Funksjonær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein resepsjonist i Stockholm

Ein funksjonær, av latin funkctio, 'utføre ei arbeidsoppgåve', er ein arbeidstakar som er sysselsett med forvaltingsoppgåver. Ein funksjonær produserer tenester, ikkje varer, og derfor vert han også kalla for ein tenestemann.

Den typiske arbeidsplassen for ein funksjonær er på eit kontor. Tradisjonelt meinte ein at funksjonæren utførte papirarbeid, men i dag føregår vel så mykje av arbeidet til ein funksjonær på ein datamaskin.

Arbeidssituasjonen til ein funksjonær har tradisjonelt skilt seg mykje frå arbeidssituasjonen til ein kroppsarbeidar. Arbeidet er reinsleg, derav uttrykket kvitsnipparbeidar. Inndeling i dei to gruppene kroppsarbeidarar og funksjonærar legg til grunn at det er eit skart skilje mellom produksjon og forvalting i eit føretak. Medan kroppsarbeidarane, «folket på golvet», har meint at deira interesser står i motsetnad til interessene til eigaren av føretaket, har funksjonærane oftare identifisert seg med føretaksleiinga. Medan den tradisjonelle kroppsarbeidaren var utan utdanning eller hadde praktisk opplæring, har utdanningsnivået variert mykje i funksjonærgruppa.

Gjennom heile 1900-talet steig talet på funksjonærar kraftigare enn talet på kroppsarbeidarar, samtidig som det vart vanskelegare å definere eit klart skilje mellom desse yrkesgruppene. I dag er dei fleste arbeidstakarane sysselsette anten i servicenæringareller i offentleg tenesteyting. Etter 1960 har det i offentleg statistikk ikkje vore skild mellom desse yrkesgruppene i norsk offentleg statistikk.


Kjelde[endre | endre wikiteksten]