Fundamentalistiske Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det tidlegare tempelet til Fundamentalistiske Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage på YFZ Ranch ved Eldorado i Texas.

Fundamentalistiske Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage (engelsk: Fundamentalist Church of Jesus Christ of Latter-Day Saints eller FLDS Church) er eitt av dei største fundamentalistiske mormonkyrkjesamfunna i USA,[1][2] og ein av dei største organisasjonane i USA der medlemmene framleis praktiserer polygami.[3]

Kyrkja oppstod på byrjinga av det 1900-talet då ho blei grunnlagt av medlemmar som hadde forlate Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage, også kjent som mormonkyrkja. Denne splitten mellom dei to samfunna skjedde i stor grad fordi Jesu Kristi Kyrkje ikkje praktiserte polygami og dei bannlyste alle medlemmane frå kyrkja som framleis ville fortsette denne praksisen. Det fundamentalistiske kyrkjesamfunnet er anslått å ha mellom 6000 og 10 000 medlemmar.

Kyrkja meiner blant anna at ein mann skal ha minimum tre koner for å ha noka moglegheit for koma inn i himmelriket når dei døyr, og jo fleire koner ein mann har, jo større moglegheit har mannen for å koma inn i himmelen. Kyrkja krev også at konene må vera underordna ektemennene sine. Kyrkja praktiserer også ein regel som seier at ei ung kvinne i gifteferdig alder skal tildelast ein mann etter openberring frå Gud til personen som er leiar for kyrkja. Leiaren blir nærmast rekna som ein profet.

Fundamentalist Church of Jesus Christ of Latter-Day Saints hadde opphavleg hovudkvarteret sitt i Short Creek i Arizona i nærleiken av grensa til Utah. Hovudkvarteret blei i 2004 flytta til Eldorado i Texas, der eit nytt tempel blei bygd av kyrkjemedlemmane. Kyrkja blei i mange år leidd av Rulon Jeffs, fram til 2002. I hans seinare år førte skrantande helse til at sonen Warren fungerte som leiar av kyrkja i hans stad, og etter at faren døydde i september 2002 blei Warren Jeffs ny leiar av kyrkja.

I nesten to år var Warren Jeffs etterlyst for sex-lovbrot. Frå mai 2006 til han blei arrestert av politiet i august 2006, stod Warren Jeffs oppført på FBI si liste over dei ti mest ettersøkte. Den 25. september 2007 blei Jeffs funnen skuldig i to tilfelle av å vera medskuldig i valdtekt. Han blei dømt til fengselsstraff, men straffa blei seinare oppheva, og Jeffs blei sleppt fri. 28. januar 2011 sat Jeffs igjen som leiar av kyrkjesamfunnet. Warren Jeffs har sidan den gongen blitt dømt til livsvarig fengsel for fleire grove seksuelle overgrep, fleire av dei mot mindreårige.

Innbyggjarane i områda der kyrkjesamfunnet står sterkt, har ei lang historie med å praktisera polygami, og fleire tilfelle kan daterast tilbake til midten av det 1800-talet. Det finst mange ulike tolkingar og meiningar blant leiarane i kyrkjesamfunnet om korleis fleirgifte bør praktiserast. Desse usemjene leiarane imellom har fleire gonger ført til splittingar som har lagt grunnlag for fleire fundamentalistiske organisasjonar som framleis eksisterer fleire plassar i USA. I 2003 fekk kyrkjesamfunnet merksemd i delstaten Utah då ein politimann og kyrkjemedlem, blei dømt for ulovleg seksuell åtferd med ein 16-åring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krakauer, Jon (2003). Under the Banner of Heaven. New York: Random House. ISBN 1-4000-3280-6. 
  2. Winslow, Ben (August 1, 2007). «37,000 'Fundamentalists' Counted in and Near Utah». Deseret News. Arkivert frå originalen 24. september 2014. Henta 1. september 2018. «The FLDS are now believed to have only 8,000 members.» 
  3. Adams, Brooke (August 9, 2005), «LDS Splinter Groups Growing», The Salt Lake Tribune, henta 8. januar 2014