Funksjonshemming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stolt – sterk – synleg; frå Stolthetsparaden 2008 i Oslo
Krøplingane måla av Pieter Bruegel den eldre. Funksjonshemmingar kan vera svært synlege, men mange er meir skjulte.
Tilrettelegging som heisar og ramper for rullestolbrukarar og bakkemønster for synshemma kan gjera det lettare for funksjonshemma å delta i samfunnet.

Funksjonshemming, funksjonsnedsetting eller handikap viser til ulike former for nedsett arbeids- eller funksjonsevne på grunn av psykiske, fysiske eller sosiale årsaker hos eit individ eller i omgjevnadene. Funksjonshemmingar kan vera lett synlege, som når ein kan sjå at ein lem manglar eller manglar funksjon, men mange er vanskelege å merka, til dømes når det gjeld astma, dysleksi og mange psykiske lidingar.

Funksjonshemmingar er også avhengige av situasjon. Lese- og skrivevanskar er ikkje synlege der ein ikkje bruker skrift. Blinde kan snakka på telefon utan at ein merkar at dei er blinde. Om nokon ikkje kan gå treng dei ikkje ha problem når dei sit eller køyrer. Behandling av funksjonshemming kan dermed føregå på to måtar: Ein kan prøva forbetra evnene dei funksjonshemma manglar gjennom hjelpemiddel eller terapi (til dømes briller, høyreapparat eller proteser), eller å gjera eit samfunn meir tilpassa ulike funksjonshemmingar, til dømes gjennom universell utforming.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan dela inn funksjonshemmingar på ulike måtar. Ein vanleg måte er denne:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonar[endre | endre wikiteksten]