Fungus Rock

Koordinatar: 36°02′45″N 14°11′27″E / 36.04583°N 14.19083°E / 36.04583; 14.19083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fungus Rock i desember 2002
Fungus Rock i februar 2007

Fungus Rock (maltesisk Il-Ġebla tal-Ġeneral, «Generalen si klippe»), er ein holme av kalkstein som stikk 60 meter opp av havet ved inngangen til ein nesten sirkelforma svart lagune i Dwejra på øya Gozo ved Malta. Holmen høyrer til kommunen St. Lawrence.

Ein general i Maltesarordenen oppdaga visstnok ei sjeldan rotfrukt, Fucus coccineus melitensis, kalla Maltasopp, på toppen av klippa. Planta vert feilaktig kalla ein sopp. Ein meinte at den illeluktande planta visstnok skulle ha medisinske eigenskapar og riddarane nytta han som blodstillande middel og for å kurere dysenteri. Han var så dyrverdig at han ofte vart gjeve som ei verdifull gåve til adelsfolk og andre vitjande på Dei maltesiske øyane. Stormeister Pinto la forbod mot å gå i land på holmen i 1746 og dei som braut forbodet vart straffa med tre år som galleislave for riddarane. For å verne om holmen og planta vart det derfor plassert ei vakt her og bygd ei vaklande taubanekorg til klippa frå fastlandet som ligg 50 meter unna. Seinare vart det derimot oppdaga at Fucus coccineus melitensis ikkje har nokon medisinske eigenskapar i det heile tatt.

I dag er Fungus Rock framleis eit naturreservat, men kystlinja nær klippa og sjøen rundt er fritt tilgjengeleg for både badeturistar og dykkarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

36°02′45″N 14°11′27″E / 36.04583°N 14.19083°E / 36.04583; 14.19083