Funcom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Funcom
Org.formAksjeselskap (OSE: FUNCOM)
Org.nr.925209171
BransjeDataspelindustrien
Skipa1993
EigarTencent[1]
HovudkontorOslo
LandNoreg
ProduktDataspel
Adm.dir.Rui Casais
Tilsette302 (2008)
Nettstadhttp://www.funcom.com (engelsk)

Funcom er eit norsk dataføretak som vart starta i 1993 av Erik Gløersen, Tyr Neilsen, Andre Backen, Gaute Godager, og Olav Mørkrid. Selskapet er kjend for dataspel som «Drømmefall», «Age Of Conan» og det nettbaserte rollespelet «Anarchy Online». Av dei opphavlege grunnleggarane er berre Gaute Godager igjen inne i selskapet.

Funcom vart registrert på Oslo Børs den 13. september 2005. I 2006 hadde selskapet rundt 180 tilsette, med omtrentleg 120 som held til i Oslo.

Den 14. mars i 2007 sendte selskapet ut ei pressemelding der dei gjekk inn for berre å selje spel som treng internett for godkjenning. Grunnen skal vere ulovleg nedlasting som har gjeve store tap.[2]

Lanserte spel[endre | endre wikiteksten]

Tittel Kom ut Sjanger Plattform Merknad
A Dinosaur's Tale 1994 Eventyr Mega Drive/Genesis
Daze Before Christmas 1994 Action Mega Drive/Genesis, SNES
Fatal Fury Special 1995 Slostespel Mega-CD Porta av Funcom
Samurai Shodown 1995 Slostespel Mega-CD Porta av Funcom
Disney's Pocahontas 1996 Eventyr Mega Drive/Genesis
Nightmare Circus 1996 Action Mega Drive/Genesis
Winter Gold 1996 Idrettsspel SNES
DragonHeart: Fire & Steel 1996 Action PC, PlayStation, Sega Saturn
Impact Racing 1996 Resarspel PlayStation, Sega Saturn Utvikla av Funcom Dublin
Casper 1996 Problemløysingseventyr Sega Saturn
NBA Hangtime 1997 Idrett Mega Drive/Genesis
Speed Freaks 1999 Resarspel PlayStation Utvikla av Funcom Dublin
The Longest Journey 1999 Eventyr PC
CMX 1999 Resarspel PlayStation Utvikla av Funcom Dublin
No Escape 2000 Skytespel PC
Anarchy Online 2001 MMORPG PC
Dreamfall: The Longest Journey 2006 Eventyr PC, Xbox
Age of Conan: Unchained 2008 MMORPG PC
Age of Conan: Rise of the Godslayer 2010 MMORPG PC Den første utvidingspakken for Age of Conan
The Secret World 2012 MMORPG PC
Fashion Week Live 2012 Facebookspel Facebook Motebasert sosialt spel
Pets vs. Monsters 2012 MMORPG PC, Mac OS X
Lego Minifigures Online 2015 MMORPG PC, Android, iOS Utvikla av Funcom Oslo
The Park 2015 Eventyr PC, PS4, Xbox One Utvikla av Funcom Oslo
Hide and Shriek 2016 Fleirspelar PC Utvikla av Funcom North Carolina
Secret World Legends 2017 MMORPG PC Utvikla av Funcom North Carolina
Conan Exiles 2018 Overlevingsspel PC, PS4, Xbox One[3] Utvikla av Funcom Oslo
Mutant Year Zero: Road to Eden 2018 Turbasert strategispel PC, PS4, Xbox One Utvikla av The Bearded Ladies[4]
World Heroes CD Kansellert Slostespel Mega-CD
Midgard Kansellert MMORPG PC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spel frå Funcom