Funchal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Funchal
Funchal Pico da Cruz.jpg
Flagget til Byvåpenet til
Flagget til Byvåpenet til


Styresmakter
Land Portugal Portugal
Region Madeira
Distrikt Madeira
Grunnlagd 1421
Borgarmeister Miguel Filipe Machado de Albuquerque
Geografi
Flatevidd
 - By

75,7 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

100 847
  1 332,2 /km²
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.cm-funchal.pt

Funchal er den største byen og hovudstaden på Madeira i Portugal. Byen har om lag 100 000 innbyggjarar og med nabokommunane dekkjer området 150 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagd av João Gonçalves Zarco i 1421 og fekk bystatus av kong Manuel I i 1508.

I dag er Funchal ein moderne by som ligg i eit unikt område. Landskapet rundt dannar eit slags «amfiteater» kring byen, som startar ved hamna og stig nesten 1200 meter opp åssidene. Landskapet dannar eit naturleg vern omkring byen og trekte til seg dei første nybyggjarane.

Funchal har vore hovudstad på Madeira i meir enn 500 år og skal visstnok ha fått namnet sitt på grunn av dei store mengdene fenikkel (funcho- på portugisisk) som veks der.

Selvagensøyane, som ligg 160 km sør for Funchal er ein del av Funchal kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1400-talet var Álvaro Fernandes kommandant i Funchal.

1500-talet var Funchal ein viktig stoppestad mellom India og Den nye verda og vart kjend som ein velståande stad. Her vart òg sukker og Madeiravin transport ut.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]