Sopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fungus)
Soppriket
Lactarius hepaticus, ein storsopp
Lactarius hepaticus, ein storsopp
Systematikk
Overrike: Eukaryotar Eukaryota
Rike: Soppriket Fungi
R.T.Moore, 1980

Sopp (Fungi) er ei stor gruppe heterotrofe, eukaryote organismar som lever over heile verda. Dei høyrer korkje til planteriket eller dyra, men er eit rike for seg sjølv.

Dei fleste sopp er mikroskopiske, men somme dannar store fruktlekamar for å spreie spora sine. Det er desse me vanlegvis forbinder med ordet.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Nokre soppar er parasittar («snyltesopp») medan andre er saprofyttar («råte- og strøsoppar» som bryt ned daudt organisk materiale). Mange sopp får dessutan næringa si frå samarbeid med andre organismar; særleg økologisk viktig er mykorrhizasopp, som lever i eller rundt røtene av plantar. Lav er eit anna døme på symbiotisk sopp.

Dei fleste soppar lever likevel av detritus; daudt organisk materiale. Stort sett tyder dette planter, men det er òg mange artar som lever av og på dyr.

Systematikk og klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har soppane vorte handsama av botanikarar, men nyare analyser av mellom anna DNA har vist at dei i røynda er nærare i slekt med dyra. Mange grupper, som eggsporesopp og slimsopp har dessutan vist seg ikkje å vera sopp i det heile.

Moderne klasifikasjon reknar med ei rekkje rekkjer av sopp; dei viktigaste er mikrosporidiar (Microsporidia), algesopp (Chytridiomycota), koplingssopp (Zygomycota), arbuskulær mykorrhizasopp (Glomeromycota), sekksporesopp (Ascomycota) og stilksporesopp (Basidiomycota).

Sopp som mat[endre | endre wikiteksten]

Sjampinjong er ein matsopp.

Det finst mange artar av sopp som har fruktlekamar som kan brukast til mat. Matsopp består av mellom 75 og 93 prosent vatn, men kan gje viktige tilskot av protein, mineraler og vitamin.[1] Døme på matsoppar er sjampinjong, kantarell, trøffel, steinsopp, sauesopp og nokre typar piggsopp. Mange andre soppar er giftige, til dømes raud, kvit og grøn flugesopp, og spiss giftslørsopp. Dersom ein plukkar sopp sjølv må ein vera sikker på at det er matsopp før bruk.

Den viktigaste soppen i matlaging er nok likevel gjær, som vert nytta både i bakst, Surmjølk og til gjæring av alkohol.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Høiland, Klaus (16. mai 2021). «matsopp». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sopp