paris-baserte musikkmagasinet Rock & Folk Fun House øvst på deira «discothèque idéale».

I 2010 vart Fun House rangert på 25. plass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaralbuma.[17] Songen «Dirt» vart rangert på 46. plass på lista deira over dei 50 beste gitarsoloane.[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av The Stooges. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Down on the Street»   3:42
2. «Loose»   3:33
3. «T.V. Eye»   4:17
4. «Dirt»   7:00
Side to
# Tittel Lengd
5. «1970» (òg kjend som «I Feel Alright») 5:14
6. «Fun House»   7:45
7. «L.A. Blues»   4:52

2005-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate ein:

  1. "Down on the Street" – 3:43
  2. "Loose" – 3:34
  3. "T.V. Eye" – 4:17
  4. "Dirt" – 7:03
  5. "1970" – 5:15 (also known as "I Feel Alright")
  6. "Fun House" – 7:47
  7. "L.A. Blues" – 4:57

Plate to:

  1. "T.V. Eye" [Takes 7 & 8] – 6:01
  2. "Loose" [Demo] – 1:16
  3. "Loose" [Take 2] – 3:42
  4. "Loose" [Take 22] – 3:42
  5. "Lost in the Future" [Take 1] – 5:50
  6. "Down on the Street" [Take 1] – 2:22
  7. "Down on the Street" [Take 8] – 4:10
  8. "Dirt" [Take 4] – 7:09
  9. "Slide" (Slidin' The Blues) [Take 1] – 4:38
  10. "1970" [Take 3] – 7:29
  11. "Fun House" [Take 2] – 9:30
  12. "Fun House" [Take 3] – 11:29
  13. "Down on the Street" (Single mix)  – 2:43
  14. "1970" (Single mix)  – 3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deming, Mark. Fun HouseAllmusic. Henta August 12, 2011.
  2. Ross, Dalton (April 2007). «Iggy & The Stooges - "The Weirdness" review». Entertainment Weekly. http://www.superseventies.com/extra_07_4.html. Henta 15. okt. 2011. 
  3. Tangari, Joe (August 17, 2005). «Album Reviews: The Stooges: The Stooges/Fun House». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen den September 18, 2008. http://web.archive.org/20080918170851/pitchforkmedia.com/article/record_review/22357/The_Stooges_The_Stooges_Fun_House. Henta 15. okt. 2011. 
  4. «The Stooges - Fun House review». Punknews.org. December 20, 2002. http://www.punknews.org/review/1522. Henta 15. okt. 2011. 
  5. «Consumer Guide: The Stooges reviews». Robert Christgau. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=1548&name=The+Stooges. Henta 15. okt. 2011. 
  6. Burton, Charles (October 29, 1970). «The Stooges: Fun House: Music review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den April 26, 2009. 
  7. Weisbard & Marks, 1995. s.378
  8. «The Stooges - Fun House (album review)». Sputnikmusic. October 5, 2005. http://www.sputnikmusic.com/album.php?albumid=556. Henta 15. okt. 2011. 
  9. McNally, Patrick (August 18, 2005). «The Stooges - The Stooges/Fun House review». Stylus Magazine. http://www.stylusmagazine.com/reviews/the-stooges/the-stooges-fun-house.htm. Henta 15. okt. 2011. 
  10. http://www.amazon.com/Funhouse-Stooges/dp/B000005IU2
  11. Funhouse Booklet 2005 deluxe edition s. 13-14
  12. http://www.mixonline.com/mag/audio_rocking_studio_stooges/%7C Recalling of the Funhouse sessions online article in MIX magazine
  13. «Iggy Pop: Chicago Blues». Rolling Stone (1119): 59. December 9, 2010. 
  14. 14,0 14,1 Edmonds, Ben. Liner notes of 1970: The Complete Fun House Sessions. Los Angeles: Rhino Entertainment dba Rhino Handmade, 1999
  15. Kerr, Dave (October 27, 2009). «A Muso's Top 10: Melvins». The Skinny. http://www.theskinny.co.uk/article/45468-a-musos-top-10-melvins. Henta 15. okt. 2011. 
  16. «The 500 Greatest Albums of All Time: 191) Fun House». Rolling Stone. November 1, 2003. Arkivert frå originalen den June 14, 2009. 
  17. «Gibson.com’s Top 50 Gitar Albums of All Time – 30-21». Gibson. July 28, 2010. http://www.gibson.com/en-us/Lifestyle/Features/top-50-gitar-albums-0728/. Henta 15. okt. 2011. 
  18. «Gibson.com’s Top 50 Gitar Solos of All Time – 50-41». Gibson. September 20, 2009. http://www.gibson.com/en-us/Lifestyle/Features/top-50-gitar-solos-0920/. Henta 15. okt. 2011. 


192:
 The Gilded Palace of Sin 
The Flying Burrito Brothers
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
191

The Stooges – «Fun House»

190:
 From Elvis in Memphis 
Elvis Presley